søndag 18. august 2013

Flink pike

"Flink pike" av Gillian Flynn
Ikkje ofte eg les krim, men denne boka har fått så mykje og god omtale at eg vart ganske nysgjerrig. Og boka var verdt å lesa.

Krim er ofte klisjéar. Det er den einsame, drikkfeldige etterforskaren - outsideren som har alle odds mot seg og likevel klarer det. Det blir i grunnen det same om etterforskaren heiter Harry Hole, Varg Veum, Rolf Randen; eller Hanne Wilhelmsen! - det freistar ikkje meg.

"Flink pike" ("Gone Girl" er originaltittelen) av Gillian Flynn er ein annleis krim. Her er det vanlege folk som er hovudpersonane, og det er ein original vri på krimsjangeren. Det er eit ekteskap som er i hovudrollane, og det utviklar seg som ein moderne variant av "Who's Afraid of Virginia Wolf". Ekteskapet som startar så lovande, utviklar seg i feil retning og endar fatalt.

Gillian Flynn er tidlegare journalist og det kan merkast på stilen. Ho er etter mi meining i overkant "flink pike" sjølv, den delen av stilen har eg ikkje så stor sans for. Oversetjinga er også litt merkeleg enkelte stader. For eksempel blir eit (slang-)uttrykk som "ondt godt" brukt, eit uttrykk som ikkje smakar godt. Her ville eit uttrykk som "ille bra" vore betre fordi det faktisk finst i dialektane våre. Andre stader blir f.eks. teksten på eit t-skjorte oversett til eit merkeleg uttrykk. Her ville det vore betre å behalda den engelske teksten.

Eit sentralt tema i handlinga er gåter, eller rebusar. Desse er nok vanskelege å oversetja og ber preg av det. Kanskje ville det vore betre å la dei stå på originalspråket?

Trass i desse skjønnheitsfeila er boka vel verdt å lesa, men eg trur eg ville valt originalspråket.

Ingen kommentarer: