tirsdag 21. juni 2016

DAO - Den sjølvstyrte organisasjonen

TheDAO - ein organisasjon styrt eine og åleine av programkode - vart lansert på den alternative blokk-kjeda Ethereum med brask og bram og sørgde for den største dugnadsfinansieringa til no for eit enkelt selskap. Meir enn $ 160 mill. (over NOK 1 mrd) vart samla inn i form av kryptovalutaen ether, før heile greia gjekk på trynet med eit smell! Den førebels siste uttalen frå sentrale personar bak TheDAO seier alt om den alvorlege situasjonen.

Hacking
Først kom det advarsel frå leiande akademiske ekspertar på kryptovaluta, deretter forsvann meir enn $ 50 mill. av verdiane i eit spektakulært hacking-angrep. Dei tappa ether-verdiane ligg no i ein såkalla child-DAO på ein slags sperra konto. Dei kan ikkje brukast/seljast før om 25-26 dagar, noko som er koda inn i den smarte kontrakten som utgjer TheDAO. Personen bak hacking har sendt eit ope brev til TheDAO- og Ethereum-brukarane og forklart at han/ho berre har gjort noko som programkoden tillet, og sidan "Code is Law" bokstaveleg tala, har han/ho ikkje gjort noko galt. Det er i sanning ein juridisk godbit!

DAO - Decentralized Autonomous Organization
Ethereum er ei alternativ blokk-kjede bygd på Bitcoin-teknologi, men med ein del interessante skilnader. Mannen bak Ethereum er russisk-kanadiske Vitalik Buterin, ein prototype på ein nerd og med utsjånad som ein gut som skal konfirmerast neste år. Buterin starta med å skriva om Bitcoin, m.a. som ein av dei som starta Bitcoin Magazine. Men det er som hovudmannen bak Ethereum Vitalik Buterin verkeleg har skapt seg eit namn. Ethereum vart lansert så seint som 30. juli 2015 og har altså vore i drift mindre enn eitt år.

Den største skilnaden på Bitcoin og Ethereum er at medan førstnemnde har eit begrensa, og i enkelte sine auge primitivt, programmeringsspråk, har Ethereum eit fullstendig programmeringsspråk og er såkalla Turing-complete. At eit språk er Turing-complete betyr at det skal kunna køyra alle slags instruksjonar som let seg formulera som algoritmar. Det høyrest flott ut, men når det gjeld sikkerheit er det viktig å hugsa på at den største faren er kompleksitet. Med kraftigare verktøy kjem også mulegheiten til å gjera større feil, noko TheDAO ettertrykkeleg har bevist.

Ethereum har smarte kontraktar som sitt fremste bidrag til kryptovaluta-teknologien. Ein smart kontrakt er eit program lagra på blokk-kjeda som gir instruksjonar om kva som skal skje ved gitt føresetnader. Den virtuelle organisasjonen TheDAO er bygt som ein smart kontrakt. Det er i realiteten eit investeringsselskap, og dei som har investert i The DAO med ether (Ethereum sin valuta) har stemmerett og kan avgjera kva TheDAO skal investera i.

Deus ex Machina?
Deus ex Machina er eit uttrykk frå den greske antikken og frå teaterverda. Det er eit uttrykk for ein unaturleg, gjerne maskinell, inngripen for å løysa ei floke. Uttrykket kan gjerne brukast om TheDAO og Ethereum, for eit av forslaga til løysing av floken tappinga av ether har ført til, er å gjera endringar i den underliggjande Ethereum-koden. Det er eit ganske alvorleg inngrep og uttrykk for at problemet ikkje er isolert til TheDAO, men gjeld sjølve Ethereum-plattforma.

AI-tabbar på nytt?
Den voldsomme "hype-en" rundt DAO og særleg TheDAO, og den blinde trua på at programkode kan erstatta menneskeleg styrte organisasjonar, gir grunn til å spørja om me ikkje har lært noko av dei feilgrepa ihuga tilhengjarar av kunstig intelligens (AI) gjorde på 1950-talet og i fleire tiår seinare. Det er ganske naivt å tru at berre fordi vedtekter for ein organisasjon kan formulerast som kode (= smart kontrakt), kan ein organisasjon styrast og leiast utelukkande med kode. Den kjende juristen, Internett-forsvarar og politiske aktivisten Lawrence Lessig gir i denne presentasjonen ei veldig god forklaring på kvifor kode ikkje utan vidare kan erstatta lover:

Deja vú all over again: Thinking through law & code, again from lessig on Vimeo.


TheDAO som Ethereums Mt.Gox?
Alle som kjenner Bitcoin får frysningar på ryggen når ordet 'Mt.Gox' blir nemnt. Mt.Gox var den største vekslingstenesta for bitcoin før den gjekk overende i ei blanding av svindel og udugeleg leiing (kva som faktisk skjedde er framleis ikkje klart). Meir enn NOK 1 mrd. forsvann då Mt.Gox gjekk under og mange trudde det ville bety slutten for Bitcoin. Slik vart det ikkje, sjølv om hendinga prega kryptovalutaen i lange tider etterpå og vekslingskursen vart barbert frå rundt US $ 1200 på det meste til 2-300 på det lågaste ei tid etter.

Men i motsetning til TheDAO og Ethereum var det aldri snakk om å gjera endringar i Bitcoin-koden. Feila i Mt.Gox hadde ikkje noko med Bitcoin-plattforma å gjera, og samla sett kom Bitcoin sterkare ut av krisa. For Ethereum og TheDAO er situasjonen annleis. Om problemet med TheDAO kan isolerast til TheDAO-koden og applikasjonen den byggjer på (Slock.it), er usikkert. Men når eit av løysingsforslaga er å føreta endringar i sjølve Ethereum-koden, går ein langt i å antyda at det er plattforma som er problemet, ikkje applikasjonen. Alternativt seier ein at dersom ein applikasjon på Ethereum får problem, kan ein gjera endringar i det underliggjande fundamentet for å retta det opp. La oss håpa at det første er tilfelle!

Ingen kommentarer: