onsdag 4. mars 2009

Less is more

Wired har ein interessant artikkel om dei nye mini-berbare (netbooks) som har teke marknaden med storm og på mange måtar snudd opp ned på utviklinga dei siste åra. Fram til dei bittesmå berbare vart introdusert med Asus Eee, var det kraftigare og kraftigare som gjaldt. Så kjem ein pc som ytelsesmessig sett var å gå 3-4 år tilbake i tid, men som likevel vart omfamna med det same.

I artikkelen blir det trekt interessante linjer tilbake til utviklinga av OLPC med Mary Lou Jepsen i spissen. Hennar oppgåve, gitt av Nicholas Negroponte, var å laga ein kjempebilleg pc som skulle tåla tøffe, fysiske forhold. Det gjorde ho ved å tenkja nytt på mange område. Vanleg harddisk vart utelukka og komponentar vart plukka ut frå eit overordna mål om straumsparing. Skjermen var revolusjonerande ved at den til dømes utnytta lange tider med statiske bilete ved rett og slett å gjera den inaktiv. I eit lenger intervju med O'Reilly Radar fortel Mary Lou Jepsen om utviklinga av OLPC.

Asustek plukka opp ideane frå OLPC-utviklinga og lanserte den første Asus Eee. Konkurrentane vart tekne på senga, dei hadde ikkje sett for seg at ein berbar PC av denne typen kunne ha nokon sjanse i marknaden. No har alle dei store produsentane sin miniberbare.

Wired meiner dette er klassisk, omveltande (disruptive) innovasjon etter Clayton Christensens modell. Omveltande fordi den kjem undanfrå og set dei store og etablerte leverandørane delvis ut av spel.

Ingen kommentarer: