fredag 22. august 2014

Dagens Næringslivs venstre og høgre hand

Eg sende dette lesarinnlegget til DN 8. juli (i år) og fekk svar i dag, 22. august! Her er innlegget det tok DN 32 arbeidsdagar å finna ut at dei ikkje ville ha:

DNs venstre og høgre hand
DNs venstre hand ser ikkje ut til å ha særleg kjennskap til kva den høgre handa driv med, og omvendt. I fleire saker har DN sett søkjelyset på urovekkjande tilstandar utan at avisa sine meiningar av den grunn let seg påverka nemneverdig.

Eit eksempel er farlege bakteriar i kylling- og svineproduksjonen og den skremmande utviklinga mot antibiotikaresistens. Desse produksjonane er dei mest industrialiserte i jordbruket. Ein av grunnane til at situasjonen er betre i Norge enn i mange andre land, om enn urovekkjande, er at me framleis har mindre besetningar og mindre grad av industrialisering.

Når landbruks- og matminister Sylvi Listhaug no hevar konsesjonsgrensene for å få endå større bruk, jublar DNs høgrehand på leiarplass. De meiner vel eigentleg det går for sakte og blir for smått, og skulle gjerne sett endå meir frislepp. Det er ikkje lett å forstå korleis DN kan konkludera slik ut frå dei ganske skremmande artiklane de har hatt om problema i dei nemnde produksjonane.

Det er venstrehandsarbeidet som gjer at eg framleis er DN-abonnement, sjølv om eg ofte riv meg i håret over kommentarar og leiarartiklar. Eg er djupt ueinig i DNs grunnsyn, men de har dyktige journalistar som trass alt gjer det verdt å lesa avisa. Eg saknar likevel ein betre samanheng mellom den undersøkjande journalistikken og meiningane til avisa.

Ingen kommentarer: