lørdag 17. september 2011

Slankehysteriet

"Elefanten må ut" forkynner Netlife Research på sine nettsider. Dei har vorte dei fremste advokatane for slanking av nettstader. 90 % av innhaldet må slettast, i følgje enkelte ihuga NR-evangelistar. Og det spelar ingen rolle om det er private eller offentlege nettsider det er snakk om.

Webdagene 2011
Netlife har akkurat arrangert Webdagene 2011 og igjen verkar det som ein stor suksess. Dei fortener stor takk for å ha overført heile (?) arr. på nettet, gratis til alle som av ein eller grunn ikkje kunne vera i salen. Det er "Kunnskap kryssar grenser" i praksis.

Konsulent vs. kunde
Slanking av nettstader vart teke opp også på Webdagane og i innslaget "Konsulent vs. kunde" der Jostein Magnussen (NR) og Eivind Lund (Vegvesenet) duellerte, fekk Eivind inn mange gode stikk. Han er webredaktør for vegvesen.no og tok i kåseriet sitt (NB! med skikkeleg papir-manus og utan eit einaste Powerpoint-lysark!) opp kvardagen for ein statleg semi-byråkrat med web-ansvar. Her er ELs kåseri.

Slank og lykkeleg?
EL tok særleg tak i evangeliet som slanking og stilte ein del spørsmål ved det i lys av kvardagen for dei som har store nettstader å halda styr på - "den virkelige virkeligheten" som han kalla det. Det er bra med ein diskusjon om prioritering, men det blir feil å ha som mål at ein nettstad helst skal kokast ned til berre eitt brukarscenario. NR har mellom anna stått bak dei nye nettsidene til Innovasjon Norge, og det er ein etat der det kanskje er lettare å destillera tenestespekteret til ei setning "kan eg få pengar?". Men sjølv IN har eit meir fasettert tenestespekter, og det kan bli vanskeleg å få auga på ved reindyrkinga av minimalisme.

Menyane er borte, men ikkje heilt borte
Ei følgje av slankinga er at også menyar er feittdannande og må bort. Men ikkje bort som i "heilt borte", meir som i "titt, her er eg", for å sitera EL. Han viste til at menyane som tilsynelatande er borte frå IN sine sider, er gøymde bort nedst på sida (under "folden"). Dette blir å lura både seg sjølv og brukarane.

NR med 4 og Vegvesenet med 647 nettstader?
EL gjorde også eit poeng av NR sine eigne, slanke nettsider. For kva skjer med "avskjeret", dvs. feittet som må vekk? Jau, det dukkar sjølvsagt opp att på nye, sjølvstendige nettsider. NR har den glimrande bloggen iallenkelhet.no, lykkeleg (?) frikopla hovudnettstaden. Og kva med dei profilerte Webdagene, som ein skulle tru var ein viktig del av netliferesearch.com? Jau, eigen nettstad dei også. Og Bad Usability Calendar, eit anna høgprofilert produkt frå NR? Svaret gir seg sjølv; ein eigen nettstad også for den. Dei 34 tilsette i NR har altså kosta på seg 4 uavhengige nettstader, noko som får EL til å resonnera seg fram til at Vegvesenet med same målestokk kan etablera 647 nettstader! Og med 647 nettstader å spreia informasjonen på, lovar EL at vegvesen.no skal vera slank!

Prioritering er viktig
Under premisset om slanking av nettstaden, ligg eit krav om prioritering av innhald, og det er ein viktig debatt. Ikkje alt er like viktig, men ordet viktig er også vanskeleg å definera. Er det den informasjonen fleirtalet vil ha, eller er det den eine informasjonsartikkelen som hjelper ein einsleg brukar i stor naud? Det er sjølvsagt situasjonsbestemt, og difor er mantraet om sletting av nettsider også eit fullstendig feil spor etter mitt syn.

Ordning av informasjon
Nettet har ubegrensa informasjonsplass, i motsetnad til alle våre tidlegare informasjonssystem. David Weinberger omtalar tre ulike ordningssystem i boka "Everything is Miscellaneous" (her er min eigen omtale av boka):


  1. Den fysiske ordninga der det er eit ein-til-ein-forhold mellom fysisk ting og informasjon. Ein butikk har eit endeleg rom å ordna og fordela varene på, verken meir eller mindre.
  2. Metainformasjon. Med innføringa av metadata (kartotekkort som eksempel), kan informasjon om tingen skiljast frå tingen sjølv. Det gir mykje større mulegheiter for ordning av informasjon, og også mengda av informasjon.
  3. Nettet: All informasjon blir metadata. På nettet er det knapt fysiske grenser for informasjonsmengda. All informasjon blir i praksis også metainformasjon, og vi kan lagra ubegrensa mengder. 
Med web-en har vi for første gong i historia frigjort oss frå dei fysiske grensene for informasjon. Skal vi då ha som hovudmål å sletta informasjon frå nettet? Nei, absolutt ikkje. Det vil vera å gå tilbake til den før-webiske tida.

Viktig for kven?
Men, det er ein del utfordringar knytt til ubegrensa informasjonsplass. Informasjon kan bli utdatert, den kan bli erstatta av nyare informasjon og den kan bli ugyldig av andre grunnar. Dette er viktige utfordringar som må løysast av web-redaktørane, men det er ikkje sikkert at sletting er svaret.

Det er ikkje sikkert det betyr noko om opningstidene for symjebassenget i Sogndal frå 1999 framleis ligg på nettet, så lenge det er tydeleg at det er opningstidene for 1999! Tvert om kan det henda at dette er viktig informasjon for nokon. Tenk deg at ein masterstudent skal skriva ei oppgåve om forfallet i offentleg styring og vil bruka tomme symjebasseng (eit aktuelt politisk symbol) som eksemplifisering. Då kan det vera gull verdt å finna opningstider for kommunale symjebasseng 10 år tilbake i tida, som bevis for at det faktisk var vatn i bassenget!

Sletting? Helst ikkje!
Eg er einig med NR i prioriteringsspørsmålet, og i behovet for vedlikehald av informasjon. Eg er heilt ueinig i påstanden om sletting (av 90 %) av innhald. Berre i dei tilfella informasjonen kan vera vill-leiande og direkte feil, og få uheldige følgjer, bør informasjonen slettast. Med enkle reglar kan mykje av informasjonen merkast så godt at det er tydeleg for alle om informasjonen framleis er gyldig eller ikkje.

Slanking fører til fragmentering
Eit anna problem som vil oppstå med slankehysteriet, og som EL ettertrykkeleg fekk fram, er at trykk-kokaren til slutt må gi etter for presset. Informasjonspresset vil ikkje avtal, det vil berre ta nye vegar. Hos NR sjølve har det resultert i fire uavhengige nettstader (fragmentering, søkeproblem, relatert informasjon mistar viktige relasjonar osv.) og med deira størrelse kan me berre førestilla oss, som EL visuelt treffande gjorde, kva STORE verksemder kan komma til å havna i. Eg trur fragmentering er eit uunngåeleg resultat av slankehysteriet, og det vil skapa større problem med isolering av informasjon, tap av viktig relasjonsinformasjon osv.

Nei til lett-verda, ja til feitt!
Nei, slanking er overvurdert, og feitt er ikkje den store fienden ernæringsmessig. Det er mangel på aktivitet som er problemet, og med ein aktiv web-redaktør er ikkje stort feittinntak eit problem i det heile, det er tvert om med på å styrka livskrafta! Som den eksentriske artisten Liberace så treffande sa det: "For mykje av det gode er berre heilt herleg!".

Ingen kommentarer: