torsdag 3. desember 2009

Kvalitet '09

Kvalitetskonferansen 2009, arrangert av Difi, går av stabelen på Radisson Plaza Hotel i dag, 3. des.

Hans Chr. Holte, direktør i Difi, opnar konferansen med å peika på at tillit og kvalitet er to heilt sentrale aspekt ved offentleg sektor. Dei to begrepa heng også tett saman; utan god kvalitet heller ikkje god nok tillit til det offentlege.

Difi sine eigne nettsider, www.difi.no, www.anskaffelser.no og www.prosjektveiviseren.no, har begge fått 5 stjerner. difi.no går opp frå 4 stjerner i fjor. Men dei har også nettsider som skårar dårlegare (kan det vera www.norge.no han snakkar om??). Målet er at www.difi.no skal ha 6 stjerner neste år.

Vanskeleg å få brukarane til å fortelja kva som er viktig ("don't listen to the users" som Jakob Nielsen pleier å seia

Astrid Mjærum, informasjonssjef i Statens lånekasse.
Off. sektor er som østers: best når den er opna opp.
Liste (kanon) over kva ein informasjonsarbeidar/kommunikatør må ha i tankane i arbeidet sitt, med referanse til bøker:

1. Saman er ein mindre aleine
Offentleg sektor må snakka saman og på den måten utveksla informasjon på ein enklare måte, gjennom intern samordning.

2. Norges lover
Viktig at lovene blir tilpassa verkelegheita: Lånekassa må t.d. senda ut brev dersom ein søkjar ikkje har vore innom nettsidene i løpet av 7 dagar etter ei el. utsending.

3. Frøken detektiv
Gjennom direkte tilbakemeldingar frå brukarane og analyse av nettbruk og veit Lånekassen mykje meir om brukarane og treng ikkje gjennomføra dyre og tidkrevjande brukarundersøkingar.

4. Delte meninger
Spørsmålet er ikkje om, men korleis offentleg sektor skal bruka sosiale medium.
Lånekassa satsar på Twitter og ikkje Facebook (Facebook blir "feil" i forhold til brukargruppa - blir for teit å vera "venner" med Lånekassa). Har fått mange nyttige tilbakemeldingar via Twitter.

5. IKEA-katalogen
Folk elskar å ordan opp sjølve, og offentleg sektor sparer store summar på denne sjølvbeteninga. Offentleg sektor tek etter privat sektor og flytter grensene for kva organisasjonen skal gjera og kva innbyggjaren skal gjera.

6. Pippi
Offentleg sektor har meir eller mindre ferdige plattformer å ta i bruk, mange av dei utan kostnader (Flickr, Google Analytics, WordPress). Desse plattformene er mykje "kulare" enn det off. sektor sjølve ville klart å få til på eiga hand.

7. Anarconomy
Danske Institut for Fremtidsforskning har gitt ut boka med denne tittelen og den tek for seg den nye gratiskulturen og prøver å
Overført til offentleg sektor snakkar Astrid Mjærum om CopyLeft som eit begrep for delingskulturen. Her blandar ho (eller Anarconomy?) litt begrepa. Offentleg sektor har ingen opphavsrett på sine "verk". Copyleft er eit lisensieringssystem særleg brukt for programvare. GPL - General Public License - særleg gjort kjendt av Richard Stallman, mannen bak GNU-programvara.

Målet til Lånekassa er at alle skal bli fornøyde på første forsøk!

Erlend Schei, Finn labs
Finn labs er Finn.no sin sandkasse for ny teknologi, ein parallell til NRKbeta.
Noko må dei ha gjort rett:
- 285 mill. besøk i 2008
- 60 besøk pr. nordmann
- 9 milliardar sidevisingar
- verdien av omsetninga på Finn er over 500 milliardar (skulle ha satsa på transaksjons-provisjon!)

Har likevel gjort fleire skivebom, nokre svært kostbare. Brukar eksempel med bustadplanleggjar utvikla av Kongsberg-gruppen. Det vart dyrt og dårleg. Dei utvikla også ein Java-appl. til mobilar, heller ingen suksess fordi det vart sett ut og det var ingen som hadde eigarskap til løysinga.

Erlend Schei pirkar også i Difi sine ansvarsområde: ehandelsløysinga som ikkje har særleg med brukarar. Har dei sjekka med brukarane kva behov dei har?

Finn R&D er eit sett med metodar og verktøy for å gjennomføra nye prosjekt:
Rett retning -> gjera dei rette tinga -> gjera ting rett -> kontroll og oppfølging

Brukarundersøkingar, brukardialog og brukartestar er viktige komponentar her.

Brukar Finn labs tidlegast muleg i ein utviklingsfase for å høyra med brukarane korleis dei helst vil ha ting.

Kva er det som verkar og kva er det som ikkje verkar? Alt som forenklar kvardagen til brukarane verkar! Det som ikkje fungerer er intern informasjon som ein prøver å "dytta" på brukarane ("eigensynsing"). Også viktig å vera til stades, elles døyr diskusjonen og saka. Aktiv bruk av Twitter er med og forlengjar ei sak/ein diskusjon.

Få fram poenget tidleg, helst i overskrifta. Blås ut poenget! Ver også lynrask med tilbakemeldingar når du er så heldig å få kommentarar.

Gullet ligg i dei gode diskusjonane og tipsa dei får frå brukarane!
Finn labs har vorte den viktigaste rekrutteringskanalen for å få nye tilsette.

Ekspertpanel:
Aud Marie Hauge, Epinova
Eirik Hafver Rønjum, Netlife Research
Frank Fardal, Difi
Leiar av paneldebatten: Jostein Magnussen, Netlife Research

Prioritering av innhald (med www.nav.no) er ein vanskeleg ting. Ofte blir det køyrt på med lenker og alt framstår som like viktig. Så må ein inn etterpå og laga snarvegar til visse delar av innhaldet (som EHR meiner er ein fallitterklæring i seg sjølv).

Paradoksalt nok blir det to diskusjonar i salen: paneldebatten og diskusjonen på Twitter. Litt dårleg at dei to ikkje er betre integrerte (vart litt betre av at twitter-taggen #kvalitet09 vart vist på storskjermen).

Endringar i kriteriesettet: Det vil bli endringar i kvalitetskrava og det vil bli ein open prosess slik som i år (bruk av blogg). Vil vurdera meir bruk av 'ikkje relevant' for verksemder som av ulike grunnar ikkje treng eller har visse typar tenester.

Kvifor har ein brukt Flash for å fornya Reiserekninga? Ubrukeleg når det gjeld tilgjengelegheit. Og kvifor i all verda bruka Flash til dette?

Sp.m. frå salen: Kval.kriteria legg for lite vekt på brukarvennlegheit. Kan bli beste off. nettstad og likevel ikkje vera særleg brukarvennleg. Eirik Hafver Rønjum: Vanskeleg å gjera gode vurderingar med så lite ressursar til rådvelde. Må bli ein del enkle testar, t.d. LIX, som eigentleg ikkje seier noko som helst (eller verre: premierer feil som t.d. feil orddeling).

Årets resultat
Årets evaluering har omfatta i alt 684 nettstader. Med 33 indikatorar blir det heile 22 572 enkeltvurderingar. Då er ikkje klager og revurderingar tekne med. I gjennomsnitt tek ei evaluering av ein nettstad 75 minuttar. Då seier det seg sjølv at informasjonen ikkje kan vera vanskeleg tilgjengeleg om det skal bli poeng. I alt var det 238 tilbakemeldingar etter at resultata vart sende ut.

Tilgj.heit: 64 %
Brukartilpassing: 68 %
Nyttig innhald: 54 %
Totalt : 62 % (55 % i fjor)

Mange skårar 100 % på tilgjengelegheit. Ingen har full skår på brukartilpassing og nyttig innhald.

6 stjerner: 45 stk.
5 stjerner: 150
4 stjerner: 249
3 stjerner: 202
2 stjerner: 36
1 stjerne: 2

Markert framgang sidan 2008 (kriteriesettet er nesten uendra frå i fjor), over dobbelt så mange som oppnår 6 stjerner i år som i fjor.

Krav er ingen garanti i seg sjølv for gode resultat dersom ein ikkje forstår eller ynskjer å oppfylla intensjonen bak krava.

Om lag 4 % (190 000) av brukarane har nedsett syn (då er ikkje dei som brukar briller eller linser rekna med). Det betyr at god kontrast på skrifta er viktig, det same er gode mulegheiter for regulering av skriftstørrelse.

Årets prisar blir delte ut av statssekretær Inger-Anne Ravlum, Fornyings- og adm.dep.

Årets tilgjengeheitspris: Sørum kommune

Årets kommunale nettstad:
Tromsø kommune

Årets statlege nettstad: Regjeringa.no

4 kommentarer:

Trond sa...

Kva med brukarane si oppfatning av nettstaden. Den burde vore med tykkjer eg

Guttorm Flatabø sa...

CopyLeft er eit godt begrep for lisensieringsregime/delingskultur som brukar copyright-lovgjeving til å "gje brukarane tilbake rettane dei mistar med copyright". Altså andre vegen, "left" istaden for "right".

Det har tradisjonelt blitt brukt om GPL sin klausul om at endringar skal delast vidare, at ein ikkje kan låse kode som ein har fått tilgang til gjennom GPL. Men det passar like godt på "Deling på like vilkår"/ShareAlike-klausulen som ein kan velje for Creative Commons-lisensar.

Det er forskjellig kva rettar offentleg sektor har til sine "verk", i USA går ein stor del direkte til Public Domain, noko som gjer at amerikansk innhald får stor spreiing og påverknadskraft i verda. I Norge har staten eit heller svakt unntak frå opphavsrettslovgjevinga som ikkje dekkjer særleg store deler av statens virke. Slik har det seg at kartdata i USA alltid har vore frigjort, medan Kartverket i Noreg kan laga ei stor sak ut av at publikum får lov til å ta i bruk ei kartteneste frå kartverket tilsvarande Google Maps (dvs. med store begrensingar og inga frigjeving av data). Korleis det er i Danmark veit eg ikkje.

Sjå elles:
http://en.wikipedia.org/wiki/Copyleft
"Copyleft is a play on the word copyright to describe the practice of using copyright law to remove restrictions on distributing copies and modified versions of a work for others and requiring that the same freedoms be preserved in modified versions."

Svein Ø sa...

@Trond
Einig, det ville vore interessant å gj.føra t.d. brukartestar av dei beste i kvalitetsevalueringa for å sjå om det også blir gjenspegla her.

I Danmark gjorde dei det for nokre år sidan, og fekk seg ei lita overrasking..

Svein Ø sa...

@dittaeva
Takk for grundig orientering om CopyLeft.
Men hovudregelen er etter mi forståing av offentleg sektor ikkje har opphavsrett på sin "produksjon". Dermed blir CopyLeft-begrepet litt feil for deling i offentleg sektor. Det burde vore sjølvsagt at off. sektor delar informasjon og data så sant det ikkje strir mot andre lover og reglar (personvern m.m.)