søndag 4. februar 2007

Krakatoa

27. august 1883 skjedde den største naturkatastrofen i moderne tid - ikkje etter tal menneskeliv som gjekk tapt, men med tanke på naturkrefter. Øya Krakatoa mellom Java og Sumatra (Sunda-stredet) gjekk bokstaveleg talt i lufta, berre ein liten del stod att.

Vår venn Simon Winchester, han med den gode nasen for bestseljarar, har sjølvsagt skrive bok om dette: Krakatoa - The Day the World Exploded. Og det er ein fascinerande historie, som alle naturkatastrofar.

Den vulkanske øya vakna til liv i mai 1883 og etter rundt 10 veker med små og større utbrot, bygde det heile seg opp og kulminerte i eit apokalyptisk inferno. Øya forsvann i ein kjempe-eksplosjon. Den var så kraftig at den kunne høyrast på øya Rodriguez utanfor Mauitius - det er snakk om nesten 5 000 km borte! Det er den kraftigaste eksplosjonen som er registrert i moderne tid.

Totalt mista rundt 36 000 menneske livet. Som så ofte med jordskjelv og vulkansk aktivitet i havområde, var det tsunamiar som tok dei fleste liva.

Simon Winchester tek seg god tid og dei første 116 sidene er via alt anna enn hovudtemaet. Dersom han hadde halvert lengda på boka, frå 400 til 200, kunne dette ha vorte ei god og poengtert bok. Men dessverre vart den dobbel så lang som nødvendig. Historien er likevel interessant.

Ingen kommentarer: