torsdag 29. desember 2005

Personas bananas

Alan Cooper lanserte 'personas' i boka 'The Inmates are Running the Asylum' i 1999. Etterpå har personas vore ein av favorittmetodane til informasjonsarkitekturar når nye nettstader skal formgjevast. Tanken er at viss ein prøver å tilfredsstilla alle, blir alle misnøgde. Då er det betre å peika på konkrete brukarar og tilfredsstilla dei. Brukarane er sjølvsagt fiktive, derav 'personas', men med svært menneskelege trekk ned til dei minste detaljane. Og akkurat her ligg faren; det blir for mykje detaljar og for mykje "gruppe-kos" med utforming av personas. Av og til går det så langt at dei ekte brukarane blir heilt gløymde og den empirien ein trass alt ofte har tilgang til, blir oversett i iveren etter å arbeida med personas. Dan Saffer i Adaptive Path tek opp desse problema i artikkelen Persona Non Grata.

Boka til Cooper er elles vel verdt å lesa. Hans tese om "kognitiv friksjon" - at brukaråtferd ofte er i kontrast til måten ting blir utforma på - er godt formulert og observert. Med kognitiv friksjon meiner Cooper at me ikkje kan løysa dagens problem i informasjonssamfunnet med verktøy frå gårsdagens samfunn. Men gårsdagens ingeniørar er ofte dagens programmerarar, i alle fall i hovudet, og då oppstår friksjonen.

Alan Cooper kunne lett ha vorte avfeid av programmerarar som ein av desse HCI-fyrane som ikkje har peiling på kva programmering går ut på. Men det går ikkje - Alan Cooper er programmerar så god som nokon. Han har ei imponerande CV på området, nok å nemna forløparen til Visual Basic (sjølv om ikkje alle ville seia at det representerer eit høgdepunkt i historia).

Tittelen på boka er jo også bra...

Ingen kommentarer: