fredag 25. april 2014

Skjermgrensesnitt: Frå gale til verre!

Typisk virrvarr av fjernkontrollar, kablar og overgangar på
mangt eit møterom
For fem år sidan skreiv eg eit blogginnlegg om at "VGA must die". VGA-grensesnittet var alt då ei stor hemsko, men likevel den einaste standarden ein kunne stola på for tilkopling av ulikt utstyr. Fem år seinare lever VGA framleis, om enn meir marginalt. Men situasjonen er ikkje vorten betre, heller verre. Me må i dag forhalda oss til både HDMI, DisplayPort (DP), Thunderbolt og VGA.

Stor, mindre, minst
Som om ikkje det var nok, kjem dei ulike grensesnitt-standardane i ulike størrelsar. HDMI finst i normal (type A), mini (type C) og micro (type D). DisplayPort finst også i dei same tre størrelsane normal, mini og micro. Thunderbolt er fysisk lik DP og også bakover-kompatibel.

HDMI standard, men..
I TV-verda har innføring av flatskjerm også ført til at HDMI har vorte standard tilkoplings-grensesnitt. Det har også påverka IT-industrien sidan datautstyr i større grad må koplast til store skjermar. HDMI har difor etter kvart også vorte ein slags standard på berbare pc-ar også. På nettbrett er det varierande grensesnitt; Apples iPad brukar sjølvsagt sitt eige proprietære grensesnitt medan Android-brett ofte brukar (mini-/micro-)HDMI.

Det var DP som eigentleg skulle erstatta VGA, men av dei store produsentane er det berre Apple og Lenovo som har satsa stort på den. Fordelen er at den er royalty-fri, i motsetnad til HDMI som kostar ein god del å bruka.

Men det hjelper ikkje mykje om HDMI er de facto standard når den kjem i tre fysisk ulike variantar! I framtida trur eg ein må samla seg om ein fysisk standard, og det må vera ein standard som er tilpassa mobile einingar.


Ingen kommentarer: