lørdag 15. september 2012

Apple vs. Samsung - ikkje patent!


Kan du få patent på eit design der grunnelementet er avrunda hjørne på eit rektangel? Ja, i USA kan du det, og difor fekk Apple innvilga patent nr. 889 på eit nokså generelt grunnlag. Det høyrest gaske sjukt ut, og er vel også det.

No vart ikkje Samsung dømde for å ha krenka akkurat dette patentet, men ei rekkje andre av Apples patentar. Apple og Samsung har vore i mange rettsalar verda over sidan introduksjonen av iPhone/Galaxy og iPad/Galaxy Tab. Dommen i San Jose var ein klar seier for Apple og eit ditto nederlag for Samsung. Apple vann fram på mange punkt, Samsung vann ikkje fram på ein einaste av sine påstandar om patent-brot frå Apple si side. Bota på 1 milliard dollar er kanskje det som svir minst for Samsung..

Men det er ikkje meir enn vel eit år sidan Apple tapte like stort for Nokia i ei liknande sak. Då måtte Apple ut med fleire milliardar dollar i lisensiering til Nokia. Wikipedia har ei liste over saker dei siste åra, og det ser ganske mørkt ut når ein ser på talet..

Saka
Apple påstod at Samsung hadde krenka  patent relatert til "sprett tilbake"-følelsen ("bounce back"), bruken av fingeren til rulling (scrolling) og bruk av to fingrar for innskrenka eller utvida og å bruka fingeren for å "klikka"/trykkja (tap). Dei vann fram på seks av sju påståtte patent-krenkingar medan Samsung sine fem påståtte krenkingar frå Apple si side alle vart avviste.

Apple og Samsung som viktige samarbeidspartar
Det kanskje største paradokset er at Samsung og Apple har eit nært forretningssamarbeid der Samsung leverer prosessorane til iPhone og også minnebrikkar. Apple vil få store problem viss Samsung skulle bryta denne handelen. Men Samsung er på si side også avhengig av Apple som ein av dei største kundane. Apple står for 9 % av Samsungs inntekter.

Den verkelege fienden er nok ikkje Samsung, men konkurrenten Google litt lenger oppe i vegen for Apple. Det er Googles Android-system som eigentleg er målet her, Samsung er berre middelet for å angripa Googles operativsystem.

Kva er eit patent?
Eit patent er eit tidsavgrensa løyve til å ha monopol på utnytting av ei oppfinning. Det er altså eit innvilga, tidsavgrensa monopol. Monopolet er kapitalisemens fremste mål, og samtidig dens verste fiende, så uproblematisk er ikkje dette.

Patentsystemet er oppretta for å verna større investeringar slik at dei som har brukt mykje tid og ressursar på å utvikla nye ting, skal få tid til å tena det inn att utan at konkurrentar kopierer og utnyttar patentet. Dei som vil bruka eit patent må vanlegvis betala ein lisens.

Eg skreiv om patentar og patentstrid i eit tidlegare innlegg her.

Er patent hemmande eller drivande?
På dette punktet er nok juryen ute framleis. Mange meiner at utan vern av nyskaping i form av patent, vil det ikkje bli investert innovasjon og oppfinningar. Motstandarane hevdar at patent som opphavsrett, i mange samanhengar heller hemmar utvikling og konkurranse enn å fremja den.

Forskinga er heller ikkje eintydig i spørsmålet. Yochai Benchler har ei vurdering av patentering i boka "The Wealth of Networks". Han meiner det ikkje finst studiar som viser at meir/strengare patentering eller opphavsrett resulterer i meir skapande arbeid. Han viser til ei omfattande undersøking av Josh Lerner som fann at det faktisk var ein negativ samanheng mellom auka patentering/opphavsrett og investeringar i forsking og utvikling.

Patent på programvare?
Det er i gråsonene mellom produkt og ikkje-fysiske (intangible) varer som programkode at patent verkeleg blir problematisk. Og det er her mykje av striden mellom Apple og Samsung står. I Norge hadde me BellBoy-saka der eit norsk firma fekk innvilga patent på bestilling av billettar elektronisk. Bellboy tapte heldigvis saka som Filmweb starta mot dei, elles kunne det fått alvorlege konsekvensar for i prinsippet dei aller fleste e-handselstenester.

Partisk rett?
Kunne denne dommen komme ein annan stad enn i USA, til og med midt i Silicon Valley? Det er vanskeleg å fri seg frå tanken om at nasjonalitet og nasjonalistiske haldningar spelar inn her, eller kulturelle om du vil. Parallelt med saka i USA har det vore saker mellom Apple og Samsung m.a. i Sør-Korea og Japan. I Sør-Korea kan utfallet karakteriserast som uavgjort og i Japan kom Samsung vinnande ut. I andre land har det gått litt fram og tilbake; Apple har klart å stoppa salet av Galaxy Tab i enkelte land, for så å sjå at det blir oppheva litt seinare.

Farleg spel for Apple
Apple spelar eit høgt spel. Om ein ser på tal patentar, er Apple ein smågut samanlikna med dei store (IBM, Nokia, Motorola). Google sitt kjøp av Motorola var ikkje minst motivert av å få hand om mange patentar innan mobilindustrien. Google har ikkje vore så ivrige på patentering sjølve, det ligg litt i deira natur med å omfamna fri programvare.

Apple har vorte stadig meir aggressiv i handhevinga av patentane. Dei har rundt 1300 patentar knytt til iPhone, og dei har vore involvert i 479 rettsaker! I løpet av første halvår 2012 har dei gått til sak fleire gonger enn i 2010 og 2011 til saman. Det er tydeleg at dei kjenner seg pressa.

Den nylege lanseringa av iPhone 5 viser ein grunn til at Apple  kjenner seg trua av konkurransen og må bruka alle middel til å stoppa den. Etter at konkurrentane lenge har prøvt å ta att Apples forsprang, er dei no på mange måtar forbi. Teknisk sett er ikkje iPhone 5 imponerande, i alle fall ikkje om ein held den opp mot t.d. Samsung Galaxy SIII. Apples lukka innovasjonsverden og det faktum at dei er heilt åleine om å utvikla operativsystemet sitt, legg eit kraftig press på dei. Det skal eigentleg ikkje vera muleg å stå i mot ein så stor masse som Android-verda etter kvart representerer utviklingsmessig.

På den andre sida har Apple bygt opp eit imponerande økosystem slik at dei kan seia at sjølve mobilen ikkje lenger er så viktig, det er app-tilgangen som bestemmer. Men eg er ikkje sikker på om alle kjøper den..

Patentering på ville vegar
Det er vanskeleg å sjå andre vinnarar enn advokatar i den patentpolitikken som blir ført no. Mange patentar er til dels latterlege (jf. innleiinga), men i staden for å le bør me heller bli kraftig uroa. Til sjuande og sist går dette ut over skaparevne, innovasjon og konkurranse og som sluttbrukarar får me rekninga.

Patentar har vorte eit viktig forretningsområde i seg sjølv; mange ser på patentar og påfølgjande lisensiering som den viktigaste inntektskjelda til eit selskap. New York Times har ein bra artikkel som beskriv den dysfunksjonelle patentverda.

Er det så håp om at det kan bli betre? Det går rykter om at Apple og Google snakkar saman på høgt nivå. Dei innser vel begge at dei har meir å tapa enn å vinna på å halda fram desse kampane. Eg trur det gjeld særleg Apple.

For eigen del er eg ikkje så optimistisk på vegne av framtida: Det skal helst bli verre før det blir betre.



Ingen kommentarer: