søndag 28. januar 2007

The Oxford English Dictionary

The Meaning of Everything - The Story of the Oxford English Dictionary heiter boka Simon Winchester har skrive om OED. Ein tittel som er meir enn ein munnfull, men så er det også noko mirakuløst over prosjektet og resultatet. Det tok over 70 år frå ideen vart presentert av Dean Richard Chenevix Trench i Philological Society i 1857, til første utgåva av OED vart presentert i 1928! Andre utgåve kom i 1989 og samla dei ulike tillegga etter 1928 i eitt verk.

Arbeidet med OED
Arbeidet med OED starta formelt i 1860 då den engasjerte redaktøren Herbert Coleridge la fram planen sin for arbeidet. Men Coleridge var sjuk og arbeidet stoppa gradvis opp og låg brakk nesten i 20 år. I 1879 vart skotten James Murray tilsett som redaktør og med han starta det verkelege arbeidet med ordboka. Murray er den som må krediterast det meste av æra for OED; han staka ut kursen og la lista for dei kvalitative ambisjonane. Og dei var ikkje små - det var det som gjorde at arbeidet tok så lang tid. Dessverre fekk ikkje Murray oppleva OED i første utgåve, han døde i 1915. Likevel var det han som forma arbeidet og sjølv den dag i dag blir arbeidet utført etter dei grunnleggjande prinsippa han utforma. Murray liknar forresten på prof. Humlesnurr i Harry Potter...

Kva er OED?
Ambisjonane var ikkje små: OED (som opprinneleg vart kalla New English Dictionary og som også heitte det i første-utgåva) skulle omfatta absolutt alle engelske ord som nokon gong hadde vore brukte i skriftleg framstilling. Metodisk var det altså eit empirisk arbeid; alle ord måtte refererast til ei skriftleg kjelde - enten ei bok, eit tidsskrift, ei avis el.l. Eksempel på bruk av ordet er då også den berande ideen i OED.

Eit anna svært viktig trekk ved OED er basisen i det registreringsarbeidet til tusenvis av frivillege. Desse personane fekk i oppgåve å lesa gjennom spesielle verk og senda inn eksempel på bruk av visse ord. Det er interessant å sjå i ettertid dette dømet på crowd-sourcing, det er ikkje alt som verkar nytt som faktisk er nytt. Dette er ein slags Wikipedia anno 1860!

Norsk ordbok
Når eg les boka tenkjer eg tilbake på diskusjonen om Norsk ordbok som var i media for eit par år sidan. Der vart arbeidet til ein gjeng støvete, gamle filologar ved UiO latterleggjort. Dei hadde arbeida i årevis med ordboka og var berre komne til bokstaven 'M' (eller noko slikt). Dei som lo av desse stakkarane, bør lesa boka til Winchester og tørka fliret. Det blir også vist til andre land sitt arbeid med ordbøker og den svenske ordboka tok til dømes 147 år før den vart ferdig i første utgåve i 1998!

Arrogante universitet!
Det er interessant, og ganske typisk, at arbeidet var knytt til Oxford-universitetet (dvs. Oxford University Press som utgjevar), men James Murray som mangla ein del formell utdanning, vart aldri akseptert ved universitetet og arbeida slik sett på trass av Oxford og ikkje på grunn av.

Samuel Johnsons ordbok
Den første skikkelege ordboka på engelsk var ikkje OED, men Samuel Johnsons Dictionary of the English Language, publisert i 1755. I skarp motsetning til OED, brydde ikkje Johnson seg om at forklaringane i enkelte tilfelle var upolitisk korrekte, for å seia det mildt. Det gjer også enkelte innslag i ordboka nokså underhaldande i ettertid:

"Oat: A grain which in England is generally given to horses, but which in Scotland feeds the people"
"Excise: A hateful tax levied upon commodities, and adjudged not by the common judges of property, but wretches hired by those to whom excise is paid"

Denne definisjonen kunne gått rett inn i Norsk ordbok under "parkeringsavgift"!

Kvaliteten på boka
Boka er interessant, og den er forbiletleg kort, ca. 250 sider i pocketutgåve. Winchester er ein profesjonell historeskrivar, han har gitt ut mange bøker om mange tema. Han er nok mest interessert i personane og prosessen bak OED, og viser eigentleg ikkje særleg interesse for det språklege.

Framtida for OED
Det veldige volumet til ordboka, eller rettare sagt ordbøkene - tredje utgåve vil vel nærma seg 30 bind! - gjer at det er verdt å spørja seg om papiret framleis er det rette mediet for verket. Gitt måten OED er skapt på, med basis i frivillege og med svært lågt betalte redaktørar og hjelparar i den første viktige fasen, meiner eg det er opplagt at Oxford English Dictionary må leggjast ut på nettet tilgjengeleg for alle. Det må tilbakeførast til dei som har skapt det!

Ingen kommentarer: