søndag 27. desember 2015

Gjeld - dei 5000 første åra

Debt - The First 5,000 Years
I begynnelsen var... gjeld!
Det er essensen i David Graebers monumentale skrift over utviklinga av gjeld dei siste 5000 åra. Det betyr at han startar med den sumeriske kulturen 3000 år f. Kr. og endar med den førebels siste gjeldskrisa i 2008/2009.

Boka er også eit definitivt oppgjer med den seigliva myten om byttehandel som opphavet til pengar. Det er ein myte som går att i alle økonomiske lærebøker, men som mange antropologar har hevda ikkje stemmer med det ein veit om tidlegare kulturar og samfunn.

Antropologi
David Graeber er sjølv sosialantropolog med økonomisk antropologi som spesialområde. Han er fødd i USA og har utdanninga si der, og han hadde også ei stilling ved Yale University. Han fekk likevel ikkje fast stilling der, noko som skapte mykje oppstyr. Han fekk støtte frå ei rekkje antropologar i den saka. Sidan 2008 har han halde til i England og er no professor ved London School of Economics. Han vart nok for radikal for dei amerikanske universiteta..

"We are the 99 percent"
Graeber var ein sentral del av Occupy Wall Street-aksjonane i 2011 og har fått æra for slagordet "We are the 99 percent".

Gjeld som grunnlag for det meste
Boka "Debt - The First 5,000 Years" tek som tittelen seier, for seg historia til gjeld. Graeber spenner opp eit stort lerret og trekkjer inn mange aspekt. Han viser kor sentralt omgrepet 'gjeld' har vore til alle tider, og dei dramatiske konsekvensane det har hatt. Gjeld har vore grunnlag for liveigenskap og slaveri, og sal av kropp og sjel. Det er ikkje rart omgrepet også har vore sentralt i filosofi og religion.

Religion og gjeld
Alle dei store religionane har omtale av gjeld, og særleg (åger)renter. Det blir i grunnen ikkje skilt på ågerrente og rente. Islam er kanskje mest kjent for forbodet mot å krevja renter, men også Bibelen (det gamle testamentet) og Tora-en/Talmud har tekstar som indikerer eit forbod. For dei to siste har det likevel opp gjennom tidene vorte tolka og fortolka slik at ein har funne vegar rundt forbodet. I kristendommen vart det tolka som at ein kunne krevja renter frå framande, i jødedommen var det ok å krevja renter frå alle ikkje-jødar (Gentiles). Islam er difor den einaste av dei store religionane som framleis har eit forbod mot å krevja renter for lån.

Jødar vart utestengde frå nesten all anna næring enn pengeutlån, og vart dermed på sett og vis tvinga" inn i bankverksemd.

Gjeld for 5000 år sidan
Dei første kjende nedteikningane av gjeld finn me hjå sumerarane. Dei hadde eit velutvikla handelssystem basert på kreditt, og brukte leirtavler til å halda styr på kven som skulda kva. Dette var 2-3000 år før pengar vart "oppfunne". Kreditten er det som på moderne økonomispråk blir kalla IOU (I owe you). Så fort slike IOU startar å skifta hender, får me eit pengesystem basert på kreditt.

Aksial tidsalder (800 f. Kr - 600 e. Kr.)
Etter å ha drøfta bruken av kreditt i det sumeriske samfunnet, brukar Graeber følgjande inndeling:

  1. Aksial tidsalder (800 f. Kr. - 600 e. Kr.)
  2. Middelalderen (600 e. Kr. - 1450)
  3. Tida for dei store kapitalistiske imperia (1450 - 1971)
Den aksiale tidsalderen har fått namnet sitt frå samanhengen mellom tre område og tre viktige personar: 

Hellas - India - Kina
Pythagoras - Buddha - Konfusius

Desse tre sette sitt stor preg både på eigne samfunn og etter kvart samfunn over store delar av verda.
I denne tidsalderen vaks alle dei store filosofiske og religiøse retningane fram.

Dei første pengane
Det var også i denne tida dei første myntane vart laga. Det skjedde i kongeriket Lydia (no ein del av Tyrkia) rundt år 600 f. Kr. Dei første myntane var av elektrum som er ei blanding av sølv og gull som finst naturleg. Klumpane var hamra flate og forsynte med inskripsjonar. India og Kina følgde fort etter i myntdanning: Det var private aktørar som starta opp, men det vart fort monopolisert av styresmaktene (= Kongen/Keisaren).

Krig = pengar
Bruken av myntar hengde tett saman med krigføring. Kongen måtte lønna (leige-)soldatane, og det skjedde helst med myntar. Handel i små samfunn der alle kjende alle, skjedde stort sett med kreditt, men handel med framande skjedde gjerne med myntar. Det siste var mest praktisk, for ein kunne ikkje stola på at ein framand kom til å gjera opp for seg.

Krig og våpenmakt har til alle tider vore grunnlag for stort pengeforbruk og mykje gjeld. Kongar har til alle tider sett seg i stor gjeld for å kunna rusta ut hæren og gå til krig. Det har også vore ein klar samanheng mellom militær aktivitet - myntdanning ("coinage") og slaveri.

Middelalderen (600 e. Kr. - 1450)
Middelalderen har fått eit ufortent dårleg rykte. "Den mørke middelalderen" er eit velkjent uttrykk, men altfor lite nyansert. Store rike gjekk i oppløysing i denne tida, ikkje minst Romarriket, og mange store byar gjekk også i oppløysing. Med dei store imperia forsvann også dei store arméane, og med dei forsvann også pengar i stor grad. Pengar var som tidlegare nemnt, sterkt knytte til militære aktivitetar og først og fremst brukt til å lønna soldatar. Men det betydde ikkje ein retur til byttehandel, som mange økonomar feilaktig sluttar. Pengar vart reduserte til måleeining ("unit of account"). Middelalderen representerte ein overgang frå fysiske til virtuelle pengar.

Worst of times, best of times
Katastrofar og vekst gjekk hand i hand. Svartedauden prega store delar av Europa, men ikkje alt var svart: "It was the worst of times, it was the best of times". I kjølvatnet av katastrofar som Svartedauden vart det etter kvart også gode vilkår for dei attlevande.

Kulturlivet var til dømes på det høgste  ved inngangen til 1500-talet i England. Vanlege folk fekk relativt god råd, og det vart laga lover som forbaud folk flest å kle seg i silke og hermelin (!). Talet på høgtids- og festdagar var "all time high", og så mykje som mellom ein tredjedel og halvparten av alle dagar i året var festdagar!

Han-dynastiet og byråkrati
Av dei tre rika i den aksiale tida; Hellas/Midt-Austen, India og Kina, var det berre det kinesiske imperiet som overlevde. Han-dynastiet har regjert nesten uavbrote i over 2000 år. Ein viktig del av suksessen var oppbygging av eit svært omfattande byråkrati. Som Max Weber sa: Så fort ein får etablert eit effektivt byråkrati, er det omtrent umuleg å bli kvitt det!

Han-dynastiet var bygt på den konfusianske filosofien: pro-marknad, men anti-kapitalistisk. Det er noko som har følgt Kina heilt fram til i dag.

Idéen om den frie marknaden og "den usynlege handa" var heller ikkje framand i den muslimske verda. Det blir referert til Muhammed som nekta å gripa inn og regulera (setja ned) prisane for det var opp til Allah å bestemma prisar. Ein viktig grunn til at handelsverksemd og marknader generelt fungerte så bra i den muslimske verda, var i stor grad den sjølvpålagde avvisinga av renter på lån. Dermed kunne "kapitalismen" styra seg utan særleg innblanding frå staten, utan at den gjekk heilt over styr.

Tida for dei store kapitalistiske imperia (1450 - 1971)
Etter Middelalderen vart det igjen ein retur til fysiske pengar. Framveksten av bankverksemd skjedde særleg i Italia, frå 1100 og framover. Men den første sentralbanken vart oppretta i England, i 1694. Den vart skipa av 40 handelsmenn baserte i London og Edinburgh. Som så ofte før, var det kongen sine krigsaktivitetar som var grunnen til behovet for meir pengar. Dei 40 handelsmennene lånte kongen 1,2 mill. pund til krigen mot Frankrike. Det er ein sum som enno ikkje er tilbakebetalt. Den moralske slutninga "One has to pay one's debt" gjeld tydelegvis ikkje for alle.

Økonomi som naturvitskap
Som motyting mot dei 1,2 mill. punda fekk Bank of England monopol på trykking av papirpengar. Men det var Royal Mint som laga myntar, og det var stor mangel på myntar i 1690-åra. Isaac Newton (ja, han med eplet..) var Ward of Mint, og rådgjevaren hans var filosofen John Locke. Trass i mange oppfordringar om å frigjera seg frå ibuande verdi på myntar ("intrinsic value"), heldt Locke fast på at verdien av myntar var urokkeleg knytt til verdien på dei underliggjande edle metalla. Det passa godt med den naturvitskaplege haldninga både han og Newton hadde, der dei prøvde å basera økonomiske lover også på naturvitskapleg argumentasjon. Pengar kan ikkje skapast, dei finst i naturleg form som sølv og gull, var argumentet.

Aristoteles og pengar
Det er interessant å sjå at Aristoteles sa at "pengar er ein sosial konvensjon - pengar er det ein vil at pengar skal vera". Det lyder veldig moderne, og var sikkert radikalt på si tid. Først etter 1971 vart det ei universell sanning verda over. Han var ikkje så dum Aristoteles.. ;)

Kapitalismens forbanning
Kapitalisme var eit omgrep skapt av sosialistane, og refererte til kapitaleigarane si "utbyting" av arbeidskraft. Som Graeber seier om kapitalismen:
It is the secret scandal of capitalism that at no point has it been organized primarily around free labor
Idéen om ein fri arbeidsmarknad er i følgje han ein illusjon.

Pengar skapte av byttehandel? Not!
Ein annan illusjon, som boka og denne meldinga startar med, er at pengar har opphav frå byttehandel. Skotten Adam Smith, professor i moralfilosofi ved universitetet i Glasgow, må ta mykje av skulda for dette. I boka "The Wealth of Nations" skriv han om problemet med "double coincidents of needs", noko han elles har henta frå den persiske tenkjaren Ghazali (1058 - 1111) - i tillegg til idéen om marknaden styrt av den usynlege handa.

Smith skriv om slaktaren, bryggjaren og bakaren som alle har meir varer enn dei treng, og som treng andre varer, og som dermed er avhengig av noko som heiter pengar for å få til varehandel. Problemet er berre at dette er ein fiksjon. Arkeologar har heile tida sagt at det ikkje finst hald i at slike samfunn har eksistert! Dei har berre eksistert som ein modell, og modellen har etter kvart vorte ein objektiv realitet, og den har funne vegen inn i alle økonomiske lærebøker.

Nixon-sjokket
Den 15. august 1971 kunngjorde president Richard Nixon at koplinga mellom dollar og gull var oppheva, og at dollaren skulle flyta fritt. Fram til då kunne andre statar veksla inn amerkanske dollar mot ein fast gullpris på $35 pr. unse. Prisen på gull gjekk til himmels straks, og den steig til over $600 pr. unse. Utover det, skjedde det i grunnen lite. At pengar til slutt gjekk over til å bli ein sosial konvensjon, som alt Aristoteles hadde sagt, skapte inga stor endring i seg sjølv. Men det vart starten på ein langvarig epoke med inflasjon.

One has to pay one's debt (viss du ikkje er veldig stor..)
Amerikanske dollar er verdas reserve-valuta ("reserve currency") og har gitt USA ein fordel utan sidestykke. Andre statar med reservar i US dollar kan stort sett berre bruka desse til å kjøpa amerikanske statsobligasjonar. USA låner dermed pengar frå heile verdssamfunnet, og det beste/verste er at alle veit at desse pengane ikkje kan/vil bli tilbakebetalte! "One has to pay one's debt" gjeld ikkje alle..
Og igjen er det militærmakt som ligg  bak det heile.

Men på same tida insisterer USA, gjennom m.a. IMF og Verdsbanken, at andre land skal overhalda gjeldsforpliktelsane sine gjennom stram pengepolitikk. Seinast under Hellas-krisa har dette vorte eksteremt synleg: Tommeskruen som er sett på Hellas er i stor grad for å redda lån frå europeiske bankar; lån som dei visste hadde høg risiko. Det er heilt øydeleggjande for kapitalismen at slikt skjer; det er faktisk veldig viktig at enkelte lån ikkje blir betalte tilbake, elles blir risikovurdering ein bløff.

Aktivisten Graeber
I siste delen av boka er det aktivisten David Graeber som fører ordet. Han var som nemnt, sentral i Occupy Wall Street, og det er desse idéane som dominerer dei siste sidene. På ein måte er det ikkje vanskeleg å vera einig med han, men på ei anna side skjemmer det litt det elles grundige inntrykket boka gir. Det blir litt for mykje synsing/politikk, i skarp motsentnad til den grundig dokumenterte hovuddelen av boka.

Perfekt timing
Graeber er kanskje ikkje stoverein for store delar av USA, men boka hans var perfekt i timing og han har fått stor og velfortent merksemd om den. Om ikkje anna har han klart å slå ein kile i den økonomiske sanning aom opphavet til pengar. Når Bank of England i ein serie om pengar snakkar om at det opphaveleg vart bytt varer med kreditt (IOU), føler Graeber med rette at han har fått bra gjennomslag.

Ingen kommentarer: