tirsdag 28. april 2015

Balansekunst


For ei bok! Denne må du lesa om du ikkje alt har gjort det. Sjølv etter 767 sider låg det eit ønskje om at boka var lenger..

"Balansekunst" ("A fine balance" på engelsk) av indiske Rohinton Mistry er ei både vakker og brutal historie frå det fattige India. Mistry vart fødd i Mumbai, men har budd i Canada frå 1975. "Balansekunst" er den andre romanen han har skrive; debutromanen "Så lang en reise" kom ut i 1991. Den vart forresten forbydd i delstaten Maharashtra på grunn av språket, seier min gode venn og kollega Rajendra.

Historia om fire venner
Historia er enkel: Skreddarane Ishvar og nevøen Omprakash reiser til storbyen (Mumbai, utan at det blir sagt at det er den byen) for å finna arbeid. Dei kjem i kontakt med enka Dina Dalal og får arbeid hjå ho. Dina leiger dessutan ut eit rom til studenten Maneck. Me følgjer dei fire gjennom sorg og glede og måten vennskapet utviklar seg på, er rørande. På 767 sider er det klart det også blir mange avstikkarar til familiegreinene til dei fire, og til folk dei kjem i kontakt med.

Eit India i unntakstilstand
Handlinga i boka er lagt til midten av 1970-talet då Indira Gandhi var statsminister og innførte unntakstilstand (State of emergency) etter at ho vart funnen skuldig i valfusk i 1971-valet. Boka gir ein veldig god innsikt konsekvensane av eit slikt styre; i tillegg til overgrep og vilkårlege dommar frå styresmaktene, la det også vegen open for alle slags lokale tyrannar som fekk herja fritt. Taparane var som alltid dei fattigaste. Det er i periodar heilt forferdeleg å lesa kva både våre "heltar" og andre personar må gå gjennom..

Brutalitet og kjærleik tett kopla
Men i den verste brutaliteten får me også sjå ei rørande omsorg dei fattige i mellom. Sjølv om enkelte har veldig lite, delar dei det vesle dei har og prøver å hjelpa kvarandre så godt dei kan. For meg er dette India i eit nøtteskal: botnlaus fattigdom og elendigheit tett kopla med fantastisk rikdom på alle plan; både materielt og sjeleleg.

Skildringa av livet på botnen minner veldig om boka "Shantaram", som også føregår i Mumbai.

Språk med indisk krydring
Språket er veldig bra, særleg fordi forfattaren brukar mange indiske ord som oversetjaren heldigvis ikkje prøver å oversetja, men forklarer i eit lite tillegg bak i boka. Det gir boka eit endå meir autentisk indisk preg.


tirsdag 14. april 2015

Jeg vælger mig april

Når me ser på veret i dag, er det greitt å vita at også Bjørnstjerne Bjørnson var ironisk då han valde tittel på diktet. Han var beden om å skriva eit vers til ein dansk kalender i 1869, men det var berre det at alle andre månadene i året alt var utdelte, så Bjørnson måtte skriva om april. Han snudde det heile elegant ved å kalla diktet "Jeg vælger mig april" ;)


Jeg vælger mig April
Jeg vælger mig April
I den det Gamle falder,
i den det Ny faar Fæste.
Det volder lidt Rabalder;-
dog Fred er ej det Bedste,
men at man Noget vil.

Jeg vælger mig April,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den Evner ejer,
fordi den Kræfter vælter,
I den blir Somren til.



Det er Klassekampen (01.04.15) som skriv dette.


Biletet er frå i dag, 14.04.2015 (14. april er første sommardagen!)

søndag 12. april 2015

Revolutionary Road

Boka "Revolutionary Road" av Richard Yates er ein av desse amerikanske klassikarane etter siste verdskrig. Boka kom ut i 1961 og nådde nesten til topps i prisutdelingar. Det var debuten til forfattar Richard Yates. Den vart hylla som eit meisterverk frå den kom ut, og Yates vart ein slags "forfattarane sin forfattar".

Bok blir film
Boka vart filma i 2009, med Leonardo DiCaprio og Kate Winslet i hovudrollane som Frank og April Wheeler. Det førte til fornya interesse for boka, om lag som "Stoner", som har fått ein renessanse dei siste åra.

Det konforme USA
Handlinga i boka er lagt til 1955 og sjølv om Yates har ein veldig realistisk stil, er det først og fremst eit psykologisk drama. Det er kollisjonen mellom den kvelande konformiteten i etterkrigs-USA og den opprørske trangen til det unge ekteparet som er hovudinnhaldet, i alle fall på det ytre planet. Det er tema me også finn i t.d. "Catcher in the rye" og tidlegare nemnde "Stoner", sjølv om William Stoner ikkje akkurat kan karakteriserast som opprørar.

Me og dei andre
The Wheelers ser på seg sjølve som intellektuelle og "betre" enn dei typiske middelklasse-naboane dei omgir seg med. Dei ser til dels ned på dei fleste rundt seg, samtidig som dei ikkje evnar å flykta frå middelmådigheita dei er omgitt av.  Og det er vel fordi dei er mykje meir ein del av dette miljøet enn dei vil innrømma.

Eit annan viktig moment er at om ein prøver å rømma frå ting ein slit med, har nissen ein lei tendens til å bli med på lasset. Dei prøver å flykta frå problem som grunnleggjande sett ligg hjå dei sjølve.

"Boka betre enn filmen"
Eg såg filmen då den kom, men hadde nesten gløymt alt. Det er nok mykje fordi det er vanskeleg å laga ein film som gjer like sterkt inntrykk som boka når handlinga først og fremst utspelar seg på det psykologiske planet, og mykje av spenninga ligg i det som ikkje blir sagt, men berre tenkt.

Eg las den norske oversetjinga, og merkar at enkelte situasjonar og begrep blir litt rare. Eg ville nok prøvd å lesa den engelske om eg hadde valt på nytt.


søndag 5. april 2015

Bauhaus - Bau der Zukunft

Bauhaus-museet i Berlin
På turen til Berlin stod besøk til Bauhaus-Archiv/Museum für Gestaltung på programmet. Museet ligg litt sør for den vestre enden av Tiergarten, nær Leopold-platz. Sjølve bygget er særmerkt, og teikna av grunnleggjaren av Bauhaus(-skulen), Walter Gropius. Det er eit ganske lite museum, men snart skal museet renoverast og utvidast og nyopninga skal skje i 2019, på 100-årsdagen for stiftinga av Bauhaus.

14 intensive år (1919 - 1933)
Bauhaus-perioden varte berre i 14 år, frå 1919 til 1933. Men den har sett djupe spor etter seg og er framleis til inspirasjon for byggjekunsten. Bauhaus-retninga og stilen er avantgarde for det moderne klassiske og ufråvikeleg knytt til det moderne. Sjølve ordet "Bauhaus" var ein vri på det tradisjonelle tyske ordet "Hausbau", og kan oppfattast som eit uttrykk for å snu om på vante førestillingar. Bauhaus var på same tida både eit utviklings- og utdanningsprogram, ei samansmelting av kunst og handtverk og ein skule for ny arkitektur. Funksjonalisme og funkis-stil er andre ord for designstilen Bauhaus innførte.

Bau der Zukunft
Bauhaus vart etablert av arkitekten Walter Gropius i 1919, i form av eit manifest/program: "Programm des Staatlichen Bauhauses in Weimar". Mottoet var "Bau der Zukunft" - framtidas byggverk. Weimar var staden for etableringa, og heile Bauhaus-epoken var sterkt prega av Weimar-republikken etter første verdskrigen.

Kuns og handtverk = Kunsthandtverk
Hovudideen til Walter Gropius var å foreina kunst og handtverk. Bauhaus tilbydde i starten ikkje arkitektutdanning, all undervisning i arkitektur skjedde på Walter Gropius' eige kontor. Interessant nok hadde ikkje WG fullført arkitektutdanning sjølv! "Der Schule soll allmählich in der Werkstatt aufgehen". Han la stor vekt på det praktiske og handtverksmessige. Bauhaus-retninga må også sjåast i etterkrigstidas lys med stor bustadmangel og det luksuriøse måtte vika plass for det funksjonelle. Men samtidig skulle byggjeprosjekta vera meir enn berre å setja opp bygningar: "bauen bedeutet gestalten von lebensvorgängen". Bauhaus var like mykje ein "livsfilosofi" som ein arkitekturretning.
Paviljong teikna av Mies van der Rohe til verdsutstillinga i Barcelona,
1929 (Foto: Vicens (CC BY-SA 2.5))

Tre byar og tre direktørar
Bauhaus hadde tre sentrale byar og tre sentrale leiarar i den 14-årige perioden frå oppstart til avvikling:
- Etablert i Weimar i 1919
- Flytta til Dessau i 1925
- Til slutt flytta til Berlin i 1932 der institusjonen også vart avvikla kort tid etter at nasjonalsosialistane tok makta

Den første leiaren var grunnleggjaren Walter Gropius. Deretter overtok Hannes Meyer før Ludwig Mies van der Rohe som den siste direktøren oppløyste Bauhaus som institusjon. I Hannes Meyers direktørtid vart politiske spenningar og grupperingar stadig meir tydelege, og kommunistiske sympatisørar tok meir og meir styring. Også Meyer førte Bauhaus i ei retning bort frå det estetiske og kunstnerisk motiverte, til det praktiske og politiske der det viktigaste var å løysa bustadkrisa.

Det enda med at Meyer vart avsett i 1930, og Ludwig Mies van der Rohe vart tilsett som ny direktør. Han endra kursen til ei sterkare satsing på handtverksmessig, teknisk og kunstnerisk utdanning. Bauhaus vart ein arkitektskule med Mies van der Rohe ved roret, men ikkje utan harde kampar og utvising av studentar.

Bauhaus-bygning i Dessau teikna av Walter Gropius
(Foto: Mewes (CC BY-SA 2.5))
Framleis moderne
Sjølv om Bauhaus nærmar seg 100 år, framstår mykje framleis moderne. Det måtte verkeleg ha framstått som radikalt på den tida. Sjå berre på Ludwig Mies van der Rohes paviljong til Barcelona-utstillinga i 1929 - den er berre lekker og ser framleis ultramoderne ut! Bygningen frå 1929 vart riven etter utstilling, men ein kopi vart gjenoppbygd i perioden 1983 - 1986 på same staden.

Typografi
Bauhaus-stilen handla om radikal forenkling til eit minimalistisk, men funksjonelt uttrykk. Denne stilen vart også reflektert i ulike skriftlege arbeid, som plakatar, ulike skrift og i utvikling av typografi. Også typografien var radikal, til dømes ofte bruk av små bokstavar også i starten av setningar. I Tyskland og det tyske språket, med mykje bruk av store bokstavar, mellom anna i alle substantiv, var dette spesielt radikalt. Herbert Bayer var ein av dei leiande Bauhaus-personane innan typografi.

Aktuell bok: "bauhaus archiv 1919 - 1933" av Magdalena Droste

torsdag 2. april 2015

Departementet

Eivind Tesaker er sikkert ein skikkeleg irriterande og brysom medarbeider. Ein av dei som kjem med kritikk av det meste og som pirkar i nesten alt leiinga gjer og føreslår. Og bra er det! Om berre litt av det han skriv i boka "Departementet - Opptegnelser fra et byråkratkontor" er tilfelle, er situasjonen ille.

Boka "Departementet" bør delast ut til alle departements- og direktoratstilsette - den bør massedistribuerast i same omfang som Ingebrigt Steen Jensen si "Ona fyr" i si tid.

Kvifor ikkje Difi?
Eit spørsmål som melder seg hos meg når eg les boka, er kvifor denne ikkje er skriven av Difi, eller Riksrevisjonen? Difi er staten sitt eige fagorgan for forvaltningsutvikling, og burde i høgste grad interessera seg for dette. Problemet er vel at dei berre gjer det dei får beskjed om, og i liten grad handlar på eige initiativ.

Kvifor ikkje Riksrevisjonen?
Også Riksrevisjonen burde har teke mål av seg til ein kritikk som Eivind Tesaker har teke på seg: "Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning." Best muleg bruk av fellesskapen sine midlar er også ETs hovudmål.

Kulturdepartementet som arena
Eivind Tesaker er avdelingssjef i Kulturdepartementet og har i lenger tid brukt ytringsfridommen sin til å kritisera utviklinga på departementsnivå, med utgangspunkt i eige departement. Han vart først kjend for eit større publikum etter at rapporten frå Gjørv-kommisjonen vart lagt fram då han i ein kronikk omtalte situasjonen i Kulturdepartementet, ein situasjon som stemde veldig godt med Gjørv-kommisjonen sine funn. Etter den kronikken prøvde leiinga å seia han opp (!), men Tesaker har vore ute ei vinternatt før og "stod han av". Som den varslaren han er, må det likevel vera noko ugreitt på jobben vil eg tru, og særleg i høve til leiargruppa.

Hovudproblema
Tesaker grip særleg tak i følgjande utvikling, som han meiner er heilt feil retning:
  1. Veksten i tal tilsette i departementet generelt og produktivitetsnedgangen (talet på tilsette veks, medan tal saker og meldingar dei handsamar går ned)
  2. Rausheits-diktaturet: Verdi- og endringsbasert leiing med "nyord" som rausheit o.l. som legg eit lok på kritisk tenking og diskusjon. Meir generelt at stadig meir tid går med til internt arbeid som strategi, medarbeiderutvikling m.m.
  3. Risikostyring, risikoanalysar m.m. som er i ferd med å ta overhand og legg seg som klister under saksbehandlinga
Stor, større, ...
Veksten i departementstilsette er urovekkjande av fleire grunnar: Det blir stadig fleire, men departementa "produserer" stadig mindre; me ligg høgt over nabolanda det er naturleg å samanlikna oss med:
Dep.tilsette
Innbyggjarar
Danmark
4 300
5,5 mill.
Sverige
4 600
9,4 mill.
Finland
4 200
5,4 mill.
Norge
5 000
5,0 mill.

Den oljesmurte økonomien har gjort at me har kunna ta oss råd til større vekst i offentleg sektor enn nabolanda. Og departement (og direktorat) har auka meir enn andre sektorar. Tesaker meiner det er god grunn til å spørja om veksten skal halda fram, eller om ein rett og slett skal starta ein slankeprosess. Spørsmålet er absolutt på sin plass når me ser på tala i tabellen over.

Så må det leggjast til at talet på tilsette i departementa ikkje fortel alt om kor topptung staten er; direktorata burde også vore tekne med. Av og til utfører departementa direktoratsoppgåver, og det skjer difor av og til ei avskaling og utskiljing av oppgåver og personar i eigne direktorat. ET burde difor teke med direktorata, både i Norge og nabolanda for å få eit betre samanlikningsgrunnlag. Men oppgåva hadde då vorte meir omfattande, så det er forståeleg at han har avgrensa det til dep.-nivået.

Nye verdiar
ET set også spørsmålsteikn ved arbeidet med nytt verdigrunnlag i Kulturdep. Han peiker på at alle departement har fire grunnverdiar som rettesnor for arbeidet:

  • Demokrati
  • Rettssikkerheit
  • Faglegheit
  • Effektivitet
Etter ein omfattande prosess kom Kulturdep. fram til nye verdiar og visjon:
Ein moderne arbeidsplass - med motiverte og profesjonelle medarbeidarar med høg integritet
Og dei nye verdiane for dep.: rausheit, kvalitet, engasjement og openheit
Tesaker meiner dei nye verdiane er meir egna til å forvirra enn å rettleia, og det er lett å vera einig. Eit viktig moment i verdidiskusjonen er også om alle departement no skal utarbeida sine eigne verdiar, og kva det får å seia for likskapstanken og dei grunnfesta verdiane som er nemnde ovanfor. Det er all grunn til uro over ei slik utvikling!

Risiko for manglande gjennomføring
Ein tredje ting Tesaker tek opp er det store omfanget arbeid knytt til risikovurderingar har fått. Det er dels eit resultat av ein fryktkultur; frykten for å gjera feil, og dels eit resultat av påtrykk frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen har dei siste åra auka ambisjonane og fører no kontroll med langt meir enn før. Særleg har forvaltningsrevisjonen auka kraftig, og ført til at RR "legg seg opp i" svært mykje. Riksrevisjonen gjer eit viktig arbeid, men også dei må tola eit kritisk søkjelys og bør spørja seg sjølve om dei fyrer oppunder den fryktkulturen som rådar heller enn å dempa den.

Den omfattande risikovurderinga som skal liggja til grunn for den minste oppgåva gjer i verste fall departementa handlingslamma. Tida går med til alt anna enn å gjennomføra sjølve oppgåva. ET nemner den manglande stenginga av Grubbegata, som også var eit sentralt tema i Gjørv-kommisjonen sin rapport, som eit godt eksempel på eit tiltak som drog ut i det uendelege, som følgje av uklar ansvarsplassering og eit utal møte som bidrog til ørkenvandringa. Legg til ein kommune-stat-problematikk i tillegg til samordningsproblema departementa i mellom, og farsen er komplett!

Sjølv hugsar eg godt eg var på eit møte i Difi og prosjektleiaren for det nye Norge.no stolt viste fram tre A3-ark som viste prosjektplanen, risikoanalyse m.m. Eg tenkte "dette er galskap, prosjektet kjem til å tryna". Prosjektet vart stoppa eit år etter, utan noko resultat og med nokre millionar bortkasta. Dette var eit lite prosjekt, men problema var dei same: Alle ressursar vart sette inn på planlegging og risikovurdering, ikkje noko på å gjennomføra sjølve arbeidet.

Ting som kunne vore betre
ET tek også opp ein heil del andre ting, og her kunne han kanskje ha stramma inn. Han brukar ein del tid på teknologiutvikling og kvifor slike prosjekt ofte endar galt. Han har ein del poeng, men samtidig tykkjer eg denne delen blir for lettvint. Det kan ha samanheng med at eg kjenner denne delen betre enn andre område.

Ein annan kritikk er noko av talmaterialet. Eg har nemnt at samanlikning av tilsette på dep.nivå i dei nordiske landa kanskje ikkje er heilt reell, og at direktoratsnivået også burde vore trekt inn. Tesaker referer også til ein del spørjeundersøkingar i departementet, og her kunne også talbruken vore betre. Endeleg skulle forlaget ha teke ei siste gjennomlesing og luka bort ein del skrivefeil.

Men dette er småpirk, alt i alt er boka god og vel verdt å lesa. Og som sagt, den bør delast ut til alle departementstilsette!