mandag 7. september 2009

Ars Electronica, Linz

Det vart dessverre ikkje mykje tid til å sjå seg om i Linz, då Østerrike-turen i forrige veke i hovudsak vart i Wien. Men som ein del av det utanomfaglege programmet på Dexa/eGov '09 var det besøk på museet Ars Electronica. Det er eit museum for elektronisk kunst, og det feirer 30 år i år. Jubileumsutstillinga var under oppbygging, difor var ein del av museet ikkje tilgjengeleg.

Men av det me fekk sjå var det ein del fascinerande ting. Og kanskje ikkje så overraskande: mellom det mest fascinerande var ein 100 % mekanisk innretning. Det var ein elektromotor som dreiv ei rekkje tannhjul. Tannhjula hadde 50 tenner og var kopla saman slik at utvekslinga vart 1:50 (ei full omdreiing av det første tannhjulet flytte neste tannhjul ei tann). I alt 12 tannhjul var kopla saman, difor gjekk farten ned omvendt eksponensielt. Det siste tannhjulet ville trengja meir enn 2 trillionar år på å fullføra omdreiinga! Til alt overmål var det siste tannhjulet bolta fast i ei granittblokk og stod slik bom fast (eller den ville knusa granittblokka).

Det store spørsmålet er jo når vil maskineriet vil stoppa opp, dvs. elektromotoren brenn opp fordi motstanden blir for stor sidan det siste tannhjulet står bom fast. Dessverre hadde dei ikkje vore heilt konsekvente her sidan installasjonen hadde vore flytt og motoren slått av. Dei kunne difor ikkje seia kor lenge den har snurra til no.

Den andre imponerande installasjonen var ein video om universet. Med 3D-briller fekk me det romlege perspektivet og det var utruleg fascinerande å følgja ferda frå jorda, til planetane sine baner rundt sola, vidare til solsystemet vårt, andre solsystem rundt oss, Mjølkevegen, andre galakser og til slutt heilt ut til ytterkantane av det kjende universet. Alle punkt som vart viste var baserte på faktiske observasjonar, det meste frå Hubble-teleskopet.

Ars Elektronica er eit kjendt museum i Østerrike, og også utanfor Østerrike, og er vel verdt eit besøk.

Ingen kommentarer: