fredag 31. desember 2010

"Freedom"


Er "Freedom" av Jonathan Frantzen årets mest oppskrytte roman? Ja, det vil eg påstå. Eg seier ikkje at boka er dårleg, men eg meiner den på langt nær er så bra som dei mange ovasjonane skulle tyda på.

Som eg skreiv i omtalen av "Innsirkling" la eg vekk "Freedom" fordi eg opplevde starten som treg, og med tanke på 562 sider, var eg rett og slett i tvil om eg hadde lyst å bruka tid på boka. I mellomtida las eg altså "Innsirkling", og starta så på "Freedom" på nytt (originalutgåva).

Det er eit stort anlagt epos JF dreg opp. Det er "the rise and fall of" familien Berglund som er hovudinnhaldet. På eit meir overordna plan er det kampen mellom industri og miljøvern i tillegg til spenninga mellom krig og fred (ikkje heilt tilfeldig les ein av hovudpersonane Tolstojs "Krig og fred").

Men like mykje som spenninga mellom desse motsetningane er eit hovudspørsmål  etiske dilemma knytt til handlingar innafor desse tema. Det er miljøvernaren som blir i overkant pragmatisk og endar med å tena gruveindustrien sine interesser, og det er profitøren som tener grovt på spekulativ handel med det amerikanske  forsvaret i samband med Irak-invasjonen.

Det er kanskje "den store amerikanske romanen" Frantzen har skrive, eller har hatt ambisjonar om å skriva. Det er eit litt forslitt uttrykk, men samtidig noko USA har vore oppteken av til alle tider. Ulikt Russland, Frankrike, England, har ikkje USA eigentleg klart å få fram "den store amerikanske romanen".

Men romanen famnar ikkje heile det amerikanske samfunnet, den handlar om den kvite middelklassen. Boka kan lesast som ein kritikk av den småborgarlege middelklassen, men eg oppfattar at kritikken ikkje stikk så veldig djupt. I så måte minner den meg om filmen "American Beauty" som kom for nokre år sidan. Også den kritisk til verdiar og levesettet til middelklassen, men likevel berre "skin deep".

Etter å ha lese Carl Frode Tillers "Innsirkling" verkar familiedrama i "Freedom" meir overflatiske og ikkje så djuptloddande. Tiller skriv psykologisk skremmande godt der Frantzen er ein historieforteljar, men utan dei same evnene til å få familieproblema skikkeleg truverdige.

Avslutninga er ein skuffelse, ein skikkeleg happy ending som du berre ser på amerikansk film. Eg må også kommentera omslaget på boka: Det er ser ut som det er utforma av nokon som har oppdaga Word Art for første gang!

Mykje negativt her, men boka er ikkje dårleg. Den er etter mi meining berre ikkje så god som mange vil ha det til. Den er i tillegg altfor lang; eit godt norsk forlag ville ha kutta mykje her. Me har norske forfattarar som på mange måtar "grusar" Jonathan Franzen.

2 kommentarer:

Idun sa...

Interessant å lese kva du synst om boka. No er eg berre heilt i starten, men eg har valt å ta ho inn som lydbok på originalspråket. HarperCollins si innlesing kostar berre 144 kroner på iTunes! (Ops, banna eg i kyrkja no?) Så langt har det vore vellukka, sjølv om det kan vere vanskeleg å kombinere lyttinga med t.d. matlaging når opplesaren durar av garde på engelsk.

Svein Ø sa...

Eg håpar eg ikkje gir deg fordommar som påverkar inntrykket for mykje. Interessant å høyra korleis lydboka verkar, kanskje den gir eit anna inntrykk?