søndag 20. august 2017

Partia sin IT-politikk 2017

I august 2013 gjekk eg gjennom partia sine program og såg på kva dei meinte om IT-politikk. Venstre kom ut på topp, med MDG og Piratpartiet hakk i hæl. Høgre og Senterpartiet delte jumbo-plassen!

Venstre på topp, Frp på botnen
I årets vurdering kjem igjen Venstre ut på topp. Eg har ikkje vurdert Piratpartiet i år, men som ved Stortingsvalet i 2013 kjem også MDG høgt opp. Begge har fått litt lågare utteljing enn sist og det er fordi eg forventar at dei har oppdaterte tankar om digitaliseringa og særleg dei utfordringane den gir i høve reduksjon i arbeidsplassar. Men det er ingen som vil ta den debatten.

Utanom desse to partia er det tynnare når det gjeld IT og digitalisering. Høgre klarer seg betre enn sist då dei hamna på jumbo-plass. Også Senterpartiet er litt betre, men framleis er det magert og eit uforståeleg unytta potensial når det gjeld å kopla den omfattande desentraliseringspolitikken også til Internett-politikk og digitalisering. Frp hamnar på jumboplassen i år. Det er svært tynne saker dei har å fara med. Det ser ikkje ut som dei har fått med seg utviklinga i offentleg sektor den tida dei har vore i regjering. Også Raudt og Krf sine program er tynne på digitalisering, men eg gir dei to på terningen for den prinsippielle haldninga til Internett (Raudt) og personvern/styrking av svake grupper (begge).

Vurderingskriterium
Sjølv om dette er ein høgst subjektiv gjennomgang av partiprogramma, vil eg denne gangen setja opp nokre kriterium for det eg meiner er god IT-politikk.

Eg vil særleg sjå etter:
- omtalen av IT-teknologi; om det "berre" er eit verktøy eller om teknologien blir drøfta på eigne premissar og som ei endrande kraft i samfunnet.

- kva partia meiner om Internett og Internett-politikk (herunder m.a. nettverksnøytralitet, sensur, desentralitet, styring, ja om dei har synspunkt på det i det heile!)

- personvern

- ambisjonar for digitalisering i offentleg sektor og kva konkrete forslag partia har

- IT-studieplassar, satsing på IT høgare utdanning

- politikk for IT-etablering og IT-etablerarar

- syn på digitalisering og automatisering og kva endringar me må gjera i samfunnet på grunn av det

I gjennomgangen av partiprogramma har eg særleg sett på inndelinga av tema og om IT eller digitalisering er nemnt der. Vidare har eg søkt på orda 'digital' og 'Internett' meir som ein peikepinn på kor viktig temaet er for partia.

Venstre
Venstre var vinnaren ved forrige vurdering av IKT-politikk og har slik sett mykje å forsvara. Det ser ut som dei har fått med seg at eg kåra dei til vinnar, for eit av kapitla i programmet heiter "Fremst på IKT og digitalisering" :)

Partiprogrammet levnar ikkje tvil om at Venstre er opptekne av digitaliseringa og forstår kor viktig denne er for nær sagt alle delar av samfunnet.

På minussida noterer eg at eg ikkje finn nokon nynorskversjon (men det må vel Venstre ha??).

Så mange ganger er følgjande ord brukte i partiprogrammet:
"Digital"/"Digitalisering": 89
"Internett": 18

+ har forstått kor viktig IKT og digitalisering er, på alle område
+ har klare mål for digitaliseringsarbeidet i offentleg sektor (og andre område)
+ understrekar verdien av det opne Internettet
+ programfesta koding i skulen
+ understrekar personvernet, også i pengepolitikken ved å krevja at fysiske kontantar skal oppretthaldast fram til eit digitalt, sporingsfritt alternativ er på plass
+ går i mot etableringa av eit digitalt grenseforsvar (DGF) slik det føreligg som framlegg
- ikkje mykje å trekkja for her, men kunne kanskje ønskt eit tydelegare punkt om samordning og plattformtenking i offentleg sektor, og ikkje berre digitalisering av tenester
- kunne ønskt at Venstre, som tidlegare hadde forsøk med samfunnslønn på programmet, ville problematisert følgjene av ytterlegare digitalisering (robotifisering, automatiserg generelt) og det sannsynlege tapet av arbeidsplassar
- hadde vel rekna med at Sveinung Rotevatn no har skjønt kor viktig Bitcoin og blokk-kjedeteknologi er, men finn ikkje spor av det ;)

Her er lenke til partiprogrammet.


MDG
Miljøpartiet Dei Grøne er den litt rampete halvbroren til SV. I gjennomlesing av partiprogrammet "Ta vare på framtida" kan det ved første augekast sjå ut som det er SV sitt partiprogram ein les. Men MDG er ein del tydelegare på forsvaret av digitale rettar og kampen for eit fritt og ope Internett.

Partiet vil ha ei sterkare sentral styring av offentlege IT-prosjekt og vil ha større grad av felles IT-system for offentlege etatar.

Dilemmaet mellom forsvar av opphavsrett og mulegheiter som følgje av digitalisering blir innrømt og partiet vil ha ei utgreiing av korleis opphavsrett og støtte til kunstnarar kan oppretthaldast utan at det går på kostnad av innskrenking av den digitale utviklinga. Dette er i motsetnad til SV som nesten utelukkande ser dette frå opphavspersonen si side. MDG vil også redusera vernetida for opphavsretten (men her meiner eg partiet burde gått lenger og t.d. føreslått ei aktiv haldning til forsvar av opphavsretten etter opphavspersonen er død, ved at etterlatne som overtek rettane aktivt må forsvara dei for å unngå at dei fell i det fri).

"Digital"/"Digitalisering": 35
"Internett": 5

+ tydelege på forsvaret av eit fritt og ope Internett (m.a. lovfesting av nett-nøyrtralitet)
+ tydelege på forsvaret av retten til å vera anonym på nettet
+ tydelege på personvern i det digitale samfunnet
+ redusera vernetida for åndsverk omfatta av opphavsretten
- seier ikkje noko om digitalt grenseforsvar
- litt uklare på digitalisering i offentleg sektor; handlar mykje om digitalisering av enkelttenester

Her er lenke til partiprogrammet.


Arbeidarpartiet
Arbeiderpartiet har ikkje eigen omtale av teknologi i partiprogrammet, men omtalar digitalisering først og fremst i kapitla om arbeid og helse. Mange runde formuleringar, og der dei er konkrete, blir det litt rart (eksempla med stordata og kunstig intelligens ser ut til å vera gripne ut av lufta, utan å bli sette i kontekst).

"Digital"/"Digitalisering": 81
"Internett": 4

+ understrekar det offentlege (staten) sitt ansvar for infrastruktur-utbygging (breiband ++)
+ taktskifte for digitalisering i offentleg sektor (men utan å bli særleg konkret)
+ strategi for datasenter-utvikling
+ fleire IT-studieplassar og satsing på teknologiske miljø
+ sikra leiande fagmiljø på områda sikkerheit og sårbarheit

- lite konkret, mange "fromme ønskje"
- merkelege innslag av teknologival ("satsing på stordata i offentleg sektor", "etablera nasjonalt senter for kunstig intelligens")
- seier ikkje noko konkret om Digitalt grenseforsvar (DGF), men formuleringa "For nedkjemping av internett-basert kriminalisert er god utnytting av teknologi og sivil kompetanse nødvendig" kan kanskje tolkast som ei støtte til dette. Med AP sin historie i overvaking, tyder alt på at dei vil støtta innføringa av DGF.

Her er lenke til partiprogrammet.


Høgre
Heller ikkje Høgre omtalar teknologi eller digitalisering for seg, men som del av anre hovudområde. Første gangen me støyter på digitalisering i Høgre sitt partiprogram, er under kapitlet "Sikre og skape arbeidsplassar". Her har dei underkapitlet "Digitale muligheter og delingsøkonomi" (ja, kapitlet har denne overskrifta trass i at det er nynorsk-versjonen..). I dette kapitlet er det elles forenkling av regelverket for ikkje å hindra nye digitale tenester som er hovudinnhaldet, og det er jo bra.

Omtalen av digitalisering i offentleg sektor ber preg av eit forsvar for eksisterande regjeringsperiode og har mange "vidareføre", "halde fram" og er lite konkret. Kva betyr t.d. punktet "ta i bruk løysingar i nettskya der det er det mest effektive"? Det er jo totalt uforpliktande og går utanom hovudspørsmålet: korleis leggja til rette regelverket for at dette skal blir muleg, og korleis ta inn over seg endringane som skjer innan personvern i EU (GDPR) i mai 2018?

"Digital"/"Digitalisering": 75
"Internett": 2

+ Norge skal arbeida internasjonalt for at Internett framleis skal vera ein open plattform
+ gjennomgang av regelverket for å sleppa til nye digitale tenester, gjennomgåande forenkling
+ oppretta fleire IT-studieplassar

- lite konkret, mykje forsvar av det som er gjort i inneverande regjeringsperiode
- dei teknologiske utfordringane me står overfor i samfunnet blir i liten grad problematisert
- IT og teknologi "berre" eit verktøy

Her er lenke til partiprogrammet.


SV
Hovudoverskrifta på partiet sitt program for dei neste fire åra er "Ta kampen for eit varmt samfunn". Teknologi og digitalisering er som kjent kaldt, så det har vel dårleg plass under ei slik overskrift, eller?
Partiprogrammet er i alle fall lett tilgjengeleg på begge målformene. Men nynorskversjonen blir skjemd av dårleg språk av typen "Når offentlege tenester utviklast..". Desse formuleringane går att i heile programmet.

SV vil at alle personar skal ha ein personifisert inngang til offentlege tenester. På ein måte eksisterer det i dag gjennom den felles inngangen via ID-porten. Men på ei anna side har partiet rett i at det berre er inngangen til ein fragmentert offentleg sektor. Du treng stort sett berre å logga inn ein gang, tenestene er ikkje samla med brukaren i sentrum, brukaren må oppsøkja kvar enkelte etat og teneste.

Partiet har stor tru på det offentlege, også i digitalisering generelt. Punktet om at Innovasjon Norge må styrkast for å støtta utviklinga av digitale tenester, app-teknologi og spel er eit eksempel på dette. Innovasjon Norge bør støtta gode digitaliseringsidear, men ikkje i brei tilnærming slik SV føreslår. Det er privat kapital som bør ta slik risiko, ikkje fellesskapen sine midlar [kanskje ikkje så bra å polemisera mot partiprogrammet på denne måten, men eg meiner det er viktig å få fram partia sine underliggjande motiv også i digitaliseringsarbeidet].


"Digital"/"Digitalisering": 38
"Internett": 4

+ personleg offentleg inngang på nettet (viss dei her meiner ein digital offentleg sektor der brukaren er i sentrum, og tenestene blir serverte til han/ho og ikkje som i dag etatsvis)
+ vil leggja tilrette for etablering av grøne datasenter
+ går i mot etableringa av eit digitalt grenseforsvar (DGF)
+ etablering av Svalbard og Bouvetøya som digitale frihamner for forfølgde medium internasjonalt (litt uklart korleis det skal gjerast, men uansett ein spennande tanke)
+ auke i talet på studieplassar innan IKT
+ kritisk haldning til utplassering av offentlege it-tenester til utlandet
+ storstilt satsing på eit fritt og sikkert Internett (utan at det er konkretisert noko)
- bruk av offentlege midlar på område som strengt teke bør høyra til private investeringar
- innføring av strøymeavgift for stimulering av nytt innhald (eit slags digitalt kasettavgiftsfond)

Her er lenke til partiprogrammet.


Senterpartiet
Senterpartiet er ikkje kjent for å bry seg veldig mykje om teknologi, og partiprogrammet er fritt for teknologi i innhaldslista bortsett frå punktet "Digital allemannsrett". Sentralt (!) i programmet er sjølvsagt desentralisering. Det er difor merkeleg at dei ikkje ser at dette er eit veldig viktig tema også innan digitalisering, Internett-styring og generell konsentrasjon av makt på nettet. Det kan berre skuldast at dei er teknologisk uinteresserte og ikkje har personar som bryr seg om det.


"Digital"/"Digitalisering": 15
"Internett": 1

+ sterk samkøyring av staten og kommunesektoren i digitaliseringsarbeidet
+ styrking av breibandutbygging i heile landet; nasjonal "roaming"-ordning der det er dårleg tilbod,
+ investering i fiberutbygging til utlandet for å styrka datasenter-satsinga og styrka beredskapen
+ klare reglar for utkontraktering av norske datatenester

- omtalen av "cyber-forsvaret" tyder på at partiet vil innføra eit digitalt grenseforsvar slik det er føreslått av Lysne II-utvalet
- generelt noko tafatt og lite framtidsretta
- brukar ikkje den opplagte koplinga mellom desentralisert politikk generelt og ei desentralisert Internett-utvikling

Her er lenke til partiprogrammet.


Kristeleg folkeparti
Om det skal bli fart på digitaliseringa ut frå Krf sitt program, må det nærmast skje eit under. Og det er vel i tråd med livssynet og hovudsaka til Krf.. Navigering på partiet si heimeside er i så måte også noko forvirrande. Då eg klikka på 'Politikk' -> 'Politisk program' og så 'Politisk program' i høgrespalta, kom eg inn på Hordaland Krf sitt politiske program 2015-2019.
Eg finn heller ikkje nokon nynorsk-versjon

Krf er opptekne av verdiar, men det inkluderer ikkje digitalisering, og det er kanskje ikkje så rart. Dei vil ha digitale hjelpemiddel til alle i skulen, og i det heile er likestilling og hjelp til vanskelegstilte viktig også i digitaliseringar. Også det er i tråd med verdisynet.

For offentleg sektor ønskjer partiet ein tilskotsordning for digitalisering i kommunane for å ein enklare og betre kommunikasjon med innbyggjarane. Det er også alt partiet meiner om denne delen av digitaliseringa i samfunnet.

Når det gjeld overvaking og politiet og etterretning sine mulegheiter til å gripa inn, er Krf derimot ivrigare. I samfunnsdebatten har Krf sin talsperson på dette området ivra for innføring av sensur for å verna enkelte grupper. Mellom anna vil partiet innføra teknologiske hinder mot tilgang til porno. Dette står ikkje direkte i partiprogrammet, men er verdt å merka seg for dei som lurer på kva Krf sin digitaliseringspolitikk går ut på.


"Digital"/"Digitalisering": 25
"Internett": 6

+ Partiet vernar om svake grupper, også i digitaliseringa
- Krf er villege til å gå langt i overvaking og sensur på nettet
- Svakt/ikkje-eksisterande program for digitalisering i offentleg sektor

Her er lenke til partiprogrammet.


Raudt
Eg finn ingen nynorskversjon av partiprogrammet (arbeidsprogrammet) for 2017-2021, det er overraskande! Det finst sikkert (?), men ser i alle fall ikkje ut til å vera enkelt tilgjengeleg.

Utanom personverk og hindring av overvaking, som er viktige saker, har Raudt svært lite å by på når det gjeld digitalisering. Digitalisering i offentleg sektor blir ikkje nemnt, utanom arkiv- og bibliotekstenester. Digitalisering i næringsliv og arbeidsliv er fråverande. Alt i alt er det veldig lite å vurdera her.

"Digital"/"Digitalisering": 10
"Internett": 3

+ styrking av digitalt personvern, mot overvaking og sær-inngrep på nettet
+ redusera vernetida for opphavsrett og differensiering av vernetida for patentar
- ingen politikk på IT i offentleg sektor (utanom arkiv og bibliotek)


Framstegspartiet
Det første som møter deg når du går inn på https://frp.no er dette:







Det er jo stryk i utgangspunktet; i 2017 brukar ein ikkje Flash! Også partiprogrammet har ei litt merkeleg utforming og ligg som pdf på Adobe sitt nettområde. Det gjer at det ber preg av å ikkje vera eit ferdig dokument, men eit dokument som det framleis blir arbeida med. Det er på ein måte ein god ting, men som veljar forventar ein eit ferdig partiprogram når det nærmar seg val, og ikkje eit program som ser ut til å kunna bli endra heilt fram til valdagen. Filnamnet "Endelig handlingsprogram 2017-2021 v3" styrkar dette inntrykket.

Frp har delt programmet i eit prinsipp- og eit handlingsprogram. Prinsipp-programmet er det overordna og dei store linjene, handlingsprogrammet er det konkrete. Eg har vurdert handlingsprogrammet, for prinsipp-programmet nemner ikkje teknologi eller digitalisering med eitt ord (!).
Det er også grunn til å merka seg at Frp ikkje tilbyr prinsipp- eller handlingsprogram på nynorsk.

Frp vil ha ein felles innloggingsportal for offentlege tenester. OK, kvar har partiet vore dei siste åra - har dei ikkje fått med seg ID-porten som Difi driftar??

"Digital"/"Digitalisering": 6 (herunder det nyskapande ordet "smartteknologidigitalt"!!)
"Internett": 7

+ sikra lovmessig vern av ytringsfridom og anonymitet på Internett (men går samtidig inn for at Internett-leverandørar skal lagra IP-opplysningar i minst 6 mnd.)
+ sikra den enkelte råderett over eigne personopplysningar

- "ha en felles innloggingsportal for offentlige tjenester"
- "elektronisk tilgang til søknadsskjemaer og relevant informasjon"

Her er lenke til partiprogrammet.

søndag 30. juli 2017

To bitcoin for prisen av ein?

Ja, det ser ut som alle bitcoin-eigarar får dobla behaldninga si 1. august. Men det som ved første augekast ser ut til å vera ein veldig bra "deal", er nok ikkje slik. Akkurat då det såg ut som Bitcoin-verda klart å bli einige om å innføra SegWit gjennom kompromiss-forslaget BIP-91 (sjå tidlegare blogg-innlegg), vart det klart at det er enkelte som ikkje vil ha SegWit, kosta kva det kosta vil.

Fare for reduserte nettverkseffektar
Det vil kosta i form av reduserte nettverkseffektar og forvirring blant potensielle nye Bitcoin-brukarar. Har det vore vanskeleg å forklara Bitcoin tidlegare, blir det ikkje lettare når du må begynna samtalen med at eigentleg finst det to Bitcoin-valutaer..

Bitcoin Cash = altcoin
Dei fleste altcoin er kopiar av Bitcoin, så ein kan gjerne spørja seg om ikkje Bitcoin Cash berre er ein ny altcoin. Den er det på ein måte, men skilnaden er at den vil ha ein felles historie med den "vanlege" Bitcoin. Når eg skriv vanleg på den måten, er det fordi det er Bitcoin Cash som bryt av frå hovudkjeda med eit hardt skifte (hard fork), ikkje omvendt. Den nye valutaen blir difor eigentleg ein altcoin. Kva namn den til slutt vil få, er uklart. Det ligg mange skjer i sjøen her..

Altcoin med Bitcoin-historie
Den felles blokk-kjeda før brotet gjer at alle som eig bitcoin før brotet, plutseleg får ein ny Bitcoin-valuta i fanget. Og det sjølv om dei fleste ikkje har bedt om det! Det er ikkje slik at to er dobbelt så bra som ein. Det kan godt henda at totalen kjem ut negativt samanlikna med verdien før brotet.

Den nye valutaen vil også skapa problem ved bruk av bitcoin frå den felles blokk-kjeda. Om du har 1 bitcoin før 1. august, får du etter 1. august 1 btc og 1 bcc. Dei to er på same adressa i blokk-kjeda og korleis skal dei då skiljast? Det er dette som opnar for såkalla "replay"-angrep; enten målretta angrep eller at ein uforvarande brukar "feil" type bitcoin når ein skal gjennomføra ein transaksjon. For å få ei sikker handtering av den doble valutaen, må "gamle" bitcoin splittast og overførast til dei to separate blokk-kjedene. Først då er ein heilt trygg for muleg misbruk og mistyding.

Etter 1. august vil det vera to Bitcoin-blokkjeder; den "gamle" (grøn) og den nye Bitcoin Cash (raud).
Den som eig bitcoin før 1. august må passa på å få ei trygg splitting av gamle bitcoin til dei to separate kjedene.
Kva bør du gjera med nye bitcoin cash?
Kva bør du så gjera viss du får nye bitcoin-myntar i fanget? Eg trur den beste strategien er "vent og sjå". Det blir fort litt kaotisk rett etter eit hardt skifte. Mange vil nok "kæsja" inn dei nye myntane raskast muleg, men ver merksam på "replay"-faren.
Her er ein oversikt over kva strategi og tenester ulike vekslingstenester tilbyr.

Skaleringsspørsmålet ligg til grunn
Den nye valutaen blir pressa fram av dei som meiner at Bitcoin-skaleringa må skje på hovud-blokkjeda, og ikkje i eit sekundært lag slik SegWit opnar for. Dei er ikkje berre i mot SegWit innført som eit mjukt skifte (soft fork), men er grunnleggjande motstandarar av denne teknologien. Det er vanskeleg å forstå kvifor dei er det, men her er det nok kommersielle krefter som er dei drivande.

Bitcoin-nettverket har til no vore dominert av konservative krefter som vil gjera så lite drastiske endringar som muleg for å halda nettverket samla. Dette skil Bitcoin frå t.d. Ethereum, der terskelen for å utføra harde skifte er mykje lågare. Ethereum er også meir sentralstyrt enn Bitcoin.

Bitcoin og Internett
Eg meiner det er lurt å samanlikna Bitcoin med Internett-protokollane, særleg TCP/IP. Til dei som meiner ei oppsplitting av Bitcoin-nettverket er bra fordi ein då får klare valmulegheiter for framtidig retning, kan ein spørja om korleis Internett ville sett ut om det var like lett å endra TCP/IP. Styringa av den protokollen har vore konservativ og har bidrege til å halda Internett samla. Det er ingen naturlov som seier at heile Internett skal vera kompatibelt på det laget me her snakkar om, men på grunn av forsiktig utvikling (tenk IPv4 vs. IPv6) har det vorte slik.

Kva er den største verdien i Bitcoin-nettverket?
Eg meiner den største verdien av Bitcoin ligg i eit samla nettverk med stor motstand mot endring. Nokre ganger kan det slå uheldig ut, som t.d. innføringa av SegWit. Men nettverket av ulike brukargrupper og interesser har likevel vist seg i stand til å komma fram til konsensu (!) og halde saman i meir enn 8,5 år. Men 1. august er det slutt, og faren er at terskelen for harde skifte også er senka for Bitcoin slik at me kan oppleva fleire splittingar.

tirsdag 18. juli 2017

Skjebnetid for Bitcoin

(Foto: Zack Copley, CC BY-SA 2.0)
Ei gruppe Bitcoin-interessentar har teke ladegrep og siktar seg inn – mot sin eigen fot! Det er duka for ei skotveksling i månadsskiftet juli/august og i dette tilfellet er ikkje utfallet død, men kanskje to Bitcoin-nettverk. To Bitcoin-nettverk er ikkje dobbelt så bra som eitt - det vil vera ei ulykke for kryptovalutaen, men det vil likevel ikkje bli Bitcoins undergang.

Skalering on- eller offchain?
Det er den betente skaleringsdiskusjonen som no toppar seg. Ord blir følgde av handling, og på kvar si side av fronten står Bitcoin-gravarar (delar av miljøet) og ordinære Bitcoin-brukarar. Striden står om korleis Bitcoin skal veksa (skalera) i framtida. Skal det skje ved at Bitcoin-blokkjeda får større kapasitet (Bitcoin-gravarane), eller skal det skje ved at dei fleste transaksjonane blir løfta over i eit anna lag og at Bitcoin-blokkjeda berre blir brukt som eit avstemmingslag (Bitcoin-brukarane). Den første løysinga kan karakteriserast som ei kortsiktig og dristig løysing medan den andre er meir langsiktig og forsiktig. Ironisk nok er det Bitcoin sin suksess som har skapt dette dilemmaet.

Hardt eller mjukt skifte?
Sentralt i striden står også spørsmålet om eit hardt eller mjukt skifte (hard fork vs. soft fork). Eit hardt skifte (hard fork) er eit definitivt brot med fortida og i realiteten skaping av eit nytt nettverk. Eit mjukt skifte (soft fork) er ei meir forsiktig endring som ivaretek kompatibilitet med tidlegare historie. Den kortsiktige løysinga baserer seg på eit hardt skifte, den langsiktige på eit mjukt. Den 21. juli blir endringa støtta av Bitcoin-gravarane sett i verk og avslutta tre månader seinare med eit hardt skifte. Svaret frå Bitcoin-brukarane kjem 1. august med ei anna endring. Det blir spennande å sjå kven av dei to fraksjonane som lykkast, eller om resultatet kanskje blir ei splitting i to uavhengige Bitcoin-nettverk og tilhøyrande valutaer.

Splitt og hersk?
Ei splitting vil vera særs uheldig, sjølv om det ikkje betyr slutten for Bitcoin. Den alternative blokk-kjeda Ethereum gjekk gjennom ein liknande prosess i fjor på denne tida, og resultatet vart to Ethereum-blokkjeder med kvar sin valuta. Det uheldige er at det vil skapa forvirring om kva Bitcoin eigentleg er, og det vil også bryta den «heilage» regelen om at det berre vil bli produsert 21 mill. bitcoin. Resultatet kan blir at me plutseleg får 42 mill. bitcoin, og kven veit om det ikkje blir meir også i framtida.

Dilemmaet er også eit klassisk spelteori-dilemma: Begge partar får truleg eit betre resultat av å samarbeida og søkja kompromiss, men ingen av dei trur at motparten kjem til å gjera det. Det blir difor som å leika "chicken"; dvs. to bilar som køyrer mot kvarandre og der den som svingar unna sist er vinnaren (den andre er "chicken"). I dette tilfellet ser det ut til at motstandardane i tillegg har demontert rattet og kasta det ut sidevindauga!

Mange forslag på bordet
BIP står for Bitcoin Improvement Proposal og er måten endringar blir føreslegne i Bitcoin-systemet. Det minner mykje om RFC og Internett-styring. Endringane blir lagde fram på GitHub og etter kommentarar og diskusjon kan dei enda opp med å bli implementerte i Bitcoin-koden. Men dersom endringane er omstridde, som t.d. SegWit, kan prosessen stoppa opp eller bli regelrett hindra av gravarar med mykje makt.

SegWit og BIP 141
SegWit vart føreslått som BIP 141 for eit par år sidan. Den går i hovudsak ut på å løfta ut signaturane frå transaksjonane og lagra dei separat, derav namnet Segregated Witness. Endringa skal først og fremst korrigera ein stor svakheit i dagens Bitcoin: transaksjons-endringar i ettertid (Transaction Malleability). Dersom transaksjonen T er ei overføring av M bitcoin frå A til B, er det muleg å laga ein transaksjon T' som også overfører M bitcoin frå A til B. Dei to transaksjonane er syntaktisk ulike, men semantisk like. Dette kan skapa problem og utnyttast til svindel. Det var det vekslingstenesta Mt. Gox oppga som forklaring på tapet av 850.000 bitcoin i 2012/2014 (200.000 vart seinare funne att), men det er tvilsamt om det stemmer.

Ein slik svindel kunne skje på følgjande måte (eksempelet er henta frå Andrychowicz et al. "On the Malleability of Bitcoin Transactions"):

1. Ein kunde (svindlar) P overfører x bitcoin til Mt.Gox-kontoen sin.
2. Han ber Mt. Gox overføra x bitcoin til si private lommebok.
3. Mt. Gox lagar ein transaksjon T som overfører x bitcoin til P.
4. Svindlaren lagar sjølv ein transaksjon T' som overfører x bitcoin frå Mt. Gox-kontoen til seg sjølv.
5. T'-transaksjonen blir plukka opp først og inkludert i ei blokk.
6. Svindlaren klagar til Mt. Gox over at transaksjonen T ikkje har skjedd, noko som stemmer.
7. Mt. Gox sjekkar og finn ut at transaksjonen T ikkje har gått gjennom. Kunden har rett og Mt. Gox krediterer han for den manglande summen (dermed får han betalt dobbelt opp!).

SegWit set ein stoppar for denne mulegheita. Men SegWit inneheld også mykje meir. Den opnar for ei lettare implementering av såkalla betalingskanalar, som er off-line betalingar der hovud-blokkjeda berre blir brukt til avstemmingar av balansar, og elles til store og viktige bitcoin-transaksjonar. Ved å ta signaturane ut av transaksjonsdata, blir det også plass til fleire transaksjonar i kvar blokk. SegWit er dermed også ein måte å auka kapasiteten på, om enn indirekte. SegWit doblar kapasiteten i blokk-kjeda på denne måten.

Ei så omfattande endring ville normalt måtta gjennomførast som eit hardt skifte (hard fork), men ein luring (Luke Dashjr.) fann ein måte å implementera dette som eit mjukt skifte (soft fork), og den vart formulert som BIP 141.

SegWit2X
BIP 141 skulle innførast etter reglande sette i BIP 9, dvs. at 95 % av gravarane måtte signalisera støtte til forslaget og det ville då bli implementert to veker seinare (2016 blokker etter at 95 % var nådd). Det som i utgangspunktet såg ut til å vera grei skuring og ei endring alle var einige i, vart etter kvart fanga opp i den intense skaleringsdebatten og dermed gjenstand for boykott. Dei ivrigaste storblokk-forkjemparane ("Big-blockers") med Bitmain/Antpool-sjef  Jihan Wu og tidlegare Bitcoin-evangelist Roger Ver i spissen, hadde nok gravarkapasitet til å trenera gjennomføringa av SegWit og heile prosessen stagnerte.

Etter mykje intens debatt og ein fastlåst situasjon, vart ein del sentrale aktørar (Bitcoin-gravarar pluss nokre profilserte Bitcoin-brukarar) einige om eit kompromiss kalla SegWit2X. Dette forslaget går ut på først å innføra SegWit som føreslått i BIP 141, og så gjennomføra eit hardt skifte der blokk-størrelsen blir dobla til 2 MB tre månader seinare. Altså eit typisk kompromiss mellom on - og offchain-skalering. Denne endringa skal ta til 21. juli.

UASF og BIP 148
Mange såg seg etter kvart leie på ein situasjon der Bitcoin-gravarane "tok makta" og utviklaren Shaolinfry lanserte så forslaget om eit brukarstyrt mjukt skifte (User-activated Soft Fork - USAF). Den vart formulert som BIP 148. Den seier at frå midnatt 1. august vil alle som køyrer programvara med BIP 148 implementert, vil avvisa blokker som ikkje signaliserer støtte for SegWit. Det blir ein boykott-aksjon som i verste fall kan resultera i eit splitta Bitcoin-nettverk med to ulike valutaer som resultat.

User-activated Soft Fork må sjåast i samanheng med den til no vanlegaste endringsmetoden Miner-activiated Soft Fork (MASF). Det kan også sjåast på som ein brukarstyrt aksjon for å visa at Bitcoin-brukarane har (minst) like mykje makt som Bitcoin-gravarane, og at dei er villige til å bruka den! Den er også ein reaksjon på SegWit2X-forslaget.

BIP 91 som kompromiss og redning?
"Chicken"-kampen mellom UASF-tilhengjarar og SegWit2X-tilhengjarar, der rattet/ratta er demonterte, kan likevel unngå å enda som frontkollisjon. James Hilliard, BitmainWarranty, har utarbeida eit forslag som let gravarar signalisera støtte for SegWit i forkant av innføringa av SegWit2X. BIP 91 går vidare ut på at SegWit blir innført dersom minst 80 % av gravarane støttar forslaget, og implementeringa skal skje 336 blokker etter at 80 % er nådd, i motsetning til 2016 blokker for BIP 141. Utviklinga kan følgjast på tenesta Coindance.com/blocks

BIP 91 prøver å komma UASF og BIP 148 i forkjøpet. Dersom minst 80 % av gravarane signaliserer støtte til dette forslaget, blir ikkje UASF og BIP 148 lenger nødvendig. Det er å håpa at dette forslaget vinn fram og at ei splitting blir unngått i denne omgangen. Spørsmålet er berre om det er ei utsetjing av problemet og dei grunnleggjande motsetningane som er i Bitcoin-miljøet..

Hovudproblemet er ein manglande styringsmodell
Heile prosessen illustrerer ein av manglane ved Bitcoin og kryptovaluta generelt i dag: Mangel på gode styringssystem (governance). Det er ganske normalt for nye teknologiar og også Internett brukte mange år på å komma fram til fungerande styringssystem. Og framleis er det spenningar og motsetningar i styringssystema for Internett, men det fungerer godt likevel. Bitcoin må også finna fram til styringssystem som kan handtera ulike meiningar og likevel finna ein farbar veg framover. Store delar av Bitcoin-miljøet, som andre kryptomiljø, har vore naive i trua på at teknologien styrer alt («code is law») og har ignorert at alle system der menneske er involvert, er politiske system. Det er grunn til å håpa at den vanskelege skaleringssituasjonen i Bitcoin kan bli starten på utforminga av eit fungerande styringssystem for framtida.


onsdag 21. juni 2017

ICO – Ny dotcom i emning?

Endå ein ICO - her frå Civic sin ICO-runde 21.06.17
«ICO, ICO» song legendariske The Neville Brothers på 1980-talet, men det var nok ikkje  ICO som i Initial Coin Offering, dei hadde i tankane (vel, songen heitte rett nok IKO, IKO). ICO er eit nytt fenomen som er kopla til Bitcoin og framveksten av kryptovaluta. Det er for tida ein av dei heitaste investeringsmetodane  i USA og tankane går 20 år tilbake og dotcom-hysteriet.

På same måten som dotcom-bølgja er det her store summar som blir pøste inn i ganske tvilsame oppstartsidéar. ICO er ei etteraping av IPO – Initial Public Offering – men i motsetnad til ordinær børsintroduksjon er ikkje ICO regulert og går under radaren til finansregulatorane, i alle fall inntil vidare.

ICO går ut på å laga ein eigen valuta, såkalla «token», som så blir seld på marknaden til interesserte kjøparar. Kjøpet skjer ved bruk av ein kryptovaluta, enten bitcoin eller ether (Ethereum sin valuta), og skjer utan bruk av mellommenn. I motsetnad til ein IPO der kjøparar får aksjar og dermed eigedelar i ei bedrift, får kjøparane her berre ein mynt som fort kan visa seg å bli verdilaus. Dei får ikkje eigardelar i bedrifta, medan bedrifta får lettvinte pengar utan forpliktelsar av noko slag.

Det kan høyrast ut som for godt til å vera sant, og kan fort visa seg å bli det. Men enn så lenge strøymer pengane inn. Den siste ICO-en stod prosjektet Bancor for (ja, namnet er henta frå John Maynard Keynes’ forslag til ny verdsvaluta), og dei klarte å samla inn $ 150 mill. på nokre få timar (1 milliard NOK!). For eit par veker sidan samla nettlesar-prosjektet Brave inn $ 35 mill. på 24 sekundar! Dei fleste ICO-prosjekta skjer ved hjelp av blokk-kjeda Ethereum, og det er hovudforklaringa på den enorme kursstigninga valutaen ether har hatt det siste halvåret, der kursen har auka meir enn 4 000 %.

Så langt er det ikkje kjent om norske bedrifter har prøvt denne finansieringsmåten, men den vil garantert freista mange. Då er det viktig å ta enkelte førehandsreglar. Eit godt tips er å ta ein telefon til Finanstilsynet først, i staden for å venta til dei bankar på døra. Og til potensielle investorar i ICO: Tenk deg nøye om, for dette er langt meir risikabelt enn å investera i bitcoin eller ether.

fredag 2. juni 2017

A Little Life

Boka "A Little Life" av Hanya Yanagihara er både grusom og nydeleg. Den er grusom i overgrepsdetaljane mot hovudpersonen Jude som gradvis blir avslørte, og den er nydeleg i beskrivelsen av vennskapet denne personen likevel opplever frå sine nærmaste.

Eg likar måten forfattaren forsiktig avdekkjer den grusomme fortida, utan å dvela ved detaljar, men likevel nok til at ein forstår kva grusomme overgrep som har skjedd. Sameleis er vennskapet med studiekameratane Willem, JB og Malcolm og andre personar veldig fint skildra.

Det er ei trist bok, men likevel med mykje varme. Som mange (dei fleste?) amerikanske romanar er den forferdeleg lang; 720 tettskrivne sider med relativt liten font er kraftig kost. Men eg tilrår boka likevel! Eg veit ikkje korleis den norske oversetjinga er.

onsdag 10. mai 2017

Det famøse Fjord1-salet

Det gamle flagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
Då Fjord1 valde å vraka flagget og erstatta det med eit nytt,
skapte det mykje protestar.
Per Sævik og Havila kan le heile vegen til banken etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune ga han nærmare 1 mrd. kroner i rabatt på aksjane dei selde. Salet av aksjar i Fjord1 har vore eit mareritt for fylkeskommunen frå start til slutt . Korleis dette kunne skje, bør innbyggjarane i fylket få innsyn i.

Salet OK, men ikkje prosessen
Salet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 har det vore relativt brei politisk  semje om, det er ikkje der problemet ligg. Med den utviklinga som har skjedd i transportsektoren dei siste ti-åra, har det vorte meir og meir unaturleg at fylkeskommunen skal eiga eit slikt transportselskap. Kvifor skal det vera ei oppgåve for Sogn og Fjordane fylkeskommune å driva ferjedrift i Finnmark og Rogaland?

Først Torghatten-bom
Problema starta då det politiske vedtaket var eit faktum. Då kunne salet plutseleg ikkje skje raskt nok. Topplønna konsulentar frå Oslo vart hyra inn for å førebu eit sal til Torghatten. Etter å ha svidd av 15 mill. kr (minst), sette Konkurransetilsynet som venta foten ned for det. Det ville truleg berre kosta ein telefonsamtale til Konkurransetilsynet å få ei stadfesting på at dette var daudfødt. Det skal seiast at Torghatten måtte ta rekninga, men likevel..

Per Sævik og Havila-konsernet
Neste etappe var å selja til Per Sæviks Havila-konsern som var minoritetseigar i selskapet etter å ha kjøpt opp Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost i det fusjonerte Fjord1-selskapet. Per Sævik hadde tidlegare trua med rettsak om Torghatten fekk kjøpa Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost. Det var fordi han hadde sikra seg ein forkjøpsavtale. Det er ikkje godt å seia kva som hadde skjedd om Konkurransetilsynet ikkje hadde sett foten ned. Då kunne det vorte lange rettsprosessar som igjen kunne resultert i annulering av Torghatten-salet.

Fylkestinget godkjende samrøystes salet av Fjord1-aksjane til Havilafjord AS 17. august 2016. Då hadde selskapet bak seg følgjande driftsresultat (før skatt):

2013: 130 mill. kr 
2014: 186 mill. kr
2015: 248 mill. kr
EBITDA (driftsresultat før avskrivingar) var meir enn det dobbelte desse åra. Saman med stor ordreinngang burde det ikkje komma som noka overrasking at børsintroduksjonen auka verdifast-setjinga monaleg. Og sjølv om det ikkje hadde vorte børsnotering, ville ein klausul i avtalen ikkje ha kosta fylkeskommunen noko.

Aksjerabatt til 1 mrd. kr!
Per Sævik fekk til slutt kjøpa aksjane i Fjord1 der selskapet sin totalverdi vart vurdert til 1,8 milliardar kroner. Sævik lufta alt under møte med politikarar og administrasjon at ei børs-notering kunne bli aktuelt. Det er her det ufattelege kjem inn: Kvifor i alle dagar sikra ikkje fylkeskommunen seg ein høgare pris på aksjane i tilfelle ei børsnotering til ei høgare verdifastsetjing? Ein treng ikkje vera aksjemeklar for å forstå at det både burde og skulle vore med i avtalen med Havila.

Børs-introduksjonen auka verdifastsetjinga til knappe 3 mrd. kr, ein verdiauke på 1 milliard kr. Det betyr at Sogn og Fjordane fylkeskommune sine 59 % av aksjane var verdt 1,8 mrd. kr og ikkje 1 mrd. som dei har avtalt med Per Sævik. Per Sævik har dermed henta inn frå investorane heile milliarden han skuldar fylkeskommunen.

Stela sukkertøy frå småungar
Heile handelen framstår difor i ettertid som å stela sukkertøy frå småungar. Greitt nok at dette er endå eit eksempel på kvifor politikarar ikkje bør driva butikk, men det får vera grenser. Her har dei gitt vekk bortimot 1 milliard av fellesskapen sine midlar; ikkje ulikt det Jeltsin gjorde under privatiseringa i Russland først på 1990-talet.

Fakta må fram!
Dersom det er noko eg ikkje har fått med meg, eller har misforstått, vil eg sterkt oppmoda dei som kjenner saka om å uttala seg. Det har innbyggjarane i Sogn og Fjordane krav på!

Oppfølging i media
Dagens Næringsliv omtalar handelen som "Fergefarsen" i ein leiar onsdag 10. mai. Dei brukar sjølvsagt saka til å argumentera for at eit meir omfattande offentleg eigarskap neppe er lurt. Og denne saka er ikkje akkurat god reklame for at det offentlege skal driva meir butikk..

Jacob Nødseth, lokalpolitikar frå Florø, har også eit lesarinnlegg i DN 11.05.17 med overskrifta "Billegsalg av Sogn og Fjordane" der han går i rette med SP sitt slagord "Nei til salg av Norge" ("men ja til billigsalg av Sogn og Fjordane").

Dag og Tid viar førstesida denne veka (veke 19, 12. - 18. mai) til saka med tittelen "Milliardærens ferjereiser". Journalist Jon Hustad tek for seg saka i artikkelen "Då pengane reiste med ferja".

fredag 28. april 2017

Andreas Antonopolous på Oslo Bitcoin Meetup

Andreas Antonopolous i gang på Bitcoin Meetup
Som nemnt i den forrige bloggposten, stilte Andreas Antonopolous også opp på Oslo Bitcoin Meetup - gratis (dvs. han fekk ein øl..). Det står respekt av slikt, og det er karakteristisk for ekte entusiastar.

Rekordoppmøte
Andreas er Bitcoin-entusiast, ingen tvil om det. Det var rekordstort oppmøte på Bitcoin-møtet i kveld, 70-80 "hard core" Bitcoin-entusiastar, og dei fekk høyra nok eit godt foredrag. Eg har etter kvart høyrt mange meir eller mindre profesjonelle foredragshaldarar, og ofte blir ein skuffa viss ein høyrer dei fleire ganger fordi dei framfører nærmast ordrett den same presentasjonen. Ikkje slik med Andreas. Han varierer tema kva gang og han kunne fortelja at han ofte ikkje veit kva han skal snakka om før like før han går på scena. Det gjer det endå meir imponerande når ein ser at han snakkar uavbrote og med full flyt i 30 - 45 minuttar - utan manus og utan hjelpemiddel av noko slag, berre ein mikrofon.

Bitcoin Governance
I kveld snakka han om styring av Bitcoin, altså governance. Det er eit sentralt tema gitt dei harde diskusjonane som har vore, og er, kring skaleringsspørsmålet for Bitcoin. Andreas la vekt på at Bitcoin ikkje er styrt av ein, eller nokre få utvalde, og heller ikkje av oppnemnde komitéar. Derimot er det eit slags direkte demokrati der ulike grupper har omtrent like mykje dei skal ha sagt og held kvarandre i sjakk. Det er ikkje straumlinjeforma og det er heller ikkje "effektivt", men det sikrar at ikkje særinteresser kan ta styringa. Han var inne på at diktatur sikkert var meir effektivt, og at det fanst samfunn som kunne skryta av at toga var presise. Men det hende også at nokre slike tog gjekk til konsentrasjonsleirar..

Maktfordelingsprinsippet
Andreas meinte at det også i Bitcoin er ei tredeling av makt liknande den me kjenner frå parlamentarismen:

  1. Lovgivande: Utviklarane
  2. Dømmande: Gravarane ("miners")
  3. Utførande (Alle Bitcoin-brukarane og dei som køyrer full node utan å grava)
Han meinte også at mykje av makta var der på grunn av at den ikkje kunne iverksetjast, men framstår meir symbolsk, om lag som eit moderne monarki. Han meinte at gravarane hadde ein slik form for makt. Dersom dei (mis-)brukte makta, ville det gå skikkeleg ille. Men berre tanken på at dei har makta, er nok til å halda systemet oppe og på tå hev.

Skaleringsspørsmålet og Bitcoin Unlimited
Etter ein halvtimes foredrag var det spørsmål & svar, og han tok seg god tid og det vart mange spørsmål. Diskusjonen og spørsmåla kom fort inn på det betente skaleringsspørsmålet, og spørsmålet om Bitcoin Unlimited og å fjerna grensa på størrelse for blokkene. Andreas, som er forsiktig med å velja side i slike vanskelege spørsmål, var krystallklar: Bitcoin Unlimited er eit dårleg forslag framsett med dårleg og ustabil kode. BU vil gi gravarane kontroll over blokk-størrelsen, noko han meinte ville vera livsfarleg for Bitcoin. Det er tre ting gravarane aldri må kontrollera eller få makt over i Bitcoin:
  • Blokkstørrelse
  • Kva slags transaksjonar som skal inn i blokkene (usikker på denne..)
  • Taket på 21 mill. bitcoin
Patrick Murck, tidlegare leiar av Bitcoin Foundation har skrive om blokk-kjedestyring i HBR-artikkelen "Who Controls the Blockchain". Artikkelen tek opp mykje av det same som Andreas tok opp i går.

tirsdag 25. april 2017

Oslo Blockchain Day

Jon Ramvi og Blockchangers (dessverre berre Facebook-side og det giddar eg ikkje lenka til!) arrangerte Oslo Blockchain Day for andre gang (?) og i år var trekkplasteret Andreas Antonopolous, sjølvaste "Mr. Bitcoin". Andreas A. har gjort Bitcoin til levebrød og reiser verda rundt for å halda foredrag om teknologien. Det er første gang Andreas er i Norge og sympatisk nok stiller han også på Oslo Bitcoin Meetup seinare i veka (torsdag 27.04), og det gjer han utan å ta betalt! Ein ekte Bitcoin-entusiast med andre ord.

Bøker og presentasjonar av Andreas Antonopolous
Andreas Antonopolous har skrive den definitive innføringsboka om Bitcoin, "Mastering Bitcoin - Unlocking Digital Cryptocurrencies" og i boka "The Internet of Money" finn me ei samling redigerte presentasjonar av temaet. Han er også å høyra på podcasten "Let's Talk Bitcoin" og har eigen kanal på YouTube der mange av presentasjonane hans er lagde ut.

Bitcoin som disruptiv teknologi
Andreas opna dagen og han skuffa ikkje. Han er er ytterst profesjonell foredragshaldar, utan manus, utan PowerPoint - no nothing, berre tale. Ulikt ein del andre profesjonelle foredragshaldarar eg har høyrt, verkar det ikkje som han held den same presentasjonen to ganger. Sjølvsagt var det mykje kjendt i foredraget hans for ein som har høyrt/sett mange av presentasjonane og høyrt dei fleste LTB-podcastane, men likevel var han flink til å setja det inn i ein relevant kontekst.

Han starta med å snakka om kvifor bruka Bitcoin/blokk-kjede i eit land med så stor tillit til styresmaktene, og kva Bitcoin kunne gjera betre enn t.d. Vipps. Til det siste sa han at Vipps på dei aller fleste områda slår Bitcoin ned i støvlane - og det er typisk for disruptive teknologiar. Dei er i starten eit dårlegare alternativ enn teknologien dei er tenkt å erstatta, men dei peiker fram mot noko som dagens teknologiar ikkje kan realisera. Test-spørsmålet her er "når kan Vipps la deg betala til alle verdas innbyggjarar?". Det kan ein ikkje med Bitcoin i dag heller, men i prinsippet kan ein det, og det er lett å førestilla seg korleis det skal skje.

TCP/IP og blokk-kjede
Han samanlikna også Bitcoin og opne blokk-kjeder med Internett og sa at blokk-kjedeteknologien er som TCP/IP - uinteressant! Det er ikkje TCP/IP som gjer Internett til det spektakulære nettverket det er, men den opne arkitekturen der ein vilkårslaust kan byggja nye applikasjonar. TCP/IP er sjølvsagt viktig, men den kan like godt brukast i eit lukka nettverk (tenk intra- eller ekstranett) som i eit ope. På same måten er det med Bitcoin og blokk-kjede. Det er ikkje blokk-kjedeteknologien som er det sentrale, men den opne og vilkårslause arkitekturen. Blokk-kjeder kan gjerast både lukka og open.

Panel-diskusjon om ICOs
ICO står for Initial Coin Offering og spelar på IPO - Initial Public Offering - som er børsnotering av bedrifter. ICO er spesielt for kryptovaluta og har auka mykje som finansieringsmåte i det siste. Det starta kanskje med Ethereum der ether kunne kjøpast for bitcoin til ein kurs på 2.000 ether pr. bitcoin i slutten av juli 2014. Prisen på bitcoin var den gangen ca. 620 US$, noko som ga ein ether-kurs på $0,3 pr. ether. I dag (25.04.17) er kursen på ether $ 50, så investeringa i 2014 har auka med 16700 %!

Men ikkje alle ICOs gir slik avkasting. Det er gode grunnar til å vera skeptisk til dei mange ICO-tilboda som no kjem. Dei fleste er baserte på Ethereum-plattforma og token-et ERC20. Ein ICO er ein måte å finansiera oppstart av ei bedrift, og liknar på aksje-utviding (equity), lån og dugnadsfinansiering (crowdfunding). Den er i gråsona når det gjeld regulering, og slepp unna førebels fordi det ikkje er snakk om eigardelar i ei bedrift. ICO-avtalane er også utstyrte med små skrift som understrekar dette.

Paul Puey (Airbitz) i panelet understreka at innføring av eit token som regel introduserer ein friksjon i systemet. Ein må difor spørja seg om token-et verkeleg er nødvendig for produktet eller tenesta, eller om det berre er oppretta for å henta inn kapital. Han peika også på at det kan bli vanskeleg med ein runde to eller tre dersom ein startar med ein ICO fordi ein då må konkurrera med marknaden og dei tokena som alt er i omløp.

William Rode i Bearingpoint understreka at det er i hovudsak to typar token i ICO:

  1. Protokollbaserte token (der token utgjer ein viktig del av protokollen)
  2. Finansielle token (der token i hovudsak berre har som funksjon å samla kapital)
Han meinte at ein bør vera forsiktig med å investera i den siste typen ICO der token berre er for å samla kapital og elles ikkje har nokon tydeleg funksjon. Det var på linje med Paul Pueys standpunkt at token i utgangspunktet skaper friksjon, og dersom dei ikkje har ein tydeleg plass i protokollen, er eigentleg ein dårleg ide å introdusera dei berre for pengane sin del.

Anthony Lewis har elles eit godt blogginnlegg om ICO der han plasserer det saman med andre finansielle isntrument for å skaffa kapital i ein oppstartsfase.

Paneldiskusjon om blokk-kjede om 5 år
Andreas A. leia til slutt ein paneldiskusjon om kor blokk-kjedeteknologien er om 5 år. Mellom deltakarane var Paul Puey og Vinay Gupta. Gupta hadde også eigne innlegg tidlegare denne dagen, m.a. om "The Internet of Agreements". Han er elles ein kjend figur i blokk-kjedemiljøet og var mellom anna ansvarleg for dugnadsfinansieringa av Ethereum. Andre i panelet var representant for IBM/Hyperledger og Microsoft slik at både opne og lukka blokk-kjeder var representerte.

Det kom ikkje fram noko revolusjonerande nytt i paneldiskusjonen. På spørsmålet om kven av dei tre gruppene brukarar, kommersielle aktørar og styresmakter som ville får størst innflyting på blokk-kjedeutviklinga, peikte fleirtalet på brukarane.


torsdag 23. mars 2017

Pengeoverføring/Remittances som Bitcoins "killer app"

Pengeoverføring mellom privatpersonar i ulike land, såkalla "remittances", vart tidleg peika ut som Bitcoins "killer app". For kor vanskeleg kunne det eigentleg vera å ta rotta på Western Union og MoneyGram med eit system med nær null i gebyr? Ganske vanskeleg, skulle det visa seg. Louis Buenaventura er filippinsk Bitcoin-gründer og har vore med på dette nesten sidan starten. I boka "Reinventing Remittances with Bitcoin - The Bootstrapper's Guide to Bitcoin Remittances" fortel han om problema og mulegheitene med slik forretning.

Last mile
Vanskane som møtte Bitcoin-entusiastane kan kort summerast som "last mile"-problem. Den lettaste delen er å overføra bitcoin mellom to land, t.d. Hong Kong og Filippinane, men problemet er å få pengane fram til mottakaren. Mottakaren er gjerne ein fattig familie langt ute i periferien, utan Internett og utan telefon. Akkurat det siste stemmer kanskje ikkje, dei aller fleste har no mobil-telefonar. Men problemet med å nå fram til mottakaren er like reelt.

Bloom
Louis Buenaventura var med og starta rebit.ph, ei bedrift som skulle overføra pengar til Filippinane frå gjestearbeidarar primært i Hong Kong. Seinare har han gått over til Bloom Solutions, ei bedrift som også driv i pengeoverførings-bransjen.

Bloom har løyst det ved å konsentrera forretningsidéen om nettopp "last mile". Dei tek i mot bitcoin i avsendar-landet (NB! Dei vekslar ikkje), og levererer ut lokal valuta i mottakarlandet Filippinane. Det gjer dei ved å samarbeida med dei mange pante-lånarane i landet. På Filippinane er det nettverket av pantelånarar ("pawn shops") som er ryggrada i finansstrukturen, ikkje bankar. Bloom tilbyr eit API for bedrifter som tek seg av "first mile", og tilbyr eit nettverk for ruting av betalingar til "last mile".

Bloom tilbyr ei laus tilknyting til the Bloom Network for alle som er interesserte. Litt spøkefullt kallar dei konseptet Eastern Union.. Men i motsetnad til dei gamle monopolistiske systema som Western Union og andre representerer, ønskjer Bloom å byggja eit ope nettverk for pengeoverførings-aktørar.

Pengeroverføring/Remittances
Pengeoverføring, som i "remittance", har eit stort volum på verdsbasis. Det er større enn summen av naudhjelp og andre støtteordningar, og er slik sett noko av den viktigaste inntekta for fattige land. Filippinane er nummer tre på lista over dei største mottakarane av slike pengeoverføringar, etter Kina og India. Nokre overføringskorridorar er viktigare enn andre.

På verdsbasis er det rekna med at nær US $600 mrd. blir overførte frå personar i rikare land, til familie og venner i fattigare land. Dei største mottakarlanda er India, Kina, Filippinane og Mexico. Dei viktigaste korridorane, dvs. dei to landa det blir sendt pengar mellom, er USA - Mexico, UAE - India, og USA - Kina.

Fordeler med Bitcoin
Mange av fordelane med bruk av Bitcoin til denne typen overføringar, er opplagde:

  • rask overføring (nær sanntid)
  • mottakar slepp å ha store reserar av dollar eller andre typar kontantar
  • går utanom alle dei vanlege betalingskanalane og -aktørane (som alle skal ha sin del av kaka!)
og kanskje ikkje så opplagt:
  • mykje av overføringane skjer "off-chain" og avstemminga skjer ved ei stor Bitcoin-overføring i staden for fleire hundre små (viktig i desse dagar der gebyra har begynt å bli relativt store)
Ulemper med Bitcoin
  • dårleg utvikla marknad for sal av bitcoin i mottakarlandet (dårleg likviditet)
  • på grunn av det ineffektive ordinære finanssystemet må utbetalingskontora ha eit lager/buffer med lokal valuta, og Bloom i dette tilfellet, må ta ansvar for dette (dette er det same problemet som trad. overføringsaktørar som Western Union har og som gjer pengeoverføringar dyre)
  • i tider med fallande bitcoin-kurs er bitcoin som ei gloheit potet du må kvitta deg med fortast muleg - og det kan vera vanskeleg
BitPesa
I Kenya har mobil-betalinga MPesa hatt eventyrleg suksess og står no for xx av all betaling internt i landet. BitPesa starta pengeoverføring frå andre land, først Storbritannia, og integrerte så bitcoin-overføringa med MPesa-systemet. Etter kvart kjede Safari.com, mobil-selskapet som eig MPesa, seg trua og stengde BitPesa ute. Saka gjekk til domstolane og Safari.com fekk medhald. Det viser problemet med private pengeoverføringssystem, men er ikkje noko annleis enn t.d. systema i Norge. Å få eit bitcoin-basert overføringssystem integrert med Vipps ville heller ikkje bli lett..

Bitspark
Bitspark er ei bedrift som driv pengeoverføring med bitcoin frå Hong Kong og primært til Filippinane og Indonesia. Gjestearbeidarar i Hong Kong sender meir enn $ 800 mill. i løpet av eit år til desse to heimlanda. Sidan målgruppa både for "first" og "last" mile stort sett er lite utdanna personar med lite teknologisk kompetanse, måtte bitcoin gøymast så godt som muleg. Bitspark utvikla difor eit cash-in og cash-out-system der bitcoin berre vart brukt som transportmedium. Dei utvikla også tidleg ein pre-fund-modell der dei berre gjorde bitcoin-avstemming ein gang om dagen. Det skulle visa seg å vera lurt etter kvart som gebyra for bitcoin-transaksjonar steig.

Abra
Abra kallar seg "the Uber of remittances" med ei klar målestjing om disrupsjon. På same måten som alle bileigarar i prinsippet kan bli Uber-sjåførar, kan også alle personar med likviditet til overs, bli Abra-formidlarar.

Abra sin forretningsmodell består av "tellers", dvs. personar som tek i mot kontantar i ein ende av systemet og betalar ut kontantar i den andre enden. Det er eit slags digitalt Hawala-system. På denne måten har Abra unngått godkjenning som betalingsformidlar, dei er berre formidlarar av betalingsformidlarar (!).

Men det ironiske er at Abra har vorte avhengig av lokale, tradisjonelle pengeoverførings-bedrifter, dei som dei i utgangspunktet skulle konkurrera ut!

OKCoin og OKLink
OKCoin er ein av dei største Bitcoin-vekslingstenestene (den største?) og dei ønskjer å bruka US $100 mill. på å subsidiera gebyr for å bruka deira nettverk for pengeoverføring. Dei ønskjer å bli eit nav for alle pengeoverførings-bedriftene i verda og er villege til å "kjøpa" kundane som skal til for å etablera nettverket. OKCoins forretningsmodell er som eit slags SWIFT for pengeoverføring. Det er bitcoin som skal brukast til avstemming av overføringar mellom land. 

Western Union
Korleis møter så Western Union og andre tradisjonelle betalingsformidlarar den nye bitcoin-baserte konkurransen? WU har integrert betalingssystemet med chat-verktøy som WeChat og Viber. Men gebyra er framleis høgare enn for bitcoin-transaksjonar. Gamle synder er vanskelege å bli kvitt, og tung og dyr infrastruktur er også vanskeleg å bli kvitt.

Status for Bitcoin og pengeoverføring
Etter ein første euforisk fase har Bitcoin-industrien på dette området fått bakkekontakt, særleg med "last mile", og har bedriftene har utvikla forretningsmodellar som på ulike måtar prøver å møta desse utfordringane. Bitcoin-baserte pengeformidlarar tek gradvis større marknadsandeler, og for betlingsoverføringar til Filippinane reknar Louis Buenaventura med at dei no har 20-30 % av den totale overføringa. 

Bitcoin og kryptovaluta er framtida for pengeoverføring mellom land. Det tek berre litt lenger tid enn første tenkt.

mandag 13. mars 2017

Nyttig forsking?

Niels Henrik Abels arbeid har fått
stor betydning - 200 år etterpå!
Nytten av forskinga har vorte stadig meir sentralt, og særleg er det EU-forskinga si vekt på "impact" som har fått gjennomslag. Men kva er nyttig? Og når skal det vera nyttig? Dersom me ser oss blinde på umiddelbar nytte, er det ei farleg utvikling.

Niels Henrik Abel (1802 - 1829) leverte forsking som ikkje kom skikkeleg til nytte før nærmare 200 år etter gjennombrotet. Arbeidet hans med eigenskapane til elliptiske kurver er no grunnlaget for det meste av digitale signaturar (Elliptic Curve Digital Signature Algorithm - ECDSA). Det er mellom anna signatur-metoden brukt i Bitcoin og i mange andre løysingar.

Då Abel presenterte arbeidet med elliptiske kurver, fekk det ingen praktisk betydning. Først med oppdaginga av at elliptiske kurver kan brukast til å generera nøkkelpar, privat og offentlege nøklar, i samband med asymmetrisk kryptering, fekk dette arbeidet konkret nytte.

I krypteringssamanheng er det elliptiske kurva til tredjegradslikninga y2 = x3 + ax + b som blir brukt. Likninga har uendeleg tal løysingar uansett kva verdiar som blir valde for a og b, og det blir utnytta i kryptografisk forstand.

Niels Henrik Abel var eit matematisk geni som dessverre ikkje vart meir enn vel 26 år. Vel er matematikarar flest mest produktive i unge år, men Abel hadde nok mykje ugjort før han måtte forlata denne verda. Likevel fekk han sett kraftige spor etter seg, og den franske matematikaren Charles Hermite sa at "Abel has left mathematicians enough to keep them busy for five hundred years".

Arbeidet med elliptiske kurver er viktig, men Abel er mest kjend for å vera den første som viste at generelle femtegradslikningar ikkje kan løysast med vanlege rekningsartar (addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon og rot-uttrekk).

Abel-prisen vart etablert av Stortinget i samband med 200-årsdagen for Abels fødsel, i 2002. Prisen er tenkt som ein Nobel-pris innan matematikk, sidan det ikkje finst ein slik. Prisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi. Abel-prisen er kanskje ikkje fullt på høgde med Fields-medaljen, men er likevel ein av dei mest prestisjefylte matematikk-prisane som finst. Den siste som har fått prisen (2016) er Andrew Wiles. Han fekk prisen for løysinga av Fermats siste teorem. Der Abel-prisen blir delt ut årleg, blir Fields-medaljen berre delt ut kvart fjerde år.

Det er Yngve Vogt, Universitetet i Oslo, som har skrive ein artikkel om Abel sine teoriar i UiO sitt tidsskrift Apollon.

søndag 5. mars 2017

Dieselgate

Det tyske bil-magasinet auto motor und sport har ei samanfatning av VW sin Dieselgate-skandale, i "Chronik eines Skandals". ams er det leiande tyske bil-magasinet og bil-industrien er Tysklands stolte område. Det har difor gjort eit enormt inntrykk på tyskarane at dette enorme jukset var muleg.

EA 189 - Clean Diesel
Det starta med utviklinga av dieselmotoren EA 189, ein motor som skulle tilfredsstilla dei strenge avgasskrava frå USA. Den såkalla "Clean Diesel"-strategien EA 189 representerte, var difor svært viktig for VW-konsernet. Det vart likevel fort klart for ingeniørane at dei ikkje klarte å få motoren til å tilfredsstilla dei tøffe krava til avgass, og Defeat Device vart difor naudløysinga. Den vart innført i all hemmelegheit mellom 2006 og 2008.

Defeat Device
Defeat Device var eit dataprogram som sørga for å redusera utslepp av skadelege avgassar (særleg NOx) under testing. Programvara slo inn under test, men vart kopla ut under normal køyring.

I 2014 kom ein studie frå det amerikanske International Council on Clean Transportation (ICCT) som synte at enkelte VW-modellar hadde langt høgare utslepp av farlege avgassar under vanleg køyring enn det testresultat elles viste. VW prøvde i dei følgjande 18 månadene å avleda merksemda om differansen mellom offisielle testresultat og resultata frå ICCT. Dei skulda på tekniske og mekaniske problem.

Game over i 2015
Men i mars månad 2015 var det ikkje muleg med meir uthaling og utanomsnakk. VW måtte innrømma at dei hadde juksa med testresultata ved å ta i bruk eit dataprogram. Aksjekursen raste med ein gang og verdiar for meir enn 20 mrd euro forsvann på nokre få dagar.

Toppleiinga kasta
Ut over 2015 begynte hovuda å rulla i konsernet og konsernsjef Martin Winterkorn måtte trekkja seg i september. Store delar av toppleiinga i VW, både i Tyskland og USA måtte gå, eller vart permitterte. Oliver Schmidt, leiaren for miljø (Umvelt- und Ingenieurbüro) vart fengsla og har ein tiltale med ei maksimal strafferamme på 169 år! (i USA, sjølvsagt). Den tidlegare Porsche-sjefen Mattias Müller vart ny konsernsjef etter Winterkorn.

185 mrd. kr i kostnader
Totalt har Dieselgate kosta VW-konsernet 20,7 mrd. euro (rundt 185 mrd NOK). Det er eit enormt beløp, mellom 1/5  og 1/6 av det norske statsbudsjettet! Men så er VW ein av dei største bilprodusentane i verda, ja faktisk den største i 2016 med 10,3 mill. bilar. Dei fekk eit lite tilbakeslag i 2015, men i fjor kom dei altså tilbake. Krisa vart dermed mindre enn spådd. Det var enkelte som meinte at Dieselgate kunne bli undergangen for VW, men slik vart det ikkje.

Vil sitja i
Men sjølv om VW har klart seg gjennom krisa, vil dette jukset hengja ved dei i lang tid framover. Aksjekursen har betra seg etter stupet i mars 2015, men den er likevel langt under nivået før Dieselgate.

søndag 12. februar 2017

Robert Moses - mannen som bygde New York

"The Power Broker" av Robert A. Caro
"Robert Moses was America's greatest builder. He was the shaper of the greatest city in the New World".

Ingen har sett større preg på New York, og kanskje amerikanske byplanlegging i det 20. århundre, enn byråkraten Robert Moses. Han styrte utbygginga i New York i 40 år utan nokon gang å ha vorte demokratisk valt til ein posisjon. Han dreiv nemnleg ikkje med politikk..

Monumental biografi
Robert A. Caro sin monumentale, Pulitzer-prislønna, biografi om Robert Moses, "The Power Broker - Robert Moses and the Fall of New York", kom ut i 1974 og er på ikkje mindre enn 1160 sider (pluss fotnotar, stikkord ++). Eg skal ikkje påstå at eg har lese den, men utdrag frå den. Berre innleiinga av boka er uhyre interessant og gir eit bra samandrag av livet til denne mannen og kva det fekk å seia for utviklinga av New York.  Som tittelen på Caros bok antyder, var det ikkje berre positivt.

1988-1981
Robert Moses var fødd i 1988 av tysk-jødiske foreldre og døydde i 1981, 92 år gammal. Han vaks opp i ein ganske velståande familie der mora var den dominerande krafta (som tilfellet også var i generasjonen før). Robert var nr. to av tre søsken med ein eldre bror og ei yngre søster. Mora la stor vekt på utdanning og valde både gode skular og i tillegg privatundervisning med topp lærarar.

Britisk modell
Robert gjekk vidare til Yale og tok sluttutdanninga, dagens master-nivå, ved Oxford i England. Han vart raskt fascinert av britisk styresett og var frå før veldig interessert i offentleg styring (public service). Den store vekta engelskmennene la på utdanning gjennom eit meritokratisk system, tiltalte Robert Moses. Men skjult i det meritokratiske systemet var ei sjølvforsterkande klassedeling der berre dei rikaste kunne senda barna til prestisjeuniversiteta, og resultatet vart eit elitestyre. Robert Moses såg dette, og likte det. Tilbake i USA fullførte han doktorgraden sin (PhD) ved Columbia University, og avhandlinga hadde tittelen "The Civil Service of Great Britain". Der fekk han gjort greie for sitt syn på offentleg styring og kva som var den beste modellen.

Feilslått karrierestart
Han fekk jobb i New York sin administrasjon i 1914 og begynte med ein gang å arbeida for grunnleggjande reformer for rekruttering og tilsetjing. Rekrutteringa i New York som i andre delar av USA var den gangen i stor grad prega av kjennskap og vennskap, nepotisme ++. Moses ville få bort dette og leggja størst vekt på utdanning, etter den britiske modellen. Han kjempa i tre år for gjennomslag, men vart avfeid og fekk til slutt sparken.

Det følgde sju år med omflakkande tilvære før han i 1924 igjen fekk seg jobb i administrasjonen i New York. Han hadde då lært det viktigaste frå dei tre føregåande åra i administrasjonen:
"Science, knowledge, logic and brilliance might be useful tools, but they didn't build highways or civil service systems. Power built highways and civil service systems."
Først makt, så gjennomføring
Han forstod at utan makt kom han ingen veg, og i den andre perioden i New York-adm. starta han oppbygginga av makt, eit svært vellykka prosjekt som resulterte i at han vart ein stat i staten. Han bygde opp eit imperium der han sjølv var keisar. At det kunne skje i ein offentleg administrasjon, med krav om innsyn og openheit, er ganske uforståeleg. Men det er som kjent vegar rundt det meste.

Med aukande makt sette han i gang omforminga av New York, som var hans store draum og prosjekt. Med den lange pausen mellom første og andre tilsetjing, var han alt 36 år gammal då han begynte på nytt. Men om han starta seint på karrieren sin, avslutta han den seint også: han vart pressa ut av kontoret sitt då han var 80 år gammal! Og då han var 85 år prøvde han på nytt å komma seg inn att!!

Trafikk-årer, parkanlegg, strender, offentlege bygg, damanlegg +++
Lista over byggjeprosjekta hans er imponerande. Han bygde stort sett alt som er av hovud-trafikkårer i New York (expressways), med kryssingar, bruer ++. Han renoverte store område, med hard hand, og bygde opp nye bustadområde. Det er rekna at han flytta eller fordreiv opp mot 500 000 menneske med byggjeprosjekta sine. Trafikkutbygginga med expressways og parkways la til rette for bilen og kom på kostnad av kollektivtilbodet. Det er Robert Moses å takka, eller heller skulda, at New York har så dårleg utbygd kollektivtrafikk i dag. Og ikkje berre New York, Robert Moses var den store inspiratoren for dei fleste arkitektar og byplanleggjarar i hans tid og dermed fekk han stor påverknad også på utforming av andre byar i USA.
Den store ironien i det heile er at Robert Moses aldri fekk førarkort og aldri køyrde bil sjølv!

Sjølv om tittelen på boka til Caro tyder på at Robert Moses var ei ulykke for New York, er biletet meir samansett. Han la til rette for bilen, det er tilfelle, men han bygde også mange parkar og la til rette for at desse kunne brukast langt meir aktivt enn tidlegare planleggjarar hadde gjort. Han var den første som bygde "state parks", store landlege parkar utanfor byen, med tilkomst via "parkways". Han bygde strender på Long Island, han bygde monumentale bygg som Lincoln Center, og han bygde jamvel dammar og kraftstasjonar (St. Lawrence, Niagara).

Rasistiske undertonar?
Men eit godt eksempel på vekslinga mellom gode tiltak og grov urett, er utbygginga av strender på Long Island. Det vart ein ynda utfartstad for mange i byen, men berre dei som hadde bil. Moses sørgde for at trafikk-overgangane vart bygde så låge at bussane ikkje kunne komma fram. Og kven tok buss i New York?

Ikkje politikk
Eksempelet med hindring av kollektivtrafikk, og generell nedprioritering av utbygging av kollektivtilbod i New York, er sjølvsagt politikk så god som nokon. Men det er politikk utført av ein person som ikkje var folkevald, og som heller ikkje underordna seg politisk styresett, men bygde sitt eige sjølvstyrte imperium. Ein viktig del av forteljinga til Robert Moses, og han var nøye med å publisera tankane og meiningane sine i media, var at han ikkje dreiv med politikk:
"Public authorities are outside and above politics"
Han kunne ha rett i at han var heva over politikken og det politiske systemet, men han dreiv i høgste grad med politikk og tok politiske avgjerder. Når ein føresetnad for byggjeprosjekta er at 500.000 menneske må flyttast, er det absolutt politikk. Og når du styrer ei utbygging av ein by slik at bilen blir det dominerande framkomstmiddelet, er det også i høgste grad politiske handlingar. Men med den enorme makta Moses klarte å byggja opp, var det ingen politika som torde utfordra han, og han fekk gjennom planane sine utan protestar.

Sanninga var at Moses kontrollerte eit politisk apparat smurt av pengar; pengar han sjølv kontrollerte.

Finansiering
For å forstå korleis Moses kunne byggja imperiet sitt, er det viktig å forstå skilnaden på Public Authorities og Civil Service. Public Authorities var organisasjonar etablerte for spesifikke oppgåver, som konkrete bru- og vegprosjekt, men som var kontrollerte av Civil Services. Dei opererte i grenselandet offentleg/privat, og var nærmare det me i dag kalla eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.

Eit stort spørsmål er korleis han klart å gjennomføra alle desse prosjekta som til saman kosta milliardar av dollar? Ein viktig del av svaret er at han kontrollerte store inntekter gjennom bompenge-finansiering. Desse brukte han igjen til store låneopptak noko som gjorde at han så å seia skapte sin eigen økonomi. På snedig vis fekk han gjennom endringar i lovene som gjorde at han fekk full kontroll med pengeflyten.

Med den enorme makta han etter kvart skapte, var det få eller ingen som kunne utfordra han. Dei sju ordførarane (mayor) han "tente", vart fort sette på plass om dei prøvde seg. Og jamvel president Franklin D. Roosevelt måtte gi tapt då han prøve å avgrensa Robert Moses' maktposisjon. Moses var heva over dei fleste.

Sjølv svarte han på kritikk med følgjande ord:
"Those who can, build. Those who can't, criticize."
Til slutt rakna imperiet. Det var særleg uheldig økonomisk utvikling i samband med ei stor utstilling/messe. Det kom til slutt fram at tapet kom opp i mot 100 mill. kr, og då kom også det kritiske søkjelyset frå pressa. Pressa, og opinionen elles, hadde vore på lag med Moses heile tida, mykje på grunn av eit velsmurt PR-apparat frå Robert Moses imperium. Og resultata av byggjeprosessane talte for seg sjølv. Arkiva til byplanleggjaren var heller ikkje tilgjengelege, også ein viktig grunn til at kritikken stort sett var fråverande.

Robert Moses mot Ole Singstad
For nordmenn er den historia om Robert Moses og den geniale tunnel-ingeniøren Ole Singstad spesielt interessant. Han var fødd på Singstad gard i Sør-Trøndelag og studerte til (sivil-)ingeniør i Trondheim. I 1905 flytte han til USA. Singstad arbeida i the Tunnel Authority som ekspert på planlegging og bygging av tunnelar, og i 1950 hadde han bygd fleire undervass-tunnelar enn nokon annan i verda. Han var kort og godt verdas beste tunnel-ingeniør, noko Norge seinare har vidareført sidan me framleis er blant dei beste tunnelbyggjarane.

Men Ole Singstad skulle få oppleva at å komma på kant med Robert Moses, var farleg. Den første trefninga skjedde i samband med bygging av tunnelen Brooklyn-Battery Crossing. Det var ikkje tunnelen som provoserte Moses, sjølv om han gjerne kunne tenkt seg å kontrollera den delen også, men dei to bruene som også var ein del av prosjektet. Det var meir enn han kunne tola! Ole Singstad var arkitekten bak prosjektet og i klinsjen som følgde tapte faktisk Robert Moses.

Men Robert Moses var ikkje ein mann som let slike nederlag skje utan vidare. Viss han først la nokon for hat, og det var ikkje få, gløymde han dei aldri. Slik skulle det også gå med Ole Singstad. Men først tok Moses ei slags barnsleg hevn ved å kunngjera at eit akvarium og eit gammalt fort som låg i Battery Park, skulle rivast. Dette var populære besøksmål og skapte stort oppstyr. Moses' bakgrunn for rivinga var ikkje noko anna enn rein hevn. Han forsvarte seg med at tunnelarbeidet ville skada dei alt dårlege bygningane, noko som vart tilbakevist av the Tunnel Authority. Akvariet vart rive, men fortet vart berga i siste liten.

Men dette var berre starten for Robert Moses i kampen for å eliminera Ole Singstad. Han sette alt inn på å få overtaket i the Tunnel Authority og greidde etter kvart å plassera sine menn inn i styret slik at han til slutt kontrollerte det og fusjonerte det med Triborough Bridge Authority; kjerneverksemda i imperiet. Og Ole Singstad vart sjølvsagt fråteken alle oppgåver. Tunnelsystemet han hadde planlagt vart gjennomført identisk med planane. Moses gjorde nokre endringar på Singstad sine planar, med det resultatet at det vart lekkasjar i tunnelen. Han måtte så gå tilbake til originalteikningane og retta det opp med det Singstad opprinneleg hadde planlagt. I dei neste 30 åra sat Ole Singstad på kontoret sitt og såg ut over området han sjølv hadde planlagt, utan mulegheit til å delta i noko byggjearbeid.

Den gamle løva mot den unge
Etter den fiaskoen med utstillinga og det store underskotet, var Moses open for kritikk også frå politisk hald. For første gang på over 40 år var det muleg å kritisera keisaren, og det vart muleg å utfordra makta hans. Den unge og ambisiøse nye borgarmeisteren John V. Lindsay såg at Moses kontrollerte store verdiar og at han sjølv ikkje fekk gjort stort utan å få kontroll over pengestraumane. Han prøvde difor å føreta ei omorganisering av etatane Moses kontrollerte, og særleg pengekjelda Triborough Bridge. Triborough Bridge var kjernen i Moses' imperium og sørgde åleine for rundt $ 30 mill. i årlege inntekter. Med denne pengestraumen som sikkerheit kunne Moses utferda obligasjonar til bankane og mangedobla beløpet som grunnlag for nye investeringar. På høgda si hadde Moses mange andre inntektskjelder også, og han kontrollerte ikkje mindre enn 12 etatar/styre som kvar genererte inntekter.

Juvelen Triborough Bridge
Mot slutten hadde han berre Triborough Bridge igjen, og Lindsay gjekk til angrep ved å føreslå ei samanslåing av denne etaten med andre transportområde til eitt stort transportselskap i byen. Det var den gamle, såra løva mot den unge løva. Lindsay trudde det ville gå greitt å kvitta seg med ein 78 år gammal mann, men der tok han skammeleg feil. Moses mobiliserte maktapparatet, der ikkje minst bankane og fagforeiningane var viktige støttespelarar, og knuste Lindsay sine planar. Det vart eit ydmykande nederlag for borgarmeisteren.

Den siste kampen
Men han møtte sterkare motstand enn borgarmeisteren. Guvernøren i New York, Nelson Rockefeller, hadde spelt på lag med Moses lenge. Men også han såg at inntektsstraumen frå Triborough Bridge var essensiell for å finansiera nye investeringar i den elles økonomisk svake staten og byen. Han la også planar om samordning av Triborough Bridge med resten av transportområdet. I starten var Moses sjølvsagt mot planane, men let seg overtala til å støtta dei mot ein lovnad om at han skulle få ein sentral plass i den nye organisasjonen; enten som president eller som adm. dir.

Bankane som obligasjonseigarar, både kunne og burde ha stoppa fusjonen fordi det sette deira eigne lån i fare. Men Chase Manhattan var talsperson for obligasjonseigarane og største eigar der var David Rockefeller. Nelson Rockefeller tok eit møte med broder David Rockefeller og dermed var fusjonen klarert. Robert Moses fekk ikkje den leiande rolla han var lova, men fekk tilbod om å bli rådgivar for den nye organisasjonen. Det var ydmykande for han, men han hadde ikkje anna val om han ville halda fram, og takka ja og heldt fram til han var 80 år. Men han kjende seg fallen i ryggen av Nelson Rockefeller, og forsåvidt med god grunn. På ei anna side fekk han smaka eigen medisin; ein medisin han hadde vore ivrig utskrivar av i over 40 år.

Sjølv etter at han hadde fylt 80 år hadde han mykje ugjort, og det seier litt om mannen at han prøvde å gjera comeback i administrasjonen då han var 85!

Openheit og innsyn
Lærdommen av denne historia må vera det grunnleggjande behovet for innsyn og openheit, og at sterke menn (det er oftast menn) blir haldne under oppsikt slik at dei ikkje får misbruka makt. Men det vil også vera feil å underslå alt det som var bra med Robert Moses' innsats. I starten brukte han makta til å gjennomføra visjonane sine om moderne byplanlegging, om lag som Hausmann i Paris og Europa elles. Men makt korrumperer som kjent, og all makt korrumperer fullstendig. Etter kvart vart makt i seg sjølv eit mål, og ikkje berre eit middel. Det er då det for alvor kan gå galt.



tirsdag 7. februar 2017

Digitalt grenseforsvar (DGF)

Professor Olav Lysne har leia utvalet som har føreslått eit digitalt grenseforsvar, DGF, det såkalla Lysne II-utvalet. Lysne I-utvalet vart nedsett av Justisdepartementet tok for seg sårbarheit og var eit naturleg grunnlag for Lysne II som vart sett ned av Forsvarsdepartementet. Olav Lysne sa sjølv på eit seminar arrangert av Den norske dataforening (DnD) at han hadde tvilt seg fram til tilrådinga, og at det ikkje er eit val mellom pest eller ikkje-pest, men om pest eller kolera.

Det digitale grenseforsvaret går ut på å gi etterretningstenesta (E-tenesta) verktøy for innsyn i datastraumane som går til og frå Norge. Dei får med andre ord mulegheit til å avlytta all Internett-trafikk som passerer grensene til landet. Rett nok må innsynet og analysane av data godkjennast av ein domstol før det kan setjast i verk, men her er det fleire gråsoner og uavklarte spørsmål. Kontrollen med DGF kviler på tre pillarar:

  1. Førehandsgodkjenning av domstol (eigen DGF-domstol er føreslått)
  2. Eit tilsyn (DGF-tilsynet) skal overvaka bruken av DGF, i nær sanntid
  3. Ei styrking av EOS-utvalet sin etterfølgjande kontroll
    [EOS er Stortinget sitt kontrollorgan for etterretning, overvaking og sikkerheitsteneste]

DGF-kampanje
Det er for tida stor merksemd om dataangrep mot Norge og politiske miljø, og påstandar om russiske angrep for muleg valmanipulasjon. Den som trur at dette er heilt tilfeldig og uavhengig av DGF er enten naiv eller rett og slett dum. Dette er nok ein velregissert kampanje for å få gjennomslag for det ganske drastiske tiltaket DGF er. At det blir utført dataangrep mot Norge treng me ikkje tvila på, men "timinga" av desse store angrepa er meir enn mistenkjelege. Så eg vel å tenkja mitt..

Høyring med mange skeptiske svar
Høyringa av DGF-forslaget har resultert i mange svar, men ein instans glimrar med sitt fråver: Elektronisk Forpost Norge (EFN). Eg har spurt dei kvifor dei ikkje har levert høyringssvar på dette viktige forslaget, og fått til svar at "det er mange høringer vi ønsker å delta i, men vi har ikke ressurser til å svare på alle". Hallo? Viss ikkje EFN skal svara på ei slik høyring så forstår eg ikkje noko av prioriteringa.

Av høyringssvara er det mange som er skeptiske til det vidtgåande forslaget. Sjølv om dei skisserte truslane blir oppfatta som reelle, og utvalet får mykje skryt for ei grundig vurdering av situasjonen,  meiner mange at det er å gå for langt å lagra all informasjon. Me ser mange av dei same reaksjonane som kom mot Datadirektivet for nokre år sidan.

Høyringssvaret frå Norsk Unix User Group, NUUG, listar opp mange av dei høyringssvara som er skeptiske til forslaget. Dei avsluttar også med følgjande fynd-ord:
NUUG vil avslutningsvis minne Forsvarsdepartementet på at neste gang de låser døren på toalettet for å gjøre sitt fornødende så er det ingen som tror at de gjør det fordi de er kriminelle eller terrorister, men vi respekterer at det er ønsket privatliv.
Alle skal under lupa
Mange høyringssvar, og særleg frå juridiske hald, peiker på faren med den vide og omfattande kommunikasjonskontrollen som ikkje er basert mistanke, som i vanleg etterretning, men som omfattar absolutt alle. Dette er stikk motsett av vanleg etterforsking der datainnhenting berre skal skje etter grunngjeven mistanke. Rett nok skal innsyn i innsamla data berre kunna skje etter vedtak i domstol, men her er det fleire gråsoner som ikkje ser ut til å ha vorte grundig nok diskutert. Til dømes står det i rapporten at det skal takast stikkprøvar dagleg av informasjonsstraumen, men korleis skal den då handterast? Skal det gjerast vedtak kvar dag om tilgang, eller skal ein ikkje sjå på den i det heile? Dette viser kor umuleg situasjonen med eit digitalt grenseforsvar blir med tanke på full kontroll med tilgang.

Ein dom i EU-domstolen rett før jul (C-203/15 og C-698/15, 20. des. 2016) mellom Tele2 og den svenske Post- og telestyrelsen ga Tele2 rett i å sletta data, noko PTS ga dei beskjed om at dei ikkje hadde lov til. Tele2 hevda ordren frå PTS stridde mot menneskerettane og viste til ei liknande sak i Irland. Tele2 vann fram og EU-domstolen sa i dommen at å lagra slike data var i strid med retten til privatliv. Det var også EU-domstolen som torpederte Datalagringsdirektivet, som var ei heit sak i mange land inkludert Norge.

Føremålsgliding
Mange høyringssvar peiker med rette på den stor faren med føremålsgliding, dvs. at data etter kvart blir brukte til noko anna enn det dei var tenkte. Og det gjekk ikkje lang tid før dette vart demonstrert til fulle: Politiet har gått ut og sagt at det er utenkjeleg at data frå DGF ikkje skal kunna brukast i alvorlege kriminalsaker. Greitt at katten vart sleppt ut av sekken med ein gang!

Eit godt eksempel på føremålsgliding finn me i trafikken. Fotoboksane som vart sette opp for 30-40 år sidan skulle berre avsløra fartssyndarar. Men me veit alle at dei har vorte viktige datainnsamlarar i straffesaker. Det same kan me seia om mobilnettet.

"Rikets sikkerheit"?
Argumentet om "Rikets sikkerheit" pleier trumfa det meste, og E-tenesta brukar det sjølvsagt for det det er verdt. Det blir likevel hult når me høyrer at Naudnettet faktisk blir delvis drifta frå India. Viss noko så viktig som drift og tilgang til Naudnettet kan setjast bort til framande makter, kva skal me då med eit digitalt grenseforsvar? Eit digitalt grenseforsvar vernar oss ikkje mot grenselaus naivitet og stupiditet, og det er kanskje den største utfordringa vår. Statoil demonstrerte eit tilsvarande mangelfulle rutinar for tryggleik då det viste seg at ein indar heldt på å laga katastrofe på Mongstad etter å ha gjort ein datafeil.

"Alle andre gjer det"
Dette er også eit vanleg argument, og eit argument me er vande til å høyra også frå barn. Det er vanskeleg å møta argumentet om at "alle andre gjer det" med faste grenser for barn, og det er vanskeleg i det vaksne livet også. Alle andre nasjonar avlyttar nett-trafikken, så kvifor skal ikkje Norge gjera det? Men det er ikkje eit haldbart argument, for då kastar ein over bord alle prinsipp og let seg styra av det andre gjer, enten det er bra eller ikkje. NSA avlyttar alt og alle og skaffar seg tilgang til data hjå kven dei vil. Vil me at E-tenesta skal gjera det same her i landet?

Pest eller kolera?
Det er ingen grunn til å bagatellisera dilemmaet me står overfor i denne saka. Internett blir i aukande grad brukt til angrep mot ulike mål. Er svaret på desse truslane ei avlytting av all nett-trafikk? Eg meiner det er feil svar, og at ein i staden for bruk av hagle heller må tenkja presisjon. Det kan også virka som "godt gammalt" etterretnings-handverk er gløymt. Men sosiale metodar (snakka med folk, bruka informantar osv.) er sterkt undervurdert i slikt arbeid. Kanskje er det også ei form for latskap; det er meir komfortabelt å sitja passivt og motta ein straum av data enn å gå aktivt ut og kartleggja og følgja opp mistenkjelege miljø.

Mykje tyder på at forslaget om eit digitalt grenseforsvar slik det no føreligg, er for vidtfemnande og ikkje kan godtakast. Det er all grunn til å håpa på eit mindre omfattande inngrep og at vern av privatliva våre blir verdsett høgre.