fredag 10. desember 2010

Wikileaks og Nobels fredspris


Det er interessant at stormen rundt WikiLeaks skjer samtidig med utdelinga av årets Nobelpris for fred. Det gir grunn til refleksjonar.

Viktig fredspris
Først må eg seia at eg ikkje har noko i mot tildelinga av årets fredspris. Fengslinga og behandlinga av Liu Xiaobo, og mange som han, er ikkje akseptabel og kan ikkje unnskyldast med generelt betre økonomiske kår for store delar av folket i Kina. Det er ein uhyrleg argumentasjon, og eg er overraska over at personar som Johan Galtung får seg til å seia slikt.

Ytringsfridom viktig i Kina, men ikkje i USA?
Men tildelinga av fredsprisen kjem i eit litt merkeleg lys når mektige vestlege land driv klappjakt på WikiLeaks og fronfigur Julian Assange. Ein hovudgrunn for å gi Xiaobo fredsprisen er å visa Kina at dei må respektera ytringsfridommen som ein grunnleggjande menneskerett.

Idealet om ytringsfridom ser derimot til å vera fullstendig gløymt i USA og mange allierte land der dei kastar seg over WikiLeaks. Eg går her ut frå at WikiLeaks ikkje har skaffa seg informasjon på ulovleg vis. Det er ikkje ulovleg å ta i mot, og publisera, informasjon sendt frå andre kjelder, enten den er gradert eller ikkje. Viss så var tilfelle ville all vestleg media vore lovbrytarar.

Bedrifter med sjølvsensur
Det er også skremmande å sjå kva amerikanske (USAnske) firma utfører av sensur etter trykk frå myndigheitene. Eg er svært skuffa over at eit selskap som Amazon kan finna på å stengja Wikileaks ute frå tenestene sine. Og det frå eit selskap som har sal av det frie ord som hovudinntekt! Mastercard og Visa er ikkje betre. Som Thomas Seltzer sa på "Nytt på nytt" i kveld: Det er lov å gi pengar til Ku-Klux-Klan, men ikkje til WikiLeaks.

Utanriksministar utan ytringsfridom-prinsipp?
Eg er heller ikkje veldig imponert over utanriksminister Jonas Gahr Støre si vurdering, rett nok hardt pressa som gjest hjå Hillary Clinton. Eg hadde likevel venta meir frå superministaren. Men i ytringsfridoms-spørsmåla har han eit par riper i lakken. Han kom ikkje spesielt heldig ut av saka om Muhammed-teikningane og Magazin-redaktør Vebjørn Selbekk heller.

Lys mot ukultur
Eg er generelt tilhengjar av mest muleg openheit. Eg trur openheit og innsyn er det viktigaste grunnlaget for eit godt fungerande demokrati, saman med ytringsfridommen. Det er sikkert slik at enkelte saker bør haldast hemmeleg, men alt me har fått av innsyn i hemmelege tenester har fått meg til å tenkja at der ting er lukka, der vil det uansett utvikla seg ein ukultur.

Det blir spennande å sjå i den vidare utviklinga om prinsippa for ytringsfridom blir sett til side, slik det ser ut som akkurat no.

--------------
11.12.10
Dagens Næringsliv ved Sofie Mathiassen tek opp den same koplinga i ein velskriven kommentar i dag. Ho minner om Obamas tale til kinesiske studentar i Shanghai i mars 2009:

I can tell you that in the United States, the fact that we have free internet - or unrestricted internet access - is a source of strength
Og der kom jammen svingdøra tilbake, midt i fleisen!

Ytringsfridom er lett så lenge det er snakk om prinsipp og den ikkje blir brukt til brysomme uttalelsar. Når den blir sett på prøve, som i Muhammed-karikaturane og Wikileaks-saka, blir det straks problematisk.

Ingen kommentarer: