Eg vart provosert av merkelappen "narkobaronen" i omtalen av Ross Ulbricht. For alle som kjenner historia til Ross Ulbricht og Silk Road er det ein omtale utan respekt og utan ei reell vurdering av saka. Med "narkobaron" blir RU automatisk sett i bås med forbrytarar som Pablo Escobar og hans like. Det er grovt urettferdig.
Eg sende difor lesarinnlegget under, men høyrde aldri frå Morgenbladet. Det er i seg sjølv eit dårleg teikn, særleg i desse dagar då redaktørstyrte medium rettar søkjelyset mot Jeff Bezos' inngrep og styring av den redaksjonelle linja i Washington Post. Bezos' handling er eit angrep på det viktige skiljet mellom eigar og redaktør i ei publiseringsverksemd, og det er god grunn til å reagera på framferda hans. Men då må dei som ropar opp også sjå seg sjølv i spegelen og ta ein diskusjon om korleis dei sjølve forvaltar den viktige ytringsfridommen. Eg meiner ikkja at Morgenbladet eller andre skal publisera alle innlegg dei får tilsende, men i det minste bør dei formidla avslag. I staden skriv dei "Går det fem arbeidsdager etter det uten at du får svar, kan du sende innlegget videre." Det tykkjer eg er for dårleg.
Narkobaronen Ross Ulbricht?
Då eg såg tittelen på Karima Furuseths artikkel om Ross Ulbricht, frykta eg det verste. Med uttrykket «narkobaron» blir Ross Ulbricht sett i bås med Pablo Escobar og hans like. Då er det vel ikkje tvil om at Ross Ulbricht var ein forferdeleg fyr, og at å sleppa han laus var endå ei uhyrleg sak frå president Trump?
Så er heldigvis
artikkelen meir balansert, men med merkelappen klistra til namnet, er skaden
alt gjort. Ross Ulbricht var mannen bak Silk Road, som Furuseth skriv, og
tenesta var ei slags finn.no for både lovlege og ulovlege varer. Dei siste var
mest populære, og særleg var narkotiske stoff ei populær handelsvare. Det er
ikkje tvil om at Ulbricht braut amerikansk lov, men det er heller ikkje tvil om
at dommen mot han var hinsides rettferd og proporsjonalitet, noko mange i det
amerikanske rettsystemet også har peika på.
Furuseth skriv vidare
at Ross Ulbricht vart funnen skuldig på alle tiltalepunkta. Det stemmer også,
men la oss sjå på tiltalepunkta han vart dømt for:
·
engasjement
i ei pågåande kriminell verksemd
·
sal og distribusjon av narkotika
·
kvitvasking
av pengar
·
dokumentfalsk
·
datahacking
For dette fekk han
ein dom på to ganger livstid pluss 40 år (i amerikansk rett blir
straffeutmålinga for kvart tiltalepunkt lagt saman til slutt, difor denne
meiningslause dommen). Eg tvilar på om det er mange som meiner at denne dommen
var balansert og rettferdig.
Grunnen til den særs
strenge dommen var truleg eit forsøk på å statuera eit eksempel, og eit håp om
kanskje å stoppa den brysame framveksten av bitcoin. Når narkotika i tillegg
var involvert, var to av dei største samfunnsfiendane på plass.