torsdag 25. august 2011

Ikkje patent


Dagens patent-reglar er for uklare og utydelege når det gjeld programvare. Situasjonen på mobilmarknaden viser med all tydelegheit den absurde situasjonen med patentsøksmål, motsøksmål og masse ressursar brukt på alt anna enn produktutvikling. For tida er Apple og Samsung dei argaste motstandarane, men Apple og Nokia har også vore i retten fleire gonger og seinast i juni i år tapte Apple ein lang strid mot Nokia og må betala lisensiering av teknologi for fleire milliardar dollar.

Patentar er vanskeleg. Dei er innførte for å skapa incentiv for innovasjon og for å beskytta nyskaping for den det gjeld. Den som skapar noko nytt, får eit vern mot kopiering frå andre i eit visst tidsrom. Det er særleg på skaping av fysiske ting (tangible products) patentar er brukte. Men i USA er det også muleg å ta patent på programvare, og det set heile programvare-utviklinga i fare (eit eksempel på meiningslause patentar: Apple hevdar å ha patent på å ringja telefonnummer som er oppgitt i ein epost!).

Patentar og innovasjon
Patentering er difor også eit mykje nytta mål på innovasjonsgrad. Men å bruka patentering åleine som mål på innovasjon, som delvis er tilfelle i dag, blir feil. Martin Gjelsvik, forskingssjef på IRIS, skriv i eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 20.08 om dette og viser med gode eksempel frå oljeindustrien korleis open innovasjon i ei klynge av bedrifter kan gi betre resultat utan patentering.

Patentar heller enn utvikling?
Apple og Samsung er i krig om patentar, men under det heile ligg forsøket på å stansa motparten med alle middel. Apple har delvis lykkast med å stansa salet av Samsungs Galaxy nettbrett og smarttelefonar, seinast i ein nederlandsk domstol, men Samsung sitt svar er sjølvsagt eit motsøksmål mot Apple. Og slik vil det halda på til partane blir trøytte eller utviklinga har gått forbi stridstemaet og gjort det irrelevant. Dei stadige søksmåla er likvel uheldige fordi dei sår tvil om den som blir saksøkt.

I dette tilfellet sår det tvil om heile Android si framtid sidan mykje av søksmålet gjeld Android og ikkje Samsung-spesifikke implementeringar.

Motorola = Patentar
Googles oppkjøp av Motorola må også sjåast i lys av patentkrigen på mobilmarknaden. Google er eit selskap med eit sterkt innslag av fri programvare-filosofi og dei har i tråd med den filosofien ikkje brydd seg med patentering. Men dei ser ut til å bli tvinga inn i patent-dansen av konkurrentane. Først gjekk dei på eit sviande nederlag i auksjonen av patentar etter Nortels konkurs. Apple, Microsoft og RIM med fleire, gjekk saman og vann auksjonen. Det var også ein auksjon der Googles "nerde-humor" fekk fri utfalding: Dei la inn bod med summar som representerte kjende størrelsar som m.a. Pi (3,14159... mrd dollar).

Patent på programvare?
Det store spørsmålet og stridstemaet er likevel patentering av programvare. Mange meiner det er ein uting, og noko som vil øydeleggja mykje meir enn det vil gagna utviklinga. Eg er av den oppfatninga. Richard Stallman, kjent for GNU og ein markant forsvarar av fri programvare, gir i ein artikkel i Guardian eit bilete av utviklinga på området i EU.

EPO og "unitary patents"
Mykje tyder på at EU ønskjer å følgja etter USA og opna for patentar også på programvare, men at det er strid mellom politikarar (EU-parlamentet) og byråkratar (EU-kommisjonen). EU-parlamentet stemde ned eit forslag frå kommisjonen som ville ha medført opning for å patentera programvare, men striden er ikkje over. Prinsippet om "unitary patents" er lansert og dersom det blir vedteke vil det medføra at patentar innvilga av European Patent Office (EPO) automatisk blir gjeldande for alleEU-land, og at det blir EPOs regelverk som blir gjeldande. Og EPO vil vera interessert i å utvida området for patentering mest muleg, det er jo kjerneverksemda deira.

BellBoy-saka
Her i landet har vi den kjende BellBoy-saka frå eit tiår tilbake der firmaet BellBoy fekk patent på prosessen med billettbestilling over nettet. Patentet vart innvilga i 1993 og omfatta ei e-handelsløysing som mellom anna kunne brukast til å bestilla kinobillettar via nettet. Patentet framstod som latterleg, som får ein til å lura på dei som sit og innvilgar patent (i Norge er det Patentstyret som innvilgar patentar).

Det vart rettsak mellom BellBoy og Filmweb som nekta å betala lisens til BellBoy, og BellBoy tapte saka. Saka skapte stor interesse og mykje frustrasjon. IKT-Norge varsla også søksmål mot BellBoy på vegne av ikt-bransjen, rettsaka mot Filmweb oppheva i praksis patentet. Men i USA har til sømes Amazon fått patent på prosessen "One-click"-bestilling; at du ved hjelp av eitt klikk kan ordna heile transaksjonen.

Berre til glede for advokatar
Patent på programvare er problematisk av fleire grunnar, men ikkje minst fordi det fort blir patent på idéar. Som vi veit gir  ikkje opphavsretten rett til vern av idé, berre utforming. Veldig mykje (alt?) av programvare byggjer på anna arbeid og andre sine idéar. Dersom det blir opna for patent for programvare, vil det bli vanskelege tider for programutviklarar framover. Det er vel berre ein sektor som vil gleda seg over eit slikt utfall: advokatstanden.

Om du ønskjer ei grundig vurdering av dei ulike patentsøksmåla på smarttelefonar og nettbrett, er bloggen Foss Patents av Florian Mueller ein plass å starta.

[Illustrasjon frå Wikipedia]

Ingen kommentarer: