onsdag 6. januar 2016

Bitcoin-året 2015

Gartners hype-kurve brukt på Bitcoin. Mykje tyder på at me
er på veg opp skråninga av opplysning..
Det er tid for ei oppsummering av Bitcoin-året 2015, og Frank Sinatras "It was a very good year" fangar det best. 2015 har vore eit veldig bra år for Bitcoin, i sterk kontrast til 2014 som var "annus horribilis". Mt. Gox og andre skandalar har komme i bakgrunnen og vekslingskursen stabiliserte seg, om ein kan bruka eit slikt ord om ein så volatil valuta som Bitcoin.

Den 3. januar i fjor (2015) var Bitcoin-kursen ca. US $280 medan den i dag (03.01.16) var ca. 430. I det meste av fjoråret varierte kursen mellom 200 og 300 US $ pr. BTC. Det betyr likevel ikkje at det ikkje finst utfordringar for Bitcoin framover..

Blokk-kjeda
Året 2015 var året då blokk-kjeda som teknologi verkeleg fekk gjennomslag. Alle bankar med respekt for seg sjølv har starta eksperimentering med blokk-kjedeteknologi, og om lag 40 store bankar har gått saman i R3 CEV, eit konsortium for å prøva ut blokk-kjedeteknologi saman med bedrifta R3.

Blokk-kjede utan Bitcoin?
Men jubelen for blokk-kjeda står i sterk kontrast til haldninga til valutaen bitcoin. Dei færraste av dei etablerte finansaktørane ønskjer å ta ordet "bitcoin" i sin munn, og vil distansera seg frå den delen. Det er på ein måte forståeleg, men på den andre sida vil det bli svært interessant å sjå kva dei då skal få ut av teknologien. Som Andreas Antonopolous og andre seier: "Blokk-kjeda er ikkje noko anna enn ein treg database". Det er bitcoin som er sprengstoffet, ikkje blokk-kjeda. Det blir som om ein for 20 år sidan sa:
Eg har stor tru på intranett, men ikkje på Internett..
Få formulerer denne schizofrenien betre enn Bitcoin-ekspert Andreas Antonopolous:


Skaleringsspørsmål og blokkstørrelse
Eit av dei store spørsmåla i 2015 var korleis Bitcoin skal skalera, dvs. klara å handtera fleire transaksjonar pr. sek. Dagens versjon har ei teoretisk grense på 7 trans./sek, noko som ikkje er veldig mykje samanlikna med dei store aktørane innan betalingshandtering (VISA med fleire tusen transaksjonar pr. sekund). Den reelle grensa for Bitcoin er likevel lågare, rundt 3-4 trans. pr. sekund. Det er fordi maksimal blokkstørrelse er på 1 MB i dag. Det var i starten inga grense, men Satoshi endra dette til 1 MB for å hindra spam/Denial of Service-angrep.

Det er store motsetningar i synet på blokkstørrelse, og det har komme mange forslag til løysingar på problemet i form av såkalla Bitcoin Improvement Proposal (BIP). BIP er Bitcoins svar på Internetts RFC. Gamle skiljer mellom Bitcoin-idealistar og Bitcoin-pragmatikarar (business) kjem til syne att. Enkelt sagt vil "idealistane" halda på dagens 1 MB-grense og la marknaden avgjera gebyra ("fees"), sidan det uvegerleg vil føra til høgare gebyr. Business-folka og Bitcoin-entreprenørar på den andre sida ønskjer å utvikla Bitcoin til å kunna konkurrera med dagens betalingssystem som VISA og Mastercard, og ser det som heilt nødvendig å auka blokkstørrelsen sjølv om det vil føra til at blokk-kjeda veks endå meir i omfang.

Eg begynte å skriva om dei ulike sidene og forslaga, og aktivitetar i 2015, men ser at det er nok til eit eige blogginnlegg og let det liggja inn til vidare.

Bitcoin i Norge

Det positive er den aukande interessa frå fleire hald, men særleg finanssektoren. Eg har halde mange presentasjonar siste året, og særleg for bankar. Det er også positivt med ei fornya interesse i Bitcoin-samfunnet slik det mellom anna kjem til uttrykk i Oslo Bitcoin Meetup - kjekt å sjå at det kjem stadig fleire på møta!

Norsk finansnæring
Dessverre er det lite aktivitet å spora i næringsutvikling og i involvering frå finanssektoren. Bankenes standardiseringskontor (BSK) har positivt nok sagt dei vil setja i gang initiativ og kalla saman aktuelle aktørar til ein slags rundebordskonferanse. Men opp i det heile er eit nytt firma for betalingsformidling under etablering som ei samanslåing av BSK og Finans Norge si fagavdeling for betalingsformidling. Det nye firmaet skal ha felles infrastruktur i betalingsformidling som hovudoppgåve, og Bitcoin og blokk-kjedeteknologi bør bli sentralt her. Så får me tru at fusjonsprosessen ikkje stel for mykje tid, for norsk finanssektor er alt seint ute. Planen er at det nye firmaet skal vera opp og gå i løpet av første kvartal i år.

Eg har møtt fleire bankfolk som er ganske oppegåande på temaet, så det er ikkje der skoen trykkjer. Det er truleg eit leiarproblem, her som elles.

Fjellseminar i Lom
Eg nemnde dei mange oppdraga eg har hatt siste året og må trekkja fram fjellseminaret i Lom som eit absolutt høgdepunkt. Det var eit veldig bra arrangement, med ein veldig bra tittel: "Kva er pengar?". Den tverrfaglege tilnærminga med økonomar, historikarar, språkvitarar og teknologar var interessant og givande. Eg ser gjerne fleire initiativ av denne sorten.
13:36 06.01.2016

Ingen kommentarer: