tirsdag 10. juli 2012

Copenhagen Jazz Festival 2012

Frå utekonsert i Kongens Have, med fleire tusen glade deltakar
Frå Mjømna bar det rett til København og årets jazz-festival. Ein ganske så stor overgang, men begge stader har sin sjarm.

Danskebåten betre enn sitt rykte
Årets jazz-festival var den tredje i rekkja for eigen del, og som tidlegare var det "slow boat to Køben" med danskebåten (DFDS). Danskebåten er ikkje det den var, det er ei roleg og fin båtreise med god mat og drikke om bord.

Brad Mehldau som høgdepunkt
Det musikalske høgdepunktet på årets festival var pianisten Brad Mehldau og trioen hans. Dei spelte i ærverdige Kongelige Teater, i hovudsalen. Brad Mehldau er truleg den fremste pianisten i jazzen for tida, og ser ut til å kunna ta opp noko av arven frå Keith Jarrett og hans legendariske trio.

Brad Mehldau i typisk positur -
treng ikkje sjå på tangentane!
Konserten med Mehldau var fantastisk og det musikalske spennet var stor: frå Beatles "And I Love Her" til Charlie Parkers "Crazyology". Uansett kva stilart Mehldau spelar i, er det uanstrengt og kreativt. Han klarer å tilføra gamle melodiar noko nytt heile tida - det er for så vidt heile poenget med jazz og standard-melodiar - men Mehldau legg lista høgre enn som så.  

Stadig nye innfallsvinklar

Som trommeslagaren i trioen, Jeff Ballard, seier til danske Politiken i eit intervju tidlegare i år:


En musiker som Brad Mehldau insisterer simpelthen på, at der bliver taget risici hele tiden, fortæller han. 
»Og jeg elsker det. Hvis han fornemmer bare den mindste smule trivialitet og vane – og du kan være helt sikker på, at han opdager det – så tænder han af. Jeg kan simpelthen høre på den måde, han spiller, at han sender en besked: »Har du tænkt dig at blive ved med at køre rundt på den samme måde? Så venter jeg bare, til du er færdig. Så vi kan komme videre««, siger han.
Sjølv i dei rolege og vare melodiane, var Mehldau og medspelarane heile tida på hogget og introduserte brot i harmoniane slik at musikken aldri stivna.

Ballard omtalar elles Mehldau som "en venlig diktator", så får ein leggja kva ein vil i det. Musikarane var i alle fall audmjuke og såg ut til å setja pris på den veldige responsen. 

Ei sild og ei til..
Elles er det deilig å vera norsk i Danmark. Danskane er på eit anna nivå enn oss når det gjeld mat og drikke. Det er rart at dei til dømes er så mykje betre enn oss med sild, med tanke på den plassen silda har hatt i norsk kosthald. Men der me her til lands overlevde på silda, har danskane hatt tid og ressursar til å raffinera råstoffet. Over alt får du nydelege silde-tallerkenar; sjekk neste gang du er på ein norsk restaurant om dei har sild på menyen..

Øl-kultur i Danmark, her i form av weiβ-bier
Øl er kultur!
"Danskerne" har også ein heilt annan alkohol-kultur enn oss, både på godt og gale. Men eg vel å fokusera på det positive: her er øl meir enn Tuborg og Carlsberge - dei fleste restaurantane tilbyr meir enn vanleg pils på fat. Og har dei det ikkje på fat, får du i alle fall kjøpt det på flaske. Og alltid med "en lille" til..

Ingen kommentarer: