mandag 11. januar 2016

Til minne om Aaron Swartz

Aaron Swartz vart dessverre berre 27 år.
Foto: Fred Benenson, CCBY 2.0
I dag er det tre år sidan Aaron Swartz tok sitt eige liv. Då hadde han levd med ein alvorleg tiltale frå påtalemakta og risikerte lang fenselsstraff. Sjølv om me aldri vil få vita kvifor Aaron valde så dramatisk som han gjorde, vil presset frå påtalemakt og MIT sin passivitet liggja som ein svart skugge over det heile.

Aaron Swartz var ein Internett-«wonderboy» som alt i ein alder av 14 år deltok i utvikling av viktige Internett-standardar! Han var ein entreprenør og ein aktivist; ein ekte «hacker» i ordets eigentlege og positive forstand. Han var mellom anna med på å starta diskusjonsforumet Reddit, ein av dei mest brukte nettstadene i dag.

Han var ein viktig Internett-aktivist og mellom anna sentral i å stoppa lovaforslaget Online Piracy Act, gjennom aksjonen Stop Online Piracy Act (STOPA). Han starta også aktivistorganisasjonen Demand Progress, ein grasrotaksjon for å sikra fridom i eit moderne (og stadig meir digitalt) demokrati. Som om ikkje det var nok, var han også aktiv i utforminga av Creative Commons-rammeverket for meir fleksibel handtering av opphavsrett.

Tiltalen mot han skuldast at han lasta ned store mengder akademisk litteratur frå databasen/forlaget JSTOR ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 2011. Påtalemakta la fram ein tiltale basert på 13 brot på «Computer Fraud and Abuse»-lova og med ei maksimal strafferamme på 35 år. Tiltalen hang over Aaron Swartz i nærmare to år, og i januar 2013 enda det med at han tok sitt eige liv. Saka viser også den groteske ubalansen mellom enkeltmenneske og dei store bedriftene i juridisk samanheng. At ei handling som den Aaron Swartz gjennomførte i verste fall kunne gi 235 års fengsel er heilt absurd.

Sjølv om Aaron Swartz hadde hatt psykiske problem tidlegare, etterlet saka ein svart skugge over amerikansk påtalemakt og MIT. Der JSTOR trekte politimeldinga, valde MIT å vera passive og føretok seg ikkje noko. Dei kunne truleg fått påtalemakta til å trekkja saka om dei hadde gått aktivt inn og forsvart Aaron Swartz. Saka skapte mykje oppstyr ved den renommerte institusjonen og det vart sett ned eit internt granskingsutval. Utvalet kom fram til at MIT ikkje hadde gjort noko klanderverdig, men like fullt er det mange som meiner at MIT ikkje levde opp til sine eigne ideal og at dei faktisk svikta ein av sine eigne i denne saka.

MIT er den institusjonen i USA, ja kanskje heile verda, som har vore den sterkaste tilhengjaren og pådrivaren for ein open kultur. Det var her hacker-kulturen vart utvikla på 1950- og 60-talet, og universitetet har vore svært liberal i haldningar om openheit. Dessverre etterlevde dei ikkje desse ideala i saka mot Aaron Swartz, og den feige "nøytralitetslinja" står i skarp motsetnad til ideala. MIT burde stått i fremste rekkje og forsvart Aaron Swartz, ikkje fordi han var den han var, men fordi det han stod for, var dei reelle verdiane MIT er bygde på. Det var ei leiingssak, og det var leiinga ved MIT som først og fremst svikat har. Shame on you, MIT!

Ingen kommentarer: