fredag 14. februar 2014

Inntrykk frå eForvaltningskonferansen 2014


Referat er ein ting, refleksjon ein annan. Eg vil også samanfatta eigne inntrykk frå konferansen tysdag og onsdag denne veka.

Konferansen lykkast med ein god balanse mellom teknologioptimistiske foredrag og foredrag som presenterte viktige problemstillingar. Ikkje uventa kom dei mest optimistiske tonane frå dei offentlege etatane, medan forskarane var litt meir reserverte.

Denne balansen mellom optimisme og kritisk tilnærming er både bra og viktig. Fagrørsla kunne mistenkjast for å vera ein einsidig bremsekloss med tanke på teknologisk utvikling, men mitt inntrykk frå konferansen er at slik er det ikkje, i alle fall ikkje berre slik. Sjølvsagt høyrer me ein del klisjear om at maskiner ikkje må erstatta menneske, men det var helst i dei obligatoriske "appellane" som innleia og avslutta konferansen. Her er ei vurdering av enkelte foredrag:

Paul Chaffey, KMD
Forenkla, fornya og forbetra er mantraet til den nye regjeringa. Det er knytt store forvetningar når det gjeld IKT-satsinga, særleg i offentleg sektor. For første gang er det ei politisk leiing med stor forståing og grundig kjennskap til informasjonsteknologi og mulegheitene den gir. Eg reknar ikkje med Heidi Grande Røys og hennar politiske rådgivar, som rett nok hadde IT-kompetanse. Ein junior i eit svakt departement gjer ingen skilnad.

Paul Chaffey ser ut til å gjera det same i statssekretærstillinga som det han har gjort i meir enn 10 år i Abelia: vera synleg gjennom foredrag på mange konferansar. Men det spørst om ikkje han må kutta ned på den aktiviteten og heller prioritera internt arbeid for å løfta fram IKT-satsinga. Formidling er viktig, men gjennomføring er kanskje viktigare. Den nye regjeringa er i alle fall oppteken av gjennomføringskraft.

Vidar Lødrup, Abelia
VL erstatta Inge Jan Henjesand som dessverre ikkje kunne vera til stades.
Ikkje så veldig mykje å seia om VL sitt foredrag. For meg blir det veldig mykje ord. Dei rette orda, javisst, men ikkje så mykje meir. VL viste at han har allsidig erfaring bak seg og slik sett god bakgrunn for å arbeida med slike spørsmål i Abelia.

Kirsti Kierulf, KommIT
Kirsti er vekkelsespredikant og spreier den glade bodskapen om KommIT, den nye IT-satsinga i kommunesektoren. Det er nok nødvendig å skapa entusiasme for satsinga, særleg blant kommunane. Men samtidig blir det også skapt store forvetningar som kan bli vanskelege å innfri.

Den voldsomme entusiasmen for Altinn er litt vanskeleg å forstå, og reknestykka som vart presenterte, med 750 mill. i innsparing, må nok dokumenterast betre.

Elin Kristine Fjørtoft, Difi
EKF erstatta Ellen Strålberg, Difi, som stod oppført i programmet. Temaet var det same.
Ho heldt ei grei orientering om digitaliseringsarbeidet i staten, og viste til undersøkinga Difi har gjort om tilstand og utvikling for digitaliserte tenester. Den undersøkinga er det god grunn til å kritisera; eg meiner Difi ikkje har gjort grunnarbeidet og ikkje heilt veit kva dei har talt. Det var noko eg kommenterte i spørsmålssesjonen etterpå.

Eg kan ikkje heilt fri meg for at Difi framstår litt verkelegheitsfjerne når det gjeld digitaliseringsarbeidet og kva som faktisk rører seg både i stat og kommune. Dei har vore ivrige med å distansera seg frå kommunesektoren dei siste åra, og med KommIT er det god grunn til å klargjera grenselinjene. Men det har samtidig gjort at dei fjernar seg endå meir frå brukarperspektivet. Når Difi heller ikkje blir oppfatta å fylla rådgivingsfunksjonen godt nok, blir det problem. Det er dette som no er under lupa når nytilsett direktør Ingelin Killengren skal vurdera framtida til organisasjonen.

Dag Wiese Schartum, AFIN/UiO
Enkelte vil kanskje hevda at Dag auser sand i maskineriet. Sjølv meiner eg at hans påminningar om dei rettslege reglane som styrer offentleg forvaltning og som IKT-utviklinga må ta omsyn til, kanskje ikkje kan bli sterke nok. Det er veldig lett å bli riven med av utviklingsiveren som ofte dominerer slike konferansar, utan å tenkja over at det ofte er gode grunnar til at juridiske forhold gjer at ein må tenkja seg om både ein og to ganger før ein stormar fram.

Juridiske "hindringar" kan ha gode grunnar, ikkje minst personvernomsyn. Men det er også andre gode grunnar til at det ikkje alltid er like lurt å reine IT-omsyn styra utviklinga. Eit område DWS ikkje snakka om, men som han har vore oppteken av lenge, er betre IT-støtte i sjølve lovutviklingsprosessen. Nesten utan unnatak startar lovarbeidet i dag med eit blankt (Word-)ark. Det finst lite systematisk IT-støtte i arbeidet med utforming av lovtekstar. Og dersom me skal oppnå betre presisjon i begrepsbruk (NB! Det er ikkje alltid ønskjeleg, noko DWS har vist med gode eksempel), må IT-støtte byggjast inn frå starten av. Det er eit vanskeleg og langsiktig arbeid, men det må til .

Torstein Brechan, NTL
Fagrørsla kan i mange samanhengar bli oppfatta som veldig tradisjonell og lite innstilt på utvikling. Enkelte av appellane under konferansen underbyggjer det synet, men det er gledeleg å sjå at unge, flinke folk som Brechan blir rekrutterte inn. Han stiller med eit anna utgangspunkt på dette området enn eldre tillitsvalde frå "gølvet". IT er ikkje noko framandt og nødvendigvis farleg, men IT-prosjekt må ta omsyn til sentrale avtalar i forvaltninga.

Eric Breit, AFI
Eric orienterte om eit interessant og høgst aktuelt forskingsprosjekt om pensjonsreforma og kva informasjonsarbeidet knytt til denne. Er det brukarvennleg å overlata arbeidet til innbyggjarane, gjennom sjølvbeteningsløysingar, og kor gode er eigentleg desse. Metodisk vart det brukt både brukartesting og fokusgrupper. Eric fortalde entusiastisk om dei nyvunne erfaringane med brukartesting, ein metode han ikkje kjende på førehand, men som hadde vist seg veldig nyttig i dette prosjektet. AFI hadde gjennomført brukartestinga sjølve, utan innleigd hjelp, noko som gjorde at dei kom endå tettare på intervjuobjekta og fekk ei betre forståing av problema.

Brukartesting er ein enkel og effektiv metode for å finna ut om ting fungerer godt, rett og slett. Det er ingen god metode til skaffa seg kunnskap om kva som vil fungera. Det er også ein kvalitetativ metode, så ein må ikkje falla for freistinga å gjera statistiske analysar av resultata.

Petter Bae Brandtzæg, SINTEF
Petter er ein av dei forskarane som veit mest om bruken av sosiale medium i samfunnet. Han har psykologi-bakgrunn; ikkje dumt når ein skal forska på dette området. I eit av prosjekta han arbeider med, ser dei på eldre og bruk av teknologi. Han viste mange interessante, og litt nedslåande, sitat frå dei eldre. Sosial utstøyting på grunn av teknologi er i høgste grad eit problem.

Det var også interessant det han sa om utviklinga framover. Ein kan bli freista til å tru at når det berre går 10-20 år er alle i samfunnet såpass kjende med ny teknologi at det digitale skiljet me har i dag aldersmessig, vil gradvis forsvinna. Slik blir det truleg ikkje. Teknologien er i endring, og om noko så går utviklinga fortare, ikkje saktare. Radikalt nye brukargrensesnitt kjem (tenk Google Glass, men tenk også Windows 8.x som kan vera nok til å setja mange av dagens pc-brukarar i sjakk matt) og Petter trur ikkje generasjonskløfta blir mindre, heller tvert om.

Randi Flesland, Forbrukarrådet
Forbrukarrådet sin kommunetest er interessant fordi den simulerer ekte innbyggjarar sin kontakt med kommunen. Det er "mystery shopping" som metode, ein metode som no har vorte meir vanleg og som EU også legg stor vekt på i dei nye benchmarkings-tiltaka for å måla graden av digitalisering i offentleg sektor.

Ho kom med mange gode eksempel, og særleg enkelte episodar frå små kommunar framkalla latter. Det er klart at i dei minste kommunane er ting så oversiktleg, ja gjennomsiktig, at det kan bli mange rare spørsmål og svar.

Forbrukarrådet si kommuneundersøking liknar ein god del på Difis Kvalitet på nett. For testing av nettsider er det i grunnen heilt likt, sjølv om kriteria er noko ulike. På spørsmål frå meg om dei hadde vurdert samordning med Difi, var svaret at det hadde dei ikkje fordi undersøkingane er ulike og fordi Forbrukarrådet sine undersøkingar ikkje er like regelmessige som Difi sine. Eg trur det hadde vore mykje å henta på ei slik samordning, og også inkludert den store innbyggjarundersøkinga frå Difi. Men samarbeid og samordning på tvers av etatar er ikkje så lett..

Hovudbiletet er likevel at dei store kommunane er betre enn dei små. Men når det er sagt, er 3 av dei 4 beste kommunane småkommunar. Det er verdt å tenkja over. Det er det same som Kirsti Kierulf er inne på: Små kommunar sit med verdifull kunnskap og erfaring som større kommunar kan læra mykje av.

Ingunn Bakkene Cowan, Lånekassen
Det er to måtar å vurdera presentasjonen frå Cowan:
- som eit imponerande foredrag om ei framoverlent og teknologikompenten offentleg verksemd
- som eit foredrag kjemisk fritt for refleksjonar over kvifor Lånekassen er ei offentleg verksemd

På overflata er resultata Lånekassen har oppnådd, imponerande. Det starta i følgje Cowan med at dei slutta å omtala låne- og stipendmottakarane som brukarar og begynte å kalla dei kundar. For Lånekassen er det nok eit poeng å låna retorikk frå næringslivet, men det kan fort framstå som at det høgste ønsket til Lånekassen nettopp er å få lov til å agera privat verksemd.

Så kvifor skal då Lånekassen vera offentleg? Det ga ikkje Cowan noko svar på.
Ironisk nok vart Cowans "skryte-foredrag" effektivt punktert av ein student i salen som lurte på kvifor svaret på søknaden hennar var at saksbehandlinga tok to månader når Cowan nettopp hadde sagt at Lånekassen hadde halvert gjennomsnittleg behandlingstid frå 16 til 8 dagar. Oh, irony..

Nina Viksæter Aulie, NAV
Å vera IT-direktør for NAV kan ikkje vera den lettaste jobben i landet! Nina V. A. ga ei grei orientering om utfordringane NAV står overfor på IT-sida, og den tette koplinga mot politiske prosessar. NAV er kansje den etaten med mest politisk styring, og den etaten der det er vanskelegast å implementera politiske vedtak i IT-system. Politiet ser ut til å vera verre; den lange tida det tek å implementera den nye straffelova (vedteken i 2005) er ei skam for demokratiet!

NVA (hmm, er det tilfeldig at akronymet minner veldig om NAV?) var då også tydeleg på at målet med IT-arbeidet i NAV er at IT-systema ikkje skal vera til hinder for nye politiske vedtak. Det kan synast som ei defensiv haldning, men når me tenkjer på den nye (etter kvart ikkje så ny lenger...) straffelova, må det seiast å vera ei nøktern og fornuftig haldning. Problemet med store IT-prosjekt i det offentlege er heller at dei er overambisiøse.

Overambisiøs er også eit ord som truleg passar bra på det nye moderniseringsprogrammet i NAV, eit program som ser ut til å ha hamna i grøfta i første sving. Etter å ha svidd av nokre hunder millionar kroner (!), vart programmet stoppa. Denne elefanten i rommet vart likevel ikkje kommentert av NVA. Rart kanskje..

Margunn Aanestad, IFI/UiO
Margunn Aanestad tok opp tråden etter NVA, utan å komma inn på moderniseringsprogrammet direkte. Ho tok opp eit svært aktuelt spørsmål: Kvifor går det ofte så gale med store IT-prosjekt? Ho gav fleire gode svar på det. Dei er ofte overambisiøse, planlagde ovanfrå og ned. Begrepet "utrulling" er godt kjendt og illustrer på ein god måte den ovanfrå-og-ned-prosessen som ofte ligg til grunn for IT-prosjekt.

Om ikkje "smått er godt" er heilt dekkjande for MAa sitt bodskap, kan "bygg vidare på det som fungerer" vera betre. Ho viste eksempel på vellykka prosjekt som byggjer vidare på det som har vist seg å fungera godt, og som blir utvida utan ein grandios visjon på førehand. Det er gode grunnar til å advara mot store visjonar i IT-prosjekt; det kan veraa eit teikn på at ein startar feil. Med det i tankane kan ein spørja seg om ikkje både NAV og Politiet bør gå tilbake og sjå på utfordringane på nytt og endra tilnærminga til "mange små steg" og å byggja på installert base. "Small pieces loosely joined", som David Weinberger har formulert det, renn meg i hug.

Åge Andresen, Skatteetaten
ÅA ga ei grei orientering om EDAG-prosjektet; elektronisk dialog med arbeidsgivar. Det er eit samarbeid mellom Skatteetaten, NAV og SSB, som alle hentar inn opplysningar om tilsetjingsforhold, lønn, skatt, arbeidsgjevaravgift, men på ulike måtar og til ulike tider.

Det store spørsmålet er om dette er forenkling, og for kven. Som ein deltakar sa til meg i pausen: Kva blir resultatat når ein etat som spør etter få opplysningar ein gong i året skal samordna med ein etat som spør etter mange opplysningar ein gong i veka? Då blir det vel endå fleire opplysningar endå oftare! Det blir spennande å sjå korleis dette slår ut for arbeidsgjevarane.

Leif Skiftenes Flak, UiA
Leif har jobba lenge med gevinstrealisering og det har smått om senn fått fotfeste i forvaltninga og er no ein del av større IT-prosjekt som blir lagt stor vekt på - i alle fall retorisk. Men det skjer nok ting i det verkelege også. Det har lenge vore slik at prosjekt blir styrte godt heilt fram til prosjektavslutning, og at den viktige oppfølginga etterpå, som mellom anna handlar om å realisera gevinstar så sant ein har nådd måla, smuldrar bort. Gevinstane blir gjerne løfta høgt i ein søknadsfase, elles får ein ikkje pengar. Men når prosjektet/programmet har fått ressursar, blir det tilsynelatande mindre og mindre viktig.

Leif presenterte ein firestegs modell for samhandling i IT-prosjekt, inspirert av den kjende tenestetrappa for utvikling av elektroniske tenester i offentleg sektor. Firestegsmodellen blir kombinert med trestegsmodellen for elektronisk samhandling; teknisk, semantisk og organisatorisk samhandling, og resultatet blir ein matrise med 12 felt/stadium.

Det er mykje å seia om denne modellen, men det får heller bli i ein seinare kommentar.

Ingen kommentarer: