søndag 27. november 2005

User Experience 2005

Det er no ei veke sidan User Experience 2005 i London vart avslutta. Jakob Nielsen med følgje (Nielsen Norman Group - NN/g) inntok byen og arrangerte (nok) eit straumlinjeforma arrangementet på luksushotellet Millennium Gloucester.

Vestlandsforsking var sjølvsagt på plass, ved meg sjølv og kollega Terje Aaberge. I tillegg var det 7-8 nordmenn blant dei 200-250 deltakarane. Sist me deltok på NN/g-seminar var i Munchen i 2000. Då var me dei einaste nordmennene. Det fortel meg at Usability og informasjonsarkitektur har begynt å få skikkeleg fotfeste i Norge i løpet av desse åra.

Konferansen varte frå 13. - 19.11 og det var relativt stramt program; frå 0900 til 17 eller 18 kvar dag. Terje og eg deltok frå søndag til onsdag.

Kvaliteten var bra, med enkelte glipp. Best var Peter Morville med informasjons-arkitektur I og II (to fulle dagar). Han er best kjent som medforfattar til referanseboka "Information Architecture for the World Web" (isbjørn-boka) saman med Louis Rosenfeld. Peter ga oss to interessante dagar og var flink til å engasjera deltakarane. Det var difor mange spørsmål og mykje diskusjon. Stoffet var henta frå IA-boka, men også frå den nye boka "Ambient Findability" (lemur-boka, her annonsert på Amazon)(lange, håplause URL-ar skal bli tema ein annan dag...).

"Search is the new interface" var eit av Peters postulat; interessant nok var han like oppteken av søk som av "klassisk" IA. No er det ikkje nødvendigvis noka motsetning her; det var utforminga av søkegrensesnittet han var oppteken av - spesielt resultatsidene. Søk er noko av det som fungerer dårlegast på nettet i dag, spesielt interne søk.

Jakob Nielsen var også bra i sitt foredrag om "Fundamental Guidelines for Web Usability". Han blir av og til skulda for å ikkje ha gjort noko nytt sidan 80- og 90-talet, men eg synest han var bra oppdatert.

Den som gjorde dårlegast inntrykk på meg, var Bruce "Tog" Tognazzini. Han foredrog om interaksjonsdesign, men det ga meg svært lite. Verka for meg som han stoppa på 80-talet; nesten alle eksempla hans var frå den tida han jobba med Apple.

Om det er verdt å reisa på ein slik konferanse: Ja, om du har råd til det, for det er ein relativt dyr konferanse (ca. NOK 19 000,-) for 4 dagar. Men vurder foredragshaldarane nøye på førehand, ikkje alle held like godt mål.

Ingen kommentarer: