søndag 17. juli 2011

Dansk og norsk jazz

Danskane har lange tradisjonar for nært samarbeid med amerikanske (les amerikansk som 'USAnsk') jazz-musikarar. Alt frå 1950-talet var Danmark eit populært land for amerikanske jazzmusikarar, og store namn som Stan Getz, Oscar Pettiford, Dexter Gordon, Ben Webster, Thad Jones med fleire busette seg i landet. Jazzhouse Montmartre var ein sentral samlingsstad for danske og amerikanske musikarar (og andre). Seinare tok Copenhagen Jazzhouse over som den sentrale møteplassen for jazz i København.

Thad Jones var mellom anna leiar av DR Big Band (Danmark Radios BB), noko som heilt klart har sett sitt preg på særleg dansk storbandjazz. Det forklarer at ein kan finna utilslørte soul-/funkstorband som MI22 (biletet) som framfører amerikansk-inspirert storbandmusikk på høgt nivå (bandet har faktisk spelt med Thad Jones). Her til lands ville det nærmast vera utenkjeleg anna enn på amatørnivå.

Stolte amerikanske inspirasjonar
Danskane legg ikkje skjul på den amerikanske inspirasjonen, og Copenhagen Jazz Festival er også prega av dette, på ein positiv måte. Den amerikanske påverkinga kjem til uttrykk gjennom ei utover-retta haldning til musikken der underhaldning av publikum er eit mål.

Norge: Alt bortsett frå amerikansk
Dette står til dels i sterk kontrast til den norske jazzen og dei norske haldningane. Her overforenklar eg sjølvsagt biletet, for det finst variasjonar og unnatak. Men for norske jazzmusikarar har det nærmast vorte tabu å seia at du er inspirert av amerikansk jazz. Det er "såå 50-/60-tals". Norske jazzmusikarar skal helst vera inspirerte av norsk folkemusikk (det er jo forsåvidt bra), indisk raga, kinesiske pentaton-skalaer, ghanesiske trommer - kort sagt alt bortsett frå amerikansk musikk.

Sært og gravalvorleg
Legg til også ei meir innoverretta haldning til musikk og publikum, og du får eit bilete der jazz blir noko sært og gravalvorleg. Eg saknar den vitale, livsglade musikkhaldninga og musikken som jazzen ein gong representerte. Det betyr ikkje at musikken må vera nostalgisk og "neo-bop"-orientert, berre at ein tek med seg dei mest positive sidene av jazzrøtene.

Norsk jazz = ECM?
Norsk jazz har vore sterkt prega av selskapet ECM (Mannfred Eicher), og det har skapt ein eigen "sound" som står langt frå den amerikanske. "Amerikansk" er her i litt overført tyding, for det finst også amerikanske artistar i ECM-stallen (ikkje minst store namn som Keith Jarrett). Eg meiner likevel at ECM-dominansen har vore litt for sterk her til lands, og at me med den har mista litt av den sprudlande, overskots-baserte musikken som jazz i høgste grad kan og bør vera.

Norsk jazz som har nådd ut
Det er interessant å sjå på dei få publikumssuksessane innan norsk jazz. Utanom Jan Garbarek, som ei nokså einsleg stjerne med sin høgst eigenarta musikk, er det få som har evna å nå ut til eit breiare publikum. Eit eksempel er gruppa Come Shine, som for snart 10 år sidan var noko så sjeldant som ei jazzgruppe med ein appell som nådde langt utanfor dei tradisjonelle, litt lukka, jazzkrinsane. Eg meiner det skuldast nettopp den utoverretta, overskots-baserte musikken som brukar det beste frå amerikansk jazz.

Come Shine avslutta samarbeidet for 4-5 år sidan, men er samla att i høvet opninga av Oslo Jazzfestival 15. august - ei opning som markerer 25-årsjubileum for OJF.

Ingen kommentarer: