torsdag 23. oktober 2014

Reinhold Messner

Ei av dei mange bøkene Reinhold Messner
har skrive
Reinhold Messner er ikkje som gjennomsnitts-italienaren, eller gj.snittsnordmannen for den del. Han er verdas mest kjende fjellklatrar og den første som har nådd toppen på alle fjelltoppane over 8000 meter (det er 14 totalt). Han har skrive eit utal bøker og halde like mange foredrag, og det har gjort han i stand til å byggja opp ikkje mindre enn seks museum! Kanskje museumsfolk her i landet skulle ta ein tur å sjå og snakka med mannen..

Først på alle 8000-metrar
Fascinasjonen for Messner starta for eigen del då eg høyrde om "konkurransen" om å bli først til å nå alle toppane over 8000 meter. Bragda er omtalt mellom anna i boka "All 14 Eight-Thousanders", men som sagt, han har skrive eit utal bøker. Den 14. og siste fjelltoppen, Lhotse, vart klatra i 1986 og dermed var rekorden sikra. Den fremste utfordraren var polske Jerzy Kukuczka, som straks sende gratulasjonen "Congratulations on your grand slam!". Kukuczka vart den andre som klatra alle 8000-metrane, eitt år etter Messner, og i eit kortare tidsrom. Han omkom i eit forsøk på å klatra sørveggen av Lhotse i 1989.

Aktiv kar!
Messner har fleire rekordar enn først på toppen av alle 8000-meterstoppane. Han var den første som klatra Mount Everest utan kunstig oksygen (1978) og han var den første som klatra åleine til toppen av Mount Everest i 1980. Den stilen var også typisk for Reinhold Messner; han klatra åleine eller saman med ein annan, og utan noko følgje av sherpafolk som berarar. Han var den fremste talsmannen for den enkle, alpine klatrestilen.

I tillegg til fjellklatringa har han også gått til Sydpolen, gått Grønland på langs og kryssa Gobi-ørkenen (til fots). I tillegg ein heil del andre "turar".

Tragedie og triumf på Nanga Parbat
Det starta ikkje så bra i Himalaya. Messner hadde klatra alle mulege og umulege ruter i Alpane og Dolomittane og dei fjella vart etter kvart for små. Han vende augene mot Himalaya og i 1970 fekk han og broren Günther bli med på ein ekspedisjon til Nanga Parbat (8126 m) nord i Pakistan. Dårleg ver og stadige snøskred gjorde topp-forsøka vanskelege. Det vart gjort eit siste forsøk og brørne Reinhold og Günther nådde toppen 27. juli. Begge var på grensa av kva dei tolte og det var seint på dagen. Dei såg det som umuleg å komma ned att same ruta som dei klatra opp, og bestemde seg for å prøva å gå ned att på andre sida. Etter tre dagar kom dei ned til brefallet då Günther vart teken av eit snøskred og var borte. I ettertid har det vore mykje diskusjon og spørsmål om den tragiske hendinga, og det har vorte sådd tvil om Reinholds forklaring og om han etterlet broren i eit forsøk på å redda seg sjølv.

Broren sitt dødsfall gjekk sterkt inn på Reinhold og først i 1978 var han klar for eit nytt forsøk på å nå toppen av fjellet, denne gangen heilt åleine. Han gjennomførte topp-forsøket og fann etter det ein slags fred med fjellet.

I 2005 vart restane av Günther Messner funne på den sida og i det området Reinhold Messner hevda dei hadde gått ned.

Sør-Tyrol
Reinhold Messner er fødd og oppvaksen i Brixen (Bressanone) Sør-Tyrol og er svært medviten om området og dei mange kampane folket der har vore gjennom. Sør-Tyrol vart ein kasteball i dei to verdskrigane. I første verdskrig vart Italia lova området for å gå inn på Entente-maktene si side, trass i at området så og seia berre hadde tyskspråklege innbyggjarar og tysk/østerriksk kultur. Framveksten av fascismen gjorde tilhøva endå verre då tysk språk vart forbode og eit storstilt prosjekt med "italifisering" av området sett i gang.

Sør-Tyrol som uroleg område
Før andre verdskrig braut ut, avtalte Hitler og Mussolini ei "etnisk reinsing" av området. Tyskspråklege skulle deporterast til tyske område og området skulle gjerast reint italiensk. Men utbrotet av krigen forpurra planane som ikkje vart fullt ut gjennomførde. Etter krigen avgjorde dei allierte at Sør-Tyrol framleis skulle tilhøyra Italia, men at regionen skulle sikrast eit omfattande sjølvstyre for å sikra den tyske minoriteten. Men Italia slo saman Sør-Tyrol og Trentino til ein region - Trentino - Alto Adige, og dermed var italienarane på nytt i stort fleirtal. Dette førte til framveksten av motstandsrørsla Befreiungsausschluss Südtirol (BAS) som gjennomførde fleire terroraksjonar.

Ötzi skapte ny debatt
Den betente saka vart ikkje løyst før i 1971 då ein ny avtale mellom Østerrike og Italia vart underteikna. Litt spent har det vore mellom dei to landa også etter den tida. Gammal usemje opp att ved funnet av Ötzi i 1991. Den gamle mannen låg så å seia bokstaveleg på grensa mellom dei to landa, og det vart ein stor drakamp om den mumifiserte kroppen. Og vår venn Messner var (sjølvsagt) innblanda som ein av dei første som kom til etter oppdaginga. Etter nøyaktige målingar vart det fastslege at Ötzi låg nokre meter inn på italiensk side. Han enda til slutt opp på arkeologisk museum i Bozen/Bolzano.

Portrett av Reinhold Messner og det siste museet hans
i Süddeutsche Zeitung i august i år
Messner Mountain Museum
Reinhold Messner har som sagt bygt opp seks museum som alle handlar om fjellsport og klatring. Dei seks musea, med fellesnamnet Messner Mountain Museum (MMM) er:

  • MMM Firmian (Sigmundskron slott nær Bozen/Bolzano)
  • MMM Juval (Juval slott, Vinschgau)
  • MMM Dolomites (Monte Rite, 2181 moh)
  • MMM Ortles (Sulden, 1900 meters høgde i fjellet Ortles)
  • MMM Ripa (Bruneck slott)
  • MMM Corones (Skirama Kronplatz, skianlegg i Dolomittane)
Det siste museet, MMM Corones, vart opna på 70-årsdagen til Messner, 17. september. Det er teikna av den verdskjende arkitekten Zaha Hadid (irakisk/engelsk). Museet er så nytt at Messner ikkje har fått det med på websidene sine..

Respekt for fjella
I alle musea kjem Messners respekt for fjellet og fjellfolka tydeleg fram, noko han er nøye med å understreka, som i dette intervjuet. Eg har besøkt MMM Firmian på Sigmundskron slott og vart overraska over kor lite Reinhold Messner det var og kor mykje filosofi om fjell og fjell-liv det var. I tillegg er arkitekturen viktig for Messner. Mange av musea hans er i gamle slott. MMM Firmian er bygt på ein svært respektfull måte overfor det gamle slottet, på same måte som respekten hans for fjella. 

Ingen kommentarer: