søndag 7. april 2013

Bitcoin - igjen

Talande illustrasjon frå BusinessWeek (ill.: Steph Davidson)
Bitcoin, den heildigitale og anarkistisk innretta valutaen, har fått fornya interesse og kursen har gått til himmels. Det er særleg bankproblema på Kypros som har skapt den veldige interessa i det siste, men meir generelt er det nok finanskrisa og manglande tillit til dagens finanssystem som gjer Bitcoin interessant og freistande for stadig fleire.

NRK Ytring fanga opp det tidlegare blogginnlegget mitt om Bitcoin og spurde om eg kunne tenkja meg å skriva ein kronikk for dei. Det kunne eg sjølvsagt, og den er publisert på sidene deira i dag.

9 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

Rent teknologisk er jo Bitcoin veldig interessant, men som valuta må jeg innrømme at jeg blir bare mer og mer skeptisk til den.

I utgangspunktet spiller det jo egentlig ingen rolle hva slags objekter vi gir pengerollen. Om det er små plater av nikkel, papirlapper, eller elektroniske oppføringer kan jo egentlig være det samme. Det viktige er hvilke økonomiske virkemidler man har for denne valutaen. I og med at antallet Bitcoin er fastsatt blir å bruke Bitcoin egentlig litt som å gå over til gullstandarden. Det er jo ikke noen veldig god idé.

Et annet spørsmål blir jo hvor denne valutaen skal gjelde. Som EU nettopp har demonstrert kan effektene bli katastrofale hvis man introduserer en felles valuta for et område som på ingen måte er et optimalt valutaområde. Og verden som helhet er jo ikke det. (Jada, jeg innser at bitcoin må få mye større utbredelse før dét blir en problemstilling.)

Det jeg vil fram til er at det er egentlig ikke de tekniske aspektene som er viktige her, det er de økonomiske.

Svein Ø sa...

Spekulasjonssida har jo vorte halde fram som eit argument mot Bitcoin, og med den veldige kursauken den siste tida er det råd å forstå. Men om me ser på utviklinga dei siste par åra, har det berre vore ein tidlegare "spekulasjonstopp", elles har valutaen vist jamn stigning.

Elles er eg einig samanlikninga med gullstandarden. Bitcoin har mykje til felles med gull; det er ein endeleg ressurs og mengda kan ikkje påverkast.

Eg trur Bitcoin kan vera viktig som alternativ valuta, og då meiner eg verkeleg alternativ. Eg trur det blir feil å sjå den som ei erstatning for dagens valuta. Den representerer noko radikalt anna, og slik sett er det eit interessant eksperiment. Det må jo vera kjempeinteressant for økonomar og økonomi-forskarar å studera fenomenet, men så langt er det mest media som har vist interesse.

Lars Marius Garshol sa...

Spekulasjon er forsåvidt én reell problemstilling, men det er bare toppen av isfjellet.

Verdistigning, f.eks, er også et problem. Hvis verdien av Bitcoin stiger hele tiden betyr det i praksis at Bitcoin-økonomien opplever deflasjon. For en virkelig økonomi ville det vært katastrofe. Det er en grunn til at de fleste land setter inflasjonsmål på rundt 2% (og ikke 0, eller -2%).

Skal Bitcoin ha noen rolle må det være som alternativ valuta, ja. Enig i det. Men da må det være som en valuta folk bruker, i stedet for å sitte på den som investeringsobjekt.

Men jeg ser ikke helt poenget. Hva gir Bitcoin meg som kroner eller dollar ikke har?

Mitt inntrykk er at økonomene foreløbig ikke tar Bitcoin på alvor. De økonomene som har skrevet kommentarer om den i media og på blogger har som regel vært veldig kortfattet, og som regel ikke en gang giddet å faktisk beskrive motargumentene sine fullt ut.

Så Bitcoin må nok brukes vesentlig mer før økonomene kommer på banen. (Om det er noe for dem å forske på før den tid vet ikke jeg. Det kan godt hende.)

Svein Ø sa...

Eg er einig med deg at verdistigninga, i alle fall slik den har vore, er eit problem. Pengar skal vera middelet (til å handla), ikkje målet.

Det Bitcoin gir som andre valuta ikkje gir, er full anonymitet at ein er fri frå regulatoriske inngrep (det siste kan kanskje diskuterast; Bitcoin kan jo bli forboden som valuta).

Eg ser Bitcoin mest som eit interessant alternativ radikalt ulikt alle andre valutasystem, og den einaste virtuelle valutaen som har (delvis) vist at den duger.

Svein Ø sa...

Og ein viktig ting til i favør av Bitcoin: Den har ingen transaksjonskostnader. I dagens Mastercard- og Visadominerte verd er det eit viktig poeng.

Bitcoin var konstruert frå starten av til å vera ein universell, global valuta. Den som set opp ei nett-teneste i dag og innfører ei betalingsordning, vil få problem uansett. Det vil alltid vera kundar i land som av ulike grunnar ikkje kan betala. Bitcoin løyser den slags problem.

Bitcoin opnar også opp for brukarar i statar som av ein eller annan grunn er boikotta av dei store betalingsformidlarane.

Men til slutt er Bitcoins suksess også dens store problem. Til meir merksemd og bruk, til større verdistigning pga. knappheit av pengemengde. Og effekten vil bli deflasjon, som du heilt rett påpeiker. Varer ville bli billegare og billegare, eller dei måtte omprisast raskt for å halda følgje med kursoppgangen.

Eg meiner likevel Bitcoin har levert eit viktig bidrag når det gjeld å etablera ein digital valuta. Bitcoin er ikkje svaret, men det peikar i ein interessant retning.

Anonym sa...

Er ikke deflasjon en del av poenget med Bitcoins?

Når dollar/pund/yen etc. seddelpressene settes i drift ligger bitcoins langt mer stabilt og ivaretar verdiene til brukerne?

Lavere priser på produkter og tjenester klinger godt i mine ører.. Dette forutsetter vel at stater og privatpersoner lever innenfor sine økonomiske rammer.
Dvs. ikke gjør seg avhengige av de 2% Inflasjon for å få regnskapet til å gå opp.

Svein Ø sa...

Eg veit ikkje om deflasjon er eit av måla med Bitcoin, det er vel heller ei av dei negative sidene ved valutaen. Som Lars Marius skriv, er det ikkje utan grunn at dei fleste statar har eit mål om inflasjon, om enn lågt.

Deflasjon vil i praksis bety at folk sluttar å bruka pengar; alt blir jo billegare i morgon - og dagen etter. Det er ei farleg utvikling, depresjonstida på 1930-talet viser det tydeleg.

Målet med ein valuta kan heller ikkje vera verdistigning, då vil jo ingen bruka den. Målet med pengar er at dei skal vera eit middel til å gjennomføra handel. Bitcoin er glimrande konstruert for handel i ei digital verd, men dårleg som valuta. Men Bitcoin har vist veg for digitale valutaer.

Olav Torvund sa...

Økonomien er langt viktigere enn teknologien. Den er dårlig beskrevet i det jeg har klart å finne av dokumentasjon.

Det eneste jeg finner om utstedelse er at det skjer en eller annen "mining" med noe vanskelig kryptografi. Hvor pengene havner om jeg kjøper nyutstedte Bitcoins, sjønner jeg ikke. Jeg finner ingen ting om hvordan det løses inn i ordenlige penger.

Hele konseptet synes å være basert på at pengemengden er antallet sedler og mynt i omløp. Slik er det ikke. "Penger" skapes ved kreditter m.m. i banksystemet. Finnes noe slikt system for Bitcoin?

Valuta er ikke teknologi. Så lenge ingen forklarer hvordan Bitcoin fungerer som valute, bare en hel masse om kryptering, er jeg dypt skeptisk.

Svein Ø sa...

Systemet er ganske "nerdete" som du er inne på, og det er eit problem. Reint praktisk er det likevel ikkje stort vanskelegare enn å bruka ein nettbank. Du kan kjøpa Bitcoin ved å overføra (vanlege) pengar til ein aktør som handlar valutaen, og får då overført Bitcoin til den digitale lommeboka di. Den fungerer i prinsippet som ein nettbank.

Men til slutt handlar det om tillit: kan du ha tillit til ein teknologi du ikkje forstår? Men det er mykje med dagens finanssystem vanlege folk ikkje forstår også, likevel er det føresett at ein skal ha tillit til det. Folk flest forstår heller ikkje korleis vanleg valuta får verdi, det er ganske komplisert.

Bitcoin har gjort viktige teknologiske gjennombrot på område som korleis ein skal skapa tillit i eit totalt desentralt system (også omtalt som dei byzantiske generalars problem). Eg trur det kan bli eit viktig grunnlag for neste generasjons digitale valutaer.