lørdag 23. juni 2012

Breaking Bad

Breaking Bad, her sesong 2
Etter å ha kjøpt tv-seriane Sopranos og særleg The Wire fekk eg problem med å investera i nye seriar. Det kjendest som ingen ting kunne toppa The Wire og å gå nedover i kvalitet verka ikkje så freistande. Etter lang tids vurdering (og mykje tid spart!) enda eg opp med å kjøpa første sesong av Breaking Bad. Og serien innfridde forventningane.

Streiting blir kriminell
Plottet er ganske interessant: Kjemilærar Walter White får konstatert lungkreft og legane gir han berre kort tid att å leva (maks 1-2 år, men helst nokre månader). Walter White er ein ganske alminneleg amerikansk borgar, med kone og to barn (nr. to er på veg og kjem i løpet av første sesong). Han er altså ganske Joe Average, bortsett frå at han har ei god universitetsutdanning og slik sett ikkje har drive det så langt som han burde. Kjemilærar på High School-nivå er ikkje spesielt imponerande.

Kjemi-kunnskapar i botnen
Sidan han ikkje har gjort særleg karriere, er heller ikkje økonomien lysande. Han strevar for å ha nok til huslån m.m., og den føreståande behandlinga han etter kvart går inn for, har han i alle fall ikkje pengar til. Men mest uroa er han for familien sidan han har så kort tid att. Han bestemmer seg då for å prøva å skaffa "raske" pengar ved å slå inn på narkotika-produksjon. Som god fagmann (kjemi-lærar) veit han alt om prosessane for å produsera meth-amfetamin, og saman med ein tidlegare elev (Jesse, som var veldig dårleg i kjem!) set han i gang. Og det fører sjølvsagt med seg ei rekkje situasjonar og problem.

Tett og god start, sidan eser det ut
Første sesong er knallgod, med tett driv og god regi. Filmatiseringa er veldig bra. Det er vel slik med tv-seriar av denne typen at første sesong blir brukt til å overbevisa tv-kanalen om at dette er noko å satsa på. Seier kanalen så ja til fleire sesongar, startar prosessen med å spe ut vara. Det skjer også her, så i andre sesong blir det ein god del meir langhalm. Der første sesong har 7 episodar, har andre sesong est ut til 13, utan at det eigentleg skjer så mykje meir. Og slik held det også fram. Tredje sesong er nett kommen (gjekk på tv i 2010) og den har også 13 episodar. Eg ser på Wikipedia at sesong 4 også har 13 episodar og at den femte og siste sesongen også er planlagt, med 16 episodar. Puhh!

Strålande skodespel
Bryan Cranston, som har hovudrolla som Walter White, har motteke ikkje mindre enn tre strake Emmy-prisar for innsatsen sin. Også sidemann Jesse Pinkman (spelt av Aaron Paul) har motteke Emmy-pris for sin innsats.

Serien er altså vel verdt å sjå. Den får 9,3 i skår på IMDB, det same som SopranosThe Wire har til samanlikning 9,5

Ingen kommentarer: