tirsdag 14. desember 2010

Nettet slår tilbake!

Stormen rundt WikiLeaks har fått fram mange interessante ting. Ein av dei er forsøka på å stengja wikileaks.org. Amazon stengde serveren der tenesta låg, og registrar-firmaet EveryDNS sletta DNS-oppføringa, begge etter press frå myndigheitene i USA.

Men Internett er laga for å stå i mot angrep mot enkelt-punkt - det var heile føremålet med ARPANET-prosjektet. Paul Baran, ein av grunnleggjarane av Internett, er tydeleg på fordelane med eit distribuert system på det punktet i den berømte artikkelen "On Distributed Communications Networks" frå 1962:

But, as destruction of a small number of nodes in a decentralized network can destroy communications, we shall turn to consider the properties, problems, and hopes of building communications networks that are as "distributed" as possible.

Baran og Arpanet tenkte nok først og fremst på fysiske angrep, men det gjeld også andre typar forsøk på å eliminera kommunikasjon.



I den nemnde artikkelen skisserer Baran ulike typar nettverk, med det sentraliserte og det distribuerte som to hovudtypar. Det desentraliserte (i midten) er berre ein variant av det sentraliserte.

Han viser så kvifor det distribuerte er overlege med tanke på overlevelsesevne, som han kallar det.

I USA har dei nok mange ganger angra på at dei finansierte Arpanet, både i Pentagon og i Det Kvite Hus. Internett har for mange vorte eit ukontrollerbart monster, og Wikileaks er berre eitt av mange eksempel.

Nettet har vorte det digitale svaret på trollet som får kappa av eit hovud, berre for å sjå at det veks fram tre nye. Skilnaden er at på nettet prøver du å stengja ein nettstad, berre for å sjå at det poppar opp tusen nye. I skrivande stund er Wikileaks kopiert til over 2 000 nettstader! Paradoksalt nok var aksjonane mot nettstaden med på å gjera den tryggare enn nokon sinne.

Men det er grunn til å minna om at nettet ikkje byggjer på noka naturlov og at fordi om det er ganske fritt og ukontrollerbart sett frå eit myndigheitsperspektiv, ikkje treng å bli slik i framtida.

"Code is Law" er Larry Lessigs gode oppsummering og der viser han oss at nettet er programvare og at lova kan kodast i denne. Internetts framtid ligg i kva reguleringar som blir lagde inn i koden, og det er naivt  å tru at Wikileaks og andre episodar i det siste ikkje får mange myndigheiter til å pressa på for strengare regulering.

Ingen kommentarer: