søndag 23. desember 2012

Meir øl!

Michael Jackson er den som har skrive mest og best om øl
Mitt første møte med øl var då eg var knapt 4 år og i bryllaup. Det var eit godt gammaldags bondebryllaup på Ølnes der det sjølvsagt vart servert heimebryggja øl. Eg sat ved sidan av onkelen min som meinte at eg måtte få smaka heimabrygget. Det smakte så godt at då eg hadde tømt det vesle eg fekk i glaset, ropte eg ut over heile forsamlinga "meir øl!" Det var ikkje fritt for at foreldra vart litt skamfulle..

Øl er pils og pils er øl
Etter denne sterke opninga roa det seg og forholdet til øl var som for dei fleste andre: eit rimeleg rusmiddel der smaken ikkje betydde så mykje. Øl var pils og pils var øl, ferdig med det. Rett nok laga eg øl basert på maltekstrakt under studietida. Det var den gangen reklamen for Moss maltekstrakt hadde underteksten "må ikke brukes til å lage øl".

Øl er meir enn pils
Først dei siste 10 åra har eg fått opp augene for den rikdommen som finst innan øl. Slik sett er eg ein del av ein tydeleg global trend med aukande interesse for øl. Framleis er "lager" den dominerande øltypen verda rundt, men stadig fleire har sett at øl er så mykje meir enn pils. Her må det også leggjast til at pils er meir enn "pils", det er ganske stor skilnad på tsjekkiske klassikarar som Pilsner Urqell og Budweiser Budvar på den eine sida, og mange dårlege etterlikningar verda rundt.

Mellom- og Nord-Europa dominerande
Dei dominerande landa med lange tradisjonar for ølbrygging er landa som ligg for langt nord for vindyrking, men der bygg trivst godt. Det er framfor alt Tsjekkia, Tyskland, Belgia og England (+ Skotland) som er "øl-landa". Frå pils/lager i aust, til mørkare variantar lenger vest. Danmark har også spelt ein viktig rolle i utviklinga av den moderne øl-dyrkinga, men det er helst på grunn av gjennombrot i dyrking og isolering av gjærkultur enn gjennom ølet dei bryggjar.

Norge, med lange tradisjonar innan ølbrygging, har dessverre ikkje hengt med i utviklinga. Me burde ha eit godt utgangspunkt for å vera mellom dei fremste øl-landa, men særleg alkohol-politikken har verka hemmande. Desto meir gledeleg er det å sjå utviklinga som no skjer med eit lokalt lite bryggeri snart på kvart ei nes.

Sterkt øl forvist til Vinmonopolet
Etter at øl sterkare enn 4,75 % alkohol vart flytta til Vinmonopolet, vart det ein nedtur variasjonsmessig, og ei forsterking av "pils-trenden". Men i dei seinare åra har Vinmonopolet begynt å ta oppgåva med omsetning av øl, inkl. informasjon om tilbodet, meir alvorleg. Tilbodet av øltypar har auka kraftig og Polet ser ut til endeleg å ta litt ansvar. I 2011 auka dei salet av øl med 16,5 %, og det er overgjæra øl (stort sett mørkare øltypar) som aukar mest. Vinmonopolet fører no over 500 ulike øltypar; for 10 år sidan var talet 60.

Ekte ølkultur tilseier glas tilpassa øltypen
Mikrobryggeria kjem
Ein av dei mest gledelege trendane er framveksten av små bryggeri; mikrobryggeri. Det starta som så mange andre liknande trendar, i USA og har seinare spreidd seg til Europa. Her i landet var Mikrobryggeriet i Oslo blant dei første, men det er særleg Nøgne Ø som har gjort spesialøl kjent over det meste av landet. Dei har berre eksistert i 10 år, men likevel markert seg kraftig. I Sogn og Fjordane har Ægir løfta fram spesialølet og hatt ei eventyrleg utvikling Det måtte sjølvsagt ein amerikanar til for å satsa slik; Evan Lewis tok sjansen og har ikkje angra på det.

Ølfylket Sogn og Fjordane 
Det blir sagt at Sogn og Fjordane har flest mikrobryggeri av alle fylke, utan at eg veit om dette er tilfelle. I tillegg til Ægir har me Kinn i Florø, Gulating bryggeri og Fossen bryggeripub i Dale, og Balder bryggeri på Leikanger. Det er kanskje fleire også, utan at eg har oversikt over det. Eg smakte forresten Balder sin julebitter nyleg og den var god til pinnekjøtet.

Reint øl
Øl er ganske enkelt; det er vatn, malt, humle og gjær (med unnatak av tradisjonelt heimebryggja øl der eine erstattar humle). Samtidig er det ganske vanskeleg å få desse ingrediensane i perfekt kombinasjon, og prosessen er utfordringa. Ølbrygging er ein kombinasjon av vitskap og kunst i følgje den kjende ølkjennaren (eller "the beer hunter" som han vart kalla etter tv-serien sin) Michael Jackson. Han har  ikkje har noko med King of pop å gjera...

I Bayern vart reinheitslova innført i 1516 for nettopp å avgrensa ingrediensane til desse fire. Lova gjaldt for øl til innanlands konsum, for eksport var det lov å tilsetja andre ingrediensar. Framleis er det mange tyske bryggeri som reklamerer med "Nach die Reinheitsgebot gebraut". Norge innførte reinheitslova i 1912, og den stod ved lag fram til 1994 då EØS-avtalen gjorde at den måtte opphevast (ein dom i EU-domstolen i 1987 slo fast at reinheitslova ikkje kunne gjelda sal av øl mellom landa i EU).
Balders julebitter - berre for dei heldige i Leikanger

Ølet den nye vinen
Med dei lange tradisjonane øl har i Norge er det rart at det er vin som stort sett dominerer i media. Det er jo øl me skulle ha interessert oss for i første omgang, der me har over 1000 års tradisjon og kultur. På verdsbasis er ølbrygging kjendt frå tilbake til 4000 år f.Kr., men sannsynlegvis går tradisjonen og kunnskapen endå lenger tilbake. Det blir sagt at ølet kom før brødet.

Men utviklinga dei siste 15 - 20 åra gir håp om at den lange trenden med einsretting av ølsmak og øltypar, og med stadig færre og større bryggeri, er i ferd med å bli snudd. Dei små bryggeria er i sterk vekst medan industribryggeria slit med nedgang. Totalt sett er det ei positiv utvikling fordi det tvingar dei store bryggeria til å tenkja nytt. Kvalitet blir viktigare enn kvantitet.

Ingen kommentarer: