lørdag 6. august 2011

Den vanskelege vegen vidare

Det er gått to veker sidan den tragiske fredag 22. juli. Sjokket har lagt seg og mange spørsmål blir etter kvart stilte, både til korleis det er muleg at noko slikt kan skje utan at politiet oppdagar det før, og om politiet kunne komme raskare til Utøya.

Historisk leiarskap
Ein ting alle er einige om, er den gode leiinga politikarane viste i tida etter katastrofen. Særleg har statsministar Jens Stoltenberg imponert, ikkje minst med den tonen han sette straks ulykka hadde skjedd. I tillegg har han vore veldig til stades frå første stund, og vist i praksis kva han meiner med meir openheit.

Manifestet
Eg har lasta ned manifestet til den forrykte ABB, og eg kjende meg litt skamfull over å gjera det. Samtidig er det viktig å møta idéane som blir presenterte der, og som mange fleire enn mordaren vedkjenner seg. Manifestet er  ei merkeleg blanding av mykje rart; eit oppkok av mykje framandfiendtleg materiale. Han har teke litt her og litt der, frå publikasjonar (særleg bloggar) som støttar synet hans.

"Ikkje imponert over intelligensen"
Av mange tåpelege kommentarar er mellom anna professor i filosofi ved UiB, Lars Fredrik Svendsen, som seier at han "ikkje er imponert over det intellektuelle nivået til ABB". Det er ei arrogant akademisk haldning som skyggar for den viktige diskusjonen om korleis dette kunne skje. Vel er det mange logiske bristar i manifestet, og mykje å stilla spørsmål til, men språket det er skrive på og publikasjonen i det heile tyder på at det ikkje er noko i vegen med intelligensen isolsert sett. Det er andre sider ved mannen som synest heilt fråverande.

Eksempel: Han har mellom anna ei ganske lang utgreiing om jordbruk, og gjødsling spesielt, for nettopp å kunna kommunisera overbevisande med personalet når han skal kjøpa gjødsel. Han har sett seg inn i gjødselsbehovet for ulike vekstar, for å kunna velja ein mest muleg nitrogenhaldig type. Litt merkeleg er det likevel at det er sukkerroer (sukkerbete) han konsentrerer seg om, ein vekst som knapt blir dyrka i Norge. Som sagt er det ikkje intelligensen, men andre evner som synest varig svekka. Han verkar totalt ute av kontakt med den verkelege verda og har ein veldig akademisk innstilling til alt han skal gjera. Han verkar også som å leva i ei spel-verd, noko  tempelriddar-retorikken understrekar.

Skremmande omhyggeleg planlegging
Eg har sjølvsagt ikkje lese heile den 1516 sider lange publikasjonen, men skumma gjennom. Det er skremmande, men samtidig interessant, å sjå den detaljerte beskrivelsen av dekkoperasjonen. Veldig skremmande med tanke på at han har planlagt dette nitid i 9 år. PST har fått kritikk for ikkje å ha fått mannen på radaren, men når ein les manifestet og ser kor omhyggeleg han har vore nettopp med tanke på å unngå mistanke, synest eg kritikken blir feil. Eg trur ikkje me vil ha eit samfunn som kunne fanga opp dette, det ville bety ei overvaking av ein heilt annan karakter enn i dag.

Innstramming av kjøp av kjemikaliar
Det einaste punktet eg ser kunne bidrege til å avsløra udåden, er kopling av dei ulike kjemikaliane han har brukt for å laga bomba. Her vil det nok heilt sikkert komma innstrammingar i framtida (eg tolkar Stoltenbergs "men heller ikkje vera naive" som nettopp det). Ei slik innstramming er rimeleg når ein ser kor relativt enkelt det er for ein vanleg person å setja saman stoff til uhyre farlege bomber.

Ytringsfridom og debatt
Ein av dei viktigaste diskusjonane etter 22. juli er korleis me skal møta ytterleggåande krefter som ABB og hans like. Mange vil stramma inn på ytringar og prøva å kvela dei på den måten. Det trur eg er ein feil strategi. Her må me som Stoltenberg seier møta det med meir openheit og meir demokrati. Det er viktig at ytringane kjem fram, men endå viktigare at ytringane blir møtte med argumentasjon frå "vår" side. Her har me alle eit ansvar, og me har nok vore for sløve og ikkje orka å ta diskusjonen. Me må rett og slett mobilera ein dugnad og passa på at alle framandfiendtlege ytringar blir møtte med konstruktiv argumentasjon, endå så ubehageleg det kan bli.

Paradoksalt nok er det ytringsfridommen for meiningsfeller av ABB me no må passa på. Det er det som er så vanskeleg med ytringsfridom - eit flott ord som ikkje betyr noko så lenge det ikkje er vanskeleg. Me såg det under karikatur-striden og -debatten, og me ser det også no. Men som også Frank Rossavik også peiker på i Bergens Tidende (05.08) må ein heller ikkje forveksla retten til å seia noko, med retten til å seia noko uimotsagt. Det siste må ingen forventa.

Endringar i debatten
Det er teikn som tyder på at debatten om innvandring og særleg ordbruken om/mot muslimar vil bli endra. Særleg vil FrP måtta gå mange rundar internt og sjå på retorikken. Den diskusjonen har alt begynt, og partiveteran Knut Hanselmann, ordførar i Askøy kommune, har teke til orde for at FrP må leggja om ordbruken i desse debattane. Også nettsamfunn som document.no, eit ganske krasst diskusjonsforum der ABB også var aktiv i ein periode, har gitt signal om at ordbruken skal gjennomgåast.

Bloggaren Fjordman har vore ein av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for ABB, og mange av blogginnlegga hans er gjengitt i manifestet. Fjordman har nyleg gått ut med identiteten sin og har også sagt at han vil slutta å bruka synonymet.

Det er vel og bra med refleksjonar som over, men det må heller ikkje bli slik at det ikkje blir lov å ytra meiningar mot innvandring eller kritikk mot islam. Som Frank Rossavik skriv i BT må me ikkje bli snille, men saklege.

Eg har stort sett lese Bergens Tidende i tida etter 22. juli, og er imponert over dekninga i avisa. BT er ei bra avis!

Anonymitet på nettet
Mange ropar også på innstrammingar i form av å nekta anonymitet i debattar o.l. Igjen er det kortsiktig tankegang. Hugs at ABB ikkje var anonym i dei fleste nett-debattane. Han skreiv under med 'Anders B.' og dermed kunne ein raskt finna fram innlegga han hadde posta på document.no. Ein annan ting er at anonymitet er eit viktig forsvar i mange samanhengar (varsling av ulike slag osv.). Dei arabiske revolusjonane i vår har vist oss kor viktig anonymitet er, men også her til lands finst det situasjonar der anonymitet er bra. Ein annan ting er at det er betre å få fram meiningar enn å undertrykkja dei.

Likevel tek mange til orde for å prøva å oppheva anonymiteten på nettet. Til og med ein stipendiat ved juridisk fakultet blir i BT sitert på at det burde vera enkelt å få bort dei mest ytterleggåande ytringane frå nettet. Då begynner eg å lura på både forståinga av ytringsfridommen, praktiseringa av lovverket me alt har og ei djupare forståing av korleis nettet fungerer.

Grunnleggjande kunnskapar om nettet
Det siste punktet, ei djupare forståing av korleis nettet fungerer, lurer eg på om politiet og PST kanskje manglar. Eg vil som sagt ikkje kritisera PST ut frå det me veit i dag, samtidig tenkjer eg at ei bør styrka kunnskapen sin om  Internett generelt, og sosiale medium spesielt. Eg har ei kjensle av at det framleis er mange som ikkje fullt ut forstår godt nok krafta og mulegheitene i nettet, og då blir det også vanskeleg å vera på høgde med, og gjerne føre var, i slike situasjonar. Og det seier eg også som motstandar av datalagringsdirektivet og andre innstrammingar. Eg meiner det passar godt inn i Stoltenberg si oppmoding om meir openheit, men samtidig ikkje bli naive.


Ingen kommentarer: