onsdag 10. september 2014

Kampen for nett-nøytralitet


Er nett-nøytralitet ein illusjon? (Ill.: Wired.com)

Onsdag 10. september, vart kampanjen #InternetSlowdown lansert for å setja søkjelyset på nett-nøytralitet. Ein del av kampanjen er eit "vente-ikonet" som du kanskje ser oppe i høgre hjørne. Vente-ikonet illustrerer kva som kan skjer med eit lagdelt Internett der det går an å betala for å komma først fram.

Det føregår ein intens dragkamp i USA for å hindra ederal Communications Commission (FCC) i å vedta nye reglar som i følgje motstandarane vil gi opp nett-nøytraliteten og bety ein overgang til eit Internett med ulike køyrefelt der farten er avhengig av kor mykje du er villeg til å betala.

Høyringsforslaget frå FCC hadde frist i midten av juli i år, men på slutten av høyringsfristen kom det så mange innspel at serveren braut saman (kanskje bevisst?) og FCC utvida då fristen til 15. september.

"Alle pakkar er fødde like"
I si enklaste form er nett-nøytralitet idéen om at alle pakkar er fødde like og har dei same rettane til å bli sende gjennom Internett. Går vi inn i denne problematikken med mikroskop, ser vi at det ikkje stemmer (sjå m.a. diskusjonen om nett-nøytralitet i samband med presentasjonen av boka "Internet Governance" av Jon Bing og Lee A. Bygrave). Det nærsynte perspektivet er ikkje så interessant i denne diskusjonen. Det store spørsmålet er: Skal all Internett-trafikk ha (om lag) dei same rettane til transport i nettet eller skal det vera muleg å prioritera ein type trafikk på kostnad av ein annan? Skal det vera muleg å betala ekstra for "fast lane"?

Tim Wu og nett-nøytralitet
Begrepet "net neutrality" vart lansert av Tim Wu, professor ved Columbia Law School, i artikkelen "Net Neutrality, Broadband Discrimination" (pdf). Arbeidet til Tim Wu fekk avgjerande verknad på lovgivinga på området. No kan det sjå ut som det er duka for omkamp, og dei føreslåtte endringane frå FCC ser ut til å bryta med prinsippa Wu la til grunn.

(Tim Wu stilte i år som kandidat til "Lieutenant Governor" i New York, men tapte for motkandidaten Kathy Hochul. Han fekk likevel 40 % av stemmene, noko som er ganske imponerande sidan han hadde null politisk erfaring).

Problemet med Comcast
Comcast er eit stort kommunikasjonsselskap i USA og dei har vore i stridens kjerne fleire gonger med omsyn til nett-nøytralitet. I 2008 gjekk FCC til sak mot selskapet fordi dei påstod at Comcast hindra kundane i å utøva peer-to-peer-relatert kommunikasjon og dermed braut lova. FCC tapte delvis saka, men den resulterte i nye reguleringar i 2010 som skulle styrka nett-nøytraliteten og sikra kundane betre.

No har FCC presentert endringar i kommunikasjonslovgivinga som mange ser på som slutten for nett-nøytralitet og at ein skal kunna betala for raskare kommunikasjon. Igjen er Comcast i søkjelyset, denne gangen fordi dei vil slå seg saman med Time Warner. Ei eventuell samanslåing vil skapa ein gigant i kommunikasjons- og innhaldsbransjen og mange er skeptiske. Igjen er FCC ein av dei som skal avgjera samanslåinga.

Er nett-nøytralitet ein illusjon?
Den føreslåtte samanslåinga av Time Warner og Comcast set søkjelyset på koplinga av innhalds- og distribusjonsleverandørar på nettet. Den mentale modellen av Internett dei fleste av oss har i hovudet går ut på at både sluttbrukar (du og eg) og innhaldsleverandørar er kopla til nettet på om lag same måte. Sjølvsagt har Google og Netflix raskare linjer, men i prinsippet er vi "like". Men som illustrasjonen under viser, er dette ein illusjon. Dei store innhaldsleverandørane er trygt plasserte innafor kommunikasjonsselskapa sine datarom og har direkte tilgang til stamnetta, som illustrasjonen frå Wired viser:


Betyr det at kampen for nett-nøytralitet er over? Det gjer nok ikkje det. Framleis er det viktig at det grunnleggjande prinsippet er at all nett-trafikk er likeverdig og at det ikkje skal vera muleg å betala for raskare trafikk. Vi ønskjer ikkje eit Internett med filer for ulik fart.

Ingen kommentarer: