tirsdag 27. mai 2014

Bitcoin 2014 - dag 2

Bitcoin 2014 i Amsterdam, her frå avslutninga av konferansen
Eg delar referata frå Bitcoin 2014 i Amsterdam i to innlegg og det stemmer ikkje nødvendigvis med programmet. 17. mai var også programdag, frå 09.00 - 17.00, så tid til tog i Amsterdam vart det ikkje. Ikkje veit eg om det var 17. mai-tog i byen heller. Det einaste eg la merke til på konferansen, var at Google feira dagen med ein flott Eidsvolls-logo.

Bloggar Nate Murray har skrive stikkordprega referat frå ein del av konferansen. Her er referata hans frå dag 1 og dag 2.

Her er videoar frå konferansen lagt ut på YouTube.

Kva kan me læra av historia om pengar?

"History of Money & Lessons for Digital Currencies Today" var den lovande tittelen på ein av paneldebattane laurdag. Dessverre stod ikkje resultatet av debatten i stil med tittelen. Panelet var dominert av Bitcoin-entusiastar og då blir ikkje debatten særleg spennande.

På spørsmålet om ikkje historia har vist at sentralisering av (penge-)system er nærmast uunngåeleg, svarte Konrad Graf (akademikaren i panelet) at det er handel som eventuelt blir sentralisert, så følgjer pengesystemet etter. Først handel, så pengar, det er det viktig å få med seg! Historisk har nesten alt kunna brukast til pengar. Det er handel og byte av varer og tenester som er det sentrale, og at desse er tilstrekkeleg "likvide" til lett å kunna omsetjast. "There’s no other way for a medium of exchange to arise other than the attribute of liquidity" - den einaste måten eit bytemiddel [pengar] kan oppstå på, er tilstrekkeleg likviditet.

Aktuell litteratur: "The Ethics of Money Making" (bok) og "On the Origins of Money" av Carl Menger.

I paneldebatten sakna eg økonomar som ikkje har tru på Bitcoin eller andre digitale valuta. Diskusjonane blir fort einsidige med berre tilhengjarar av kryptovaluta.

Toni Gallippi, Bitpay: "Driving Merchant Adoption"

Bitpay er eit av dei nye Bitcoin-selskapa i kraftig vekst. Dei vart etablerte i 2011 og er slik ei av dei eldste bedriftene i Bitcoin-sirkuset (!). Hovudbase er Atlanta, men dei har nyleg også etablert eit kontor i Amsterdam der dei for tida har tre tilsette, men vil auka. Totalt er dei rundt 40 tilsette i Bitpay, men har planar om å auka til over 100 i løpet av året. Nederland vart valt av dei same grunnane som er nemnde tidlegare (sjå innleiinga første dag).

Merchant Processing er den einaste forretningsideen; bedrifta skal hjelpa andre bedrifter å ta i bruk Bitcoin som betalingsmiddel. Bitpay gjer det så enkelt som muleg for bedrifter å ta i bruk Bitcoin. Dei har laga integrasjonsmodular til dei fleste populære netthandel-tenester og gjort det enkelt å ta i bruk den nye valutaen. Dei tilbyr også rapporteringstenester til skattemyndigheitene og lettar den delen av jobben også.

Kredittkort ikkje laga for nettbruk
Gallippi viste eit American Express-kort frå 1959 og sa at den einaste innovasjonen som har skjedd med dette og andre kredittkort er at det har fått ei magnetstripe og ein kontrollkode (CVC). I Europa har korta etter kvart også fått chip, og dermed større sikkerheit, men ikkje i USA (USA er eit uland når det gjeld betalingsformidling, kanskje det er difor Bitcoin oppstår der?).

Kvifor skal bedrifter ta i bruk Bitcoin?
- lågare risiko (mindre svindel)
- lågare kostnader
- selja globalt (plutseleg er heile verda marknaden)

Dei har no over 30 000 kundar (merchants) verda over, dei fleste i USA.

BIP 0021: Bitcoin i URL
BIP 0070-73: Payment protocol

Bitcore: Bibliotek utvikla i Javascript
Insight: Block chain explorer
Copay: Multisignatur-plattform

Multisignaturar vil auka sikkerheita mykje, men er framleis lite brukt.
Bitcoin Payroll API: Lønnsutbetalingar i Bitcoin. Tilsette i BitPay kan velja å få lønna utbetalt i Bitcoin, heilt eller delvis (Toni har valt å få alt utbetalt i Bitcoin..)

"All inclusive"-prising: Fast månadleg pris, startar på US $30
Det er ingen transaksjonskostnader for det er ikkje handteringa av Bitcoin dei vil tena pengar på, men tilleggstenester og påbygg.

State of the Bitcoin Mining "Arms Race"

Paneldebatt:
Michael Terpin, SocialRadius (paneldebatt-leiar)
Marco Streng (Genesis Mining)
Benny Gorlick (Cloud Hashing)
Josh Zerlan (Butterfly Labs)
Sam Cole (KnC Miner)
Geroge Kikvadze (Bitfury)
Jez San (CoinTerra)

Debattleiaren opna med at det sannsynlegvis var meir peta-hash samla i dette panelet enn nokon annan stad i verda!
Utfordringa var som tittelen seier "våpenkappløpet" mellom mining-selskapa. Og det er eit formidabelt race - i dag er det 8,8 milliardar ganger vanskelegare å løysa hash-funksjonane i Bitcoin-systemet enn det var i starten. Ikkje å undrast over at dette har vorte eit spesialisert felt, både for utviklarar av "grave"-utstyr og for brukarar av dei. Tida for "heime-graving" er definitivt over [ikkje alle var einige i det, nokre meinte at det vil vera rom for heime-graving, men i litt andre former enn tidlegare].

Mining-prosessen er lineær; til meir ressursar til større utbyte. Men dei som er i bransjen må gradvis førebu seg på ei endring. Belønningsdelen som no er på 25 Bitcoin pr. ny blokk kvart 10. minutt, vil gå ned til 12,50 i 2017 og ei ny halvering kvart fjerde år. Etter kvart som belønninga blir redusert, må transaksjonsprisen gå opp for å finansiering gravinga og dermed sikkerheita i systemet.

51%-angrep er ein mykje diskutert trussel i Bitcoin. Dersom du kontrollerer meir enn halvparten av ressursane til graving, vil du kunna byggja den lengste (blokk-)kjeda og dermed ta kontroll over heile systemet. "Majoriteten har alltid rett" er hardkoda inn i systemet. I panelet meinte dei at denne trusselen er overdriven. For det første må ein i praksis ha meir enn 70 % for å klara det, og for det andre vil ei kompromittering av systemet ikkje gagna den som gjer det. Det måtte einast vera om nokon gjekk beviss inn for å destabilisera det.

Så å seia alle leverandørar av mining-utstyr (ASIC = Application-specific Integrated Circuit) tilbyr graving av fleire typar kryptovaluta. Dei aller fleste krypto-valutaer på marknaden er variantar av Bitcoin-systemet. Det har vore påstått at valutaer som brukar Scrypt er "ASIC-resistente", men det stemmer ikkje. Dei fleste ASIC-leverandørane har også løysingar for Scrypt-protokollen.

Panelet diskuterte alt-coins og var einige om at dei som investerer i graving av alt-coin (alternative krypto-valutaer) gjer det fordi det er ein enklare måte å skaffa seg Bitcoin på.

Skaleringsutfordringane til Bitcoin vart også diskutert. I dag er transaksjonsvolument for Bitcoin lite samanlikna med t.d. Visa eller Mastercard. Visa har t.d. meir enn 150 mill. transaksjonar pr. dag, noko som tilsvarer rundt 2000 trans./sek (TPS). Bitcoin har framleis under 100 000 transaksjonar pr. dag, i gjennomsnitt 1 eller mindre TPS. Fleire løysingar har vore føreslege for å skalera opp Bitcoin-transaksjonane. Som nemnt tidlegare, er maks. blokkstørrelse endra til 1 MB, utan at det har gitt resultat. Blokkstørrelsen er framleis rundt 250 KB i gjennomsnitt.

Forskarane Yonatan Sompolinsky og Aviv Zohar har føreslått endringar i Bitcoin-protokollen for å auka prosesseringa av transaksjonar: "Accelerating Bitcoin's Transaction Processing - Fast Money Grows on Trees, Not Chains".

Kan og bør Bitcoin-teknologien brukast til andre ting enn valuta-transaksjonar? Mastercoin er eit initiativ som byggjer på Bitcoin-teknologien (blokk-kjeda) for å levera andre typar tenester enn valuta-transaksjonar. Panelet såg slike initiativ som positive (sjølvsagt! det skaper jo meir etterspørsel etter maskinvare). Viss det er eit behov og vilje til å betala for det, så er det ingen grunn til å reservera blokk-kjeda utelukkande til valuta-transaksjonar. Men for å unngå at blokk-kjeda blir for stor og vanskeleg å synkronisera i nettet, bør det gjerast på ein smartare måte. Det kan vera ved å introdusera side-kjeder for spesialiserte tenester, og/eller å optimalisera nedlasting av blokk-kjeda (alle treng kanksje ikkje å lasta ned alt).

Ingen kommentarer: