lørdag 11. november 2017

Bitcoins største problem er internt


Lenke til illustrasjonen
Innlegg i Dagens Næringsliv i dag (11.11.17) om det eg meiner er Bitcoins største problem: intern strid og splitting.

Dessverre har DN kutta innleiing og avslutning og innlegget blir dermed litt utan "hovud & hale". Her er original-innlegget slik eg sende det.



Bitcoins største utfordring er intern

Svein Ølnes, Vestlandsforsking

«If it doesn’t kill you it just makes you stronger» er eit uttrykk opprinneleg formulert av Friedrich Nietzsche, og utviklinga av Bitcoin ser ut til å følgja denne. Til meir kritikk og til fleire dommedags­profetiar utanfrå, til sterkare ser Bitcoin ut til å bli og til meir aukar kursen på valutaen.

Kina har strypt handelen med bitcoin og kryptovaluta, men etter ein kort dupp har vekslingskursen teke seg opp att til nye høgder. Jamie Dimon, toppsjefen for JPMorgan Chase (banken som fekk NOK 100 mrd. i bot for svindel i samband med finanskrisa!), er stadig ute med negative utsegner om Bitcoin, utan at det påverkar kursen i negativ retning. Og her heime meiner Finans Norge at Bitcoin kan rasera velferdsstaten! Dette utsagnet påverkar sjølvsagt ikkje den globale valutaen og er elles meir å rekna som ein skivebom.

Nei, dei største truslane for Bitcoin kjem heller innanfrå. Dei siste åra har diskusjonen rasa om korleis Bitcoin best bør auka kapasiteten. Frontane har vore steile og det har etter kvart resultert i splitting av sjølve blokk-kjeda («hard fork»). 1. august fekk vi den nye valutaen Bitcoin Cash, og i slutten av oktober fekk vi  Bitcoin Gold. Endå ei splitting, kalla SegWit2X, var planlagt i midten av november. Frå å ha eitt Bitcoin-system, får vi etter kvart mange! Om det var vanskeleg å forklara Bitcoin frå før, blir det ikkje akkurat enklare.

Skilnaden på valutaene som oppstår etter splitting, og andre kryptovalutaer som Ethereum eller Litecoin, er at dei har felles historie med Bitcoin. Det vil seia at dersom du eig Bitcoin før ei splitting, vil du etter splittinga ha same tal bitcoin både på den gamle og den nye Bitcoin-blokkjeda. Det høyrest jo flott ut; kven vil seia nei takk til gratis pengar? Men det er gratis pengar med ein bismak, for splittinga i stadig fleire valutaer skaper både forvirring og svekkjer tryggleiken til systemet. Det blir kamp om kva som er den “ekte” Bitcoin og har rett til å bruka namnet.

Såkalla vennlege splittingar, representerer ein mindre fare enn omstridde og til dels fiendtlege splittingar. Bitcoin Cash og Bitcoin Gold er relativt vennlegsinna splittingar der det er utvikla vern mot å gjennomføra feilaktige transaksjonar. Dersom det ikkje blir gjort noko for å skilja dei to bitcoin-variantane som oppstår etter ei splitting, vil nettverket ha problem med å vita kva for ein bitcoin du faktisk overfører. Då oppstår det fare både for å gjera feil og for å bli utsett for svindel («replay attack»). Vennlegsinna splittingar byggjer eit vern mot dette, medan andre splittingar ikkje gjer det.

Tidlegare i år kom ei gruppe kommersielle aktørar som i stor grad representerte graveindustrien og vekslingstenester, saman i New York og vart einige om ein avtale for å auka kapasiteten. Det første tiltaket var innføring av endringa SegWit, eit «knep» for å frigjera plass, men utan å bryta kompatibiliteten bakover. Den andre endringa var ei dobling av blokk-størrelsen. Den siste endringa ville krevja ei splitting (ein «hard fork»). SegWit vart innført 1. august i år, og etter planen skulle doblinga av blokk-størrelse skje rundt tre månader seinare, i midten av november. Men det var stor motstand mot doblinga av blokk-størrelsen. Enktel sagt har det vore vanlege Bitcoin-brukarar mot kommersielle aktørar, og særleg grave-interesser.

Frontane har vore steile i dei to leirane og miljøet bak New York-avtalen har ikkje villa byggja inn vern mot såkalla «replay»-angrep. Når i tillegg 80-90 % av grave­ressursane stilte seg bak avtalen, låg det an til ei veldig farleg splitting av Bitcoin. Det ville vore risikabelt å bruka Bitcoin i tida etter splittinga, og det ville også vorte ein «krig» for å kunna bruka Bitcoin-namnet. Seint onsdag kveld (08.11) kom meldinga om at SegWit2X vart trekt tilbake, og Bitcoin-miljøet kunne pusta letta ut – for denne gang.

Bak denne omstridde splittinga låg det også eit ønskje om å bli kvitt «brysame» utviklarar i Bitcoin-samfunnet. Bitcoin blir i dag vedlikehalde av ein liten kjerne på 3-4 utviklarar, tilsette av universitetet MIT. Det er mange fleire som kjem med endringsforslag til Bitcoin, men det er kjerne-utviklarane set endringane ut i livet når det er stor oppslutnad om det. Kjerne-utviklarane har lagt seg på ei forsiktig linje og har vore motstandarar av omdiskuterte splittingar. Det er ein del kommersielle interesser misnøgde med; dei vil ha større tempo i Bitcoin-utviklinga. Splittinga SegWit2X var difor også eit forsøk på å setja denne gruppa av utviklarar på sidelinja.


Uttrykket i starten kan også omskrivast til «if it doesn’t make you stronger, it just kills you», og det kan fort bli resultatet om slike interne kampar dukkar opp på nytt.

Ingen kommentarer: