søndag 13. juni 2010

Altinn - Ikkje akkurat døgnopen forvaltning


"Altinn er ikke tilgjengelig
Altinn er stengt fra fredag 11. juni kl 1600 til tirsdag 15. juni kl 0800 i forbindelse med produksjonssetting av ny versjon. Altinn Brukerservice er også stengt i denne perioden."

Dette står å lesa på www.altinn.no, og det er så langt frå døgnopen forvaltning som du kan komma. Det er ganske utruleg å lesa noko slikt i juni 2010!

'Døgnopen forvaltning' var slagordet til Stoltenberg I-regjeringa, men vart droppa då Jens laga ny regjering etter Stortingsvalet i 2005. Og det var kanskje like greitt at han ikkje tok med seg slagordet, i alle fall sett på bakgrunn av Altinn.

Stenginga av Altinn i nesten 4 døgn (!) er så lite i tråd med web-ens natur som det går an. Me kan ikkje ein gong snakka om web 1.0, for dette høyrer til tida før web-en. Den gongen kunne ein sjølvsagt ta ned eit system i fleire dagar for vedlikehald og oppgradering, i dag bør det ikkje vera muleg. Med web 2.0 er krav og forventningar skjerpa ytterlegare og publikum forventar no 24/7 året rundt.

Viktige web-tenester må oppgraderast kontinuerleg medan dei er i bruk. Det er som professor Erik Monteiro ved NTNU sa i opningsforedraget på NOKOBIT 2009: " Det er som å byggja om ein jumbojet - i lufta!". Tøft, men heilt nødvendig.

Tenk deg nettbanken som annonserer at dei stenger tenesta i 4 dagar for oppgradering. Eller at Google skulle annonsera det same. Det ville sjølvsagt vera reine sjølvmordet. Men offentleg sektor kan dessverre gjera som dei vil, for det er ingen alternativ. Akkurat her viser dei korleis slike posisjonar blir misbrukte.

Det er å håpa at Altinn (og det er vel Skatteetaten som står bak?) ikkje slepp unna med dette utan bråk. Slikt bør ikkje kunna skje i vår tid, offentlege etat eller ikkje.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Tror ikke jeg ville vært ombord i jumbojet'en din dersom både motorer, kabling og styresystem skulle skiftes ut i lufta. Enig i at informasjonen kunne vært bedre, men har ellers forståelse for at en slik løsning må tas ned av og til, spesielt når vi får 5 dager utvidet leveringsfrist. :)

Anonym sa...

Du har sikkert rett i at DEN GAMLE ALTINN-løsningen ikke akkurat er web 2.0. Kanskje poenget med den nye teknologiske plattformen er å få på plass tjenesteorientert, modulær arkitektur som vil muliggjøre det du beskriver i åra framover? Og så er det kanske "litt" data som må konverteres fra gammel til ny løsning, eller ka du tru?

Svein Ø sa...

Det er sikkert mange gode grunnar til å ta ned Altinn-tenesta for oppgradering - isolert sett. Men igjen, me lever i 2010 og ei internett-verd der ein ikkje lenger kan tenkja slik.

Ei kommersiell teneste som hadde gjort det same, ville risikert sjølvmord. Det bør gi grunn til ettertanke. Altinn kan samanliknast med ein nettbank, og eg er sikker på at Skandiabanken aldri ville ha vurdert tanken på å stengja i fleire dagar.