søndag 3. august 2014

Notes from a Small Island

Planen var å lesa "Notes from a Small Island" av Bill Bryson før turen til England i sommar, men eg fann den ikkje i Kindle-versjon. Eg ser no at det er fordi eg søkte på Amazon.com og ikkje på Amazon.co.uk. Det er jo ganske utruleg dumt - av Amazon!

Boka vart kjøpt på Waterstone's i Oxford og lesen delvis etter at eg kom tilbake. På ein måte like greitt, for då er det lettare å samanlikna eigne observasjonar med andre sine. Og det er mykje eg kjenner meg igjen i trass i at Bill Bryson skriv om eit England for 20 år sidan.

Frå USA til England i 1973
Bill Bryson er kjent som forfattar av fleire bestseljarar. Den mest kjende boka hans er kanskje "A Short History of Nearly Everything". Han er opprinneleg frå Des Moines i Iowa, USA, men vart nesten tilfeldig buande i England i meir enn 20 år, frå 1973 til 1995. I perioden 1995 til 2003 budde han i USA før han flytta tilbake til England i 2005.

Reiseskildringar, men også eigen person
"Notes from a small island" (1995) var boka som for alvor gjorde han kjend som forfattar. Det er ei reisedagbok spekka med artige og underfundige observasjonar av England; folket og kulturen og i det heile det som har gjort han så forelska i landet. For trass skarpe og kritiske observasjonar er varmen og sympatien for landet og folket gjennomgåande i heile boka. Men det som løftar boka frå å vera endå ei reisedag-/hand-bok, er at han i skildringane også beskriv seg sjølv som person med alle særheiter.

Vittig, men ikkje masete
På "vaskeseddelen" står det mellom anna "Not a book that should be read in public, for fear of emitting loud snorts" (The Times), noko som vanlegvis gjer meg skeptisk. Eg likar ikkje bøker der forfattaren har eit klart mål om å skriva vittig, ein av grunnane til at eg la frå meg m.a. "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant". Men trass i enkelte litt krampaktige forsøk på å vera morsom, er Brysons stil ikkje for sjenerande over-morsom.

Frå Dover i sør til John O'Groat i nord
Han bestemmer seg for å ta eit farvel med England etter meir enn 20 år der, før han returnerer til USA. Han startar der han først kom i land; Dover, og reiser så via London til sør-austkysten, så stader ved Bristol Channel, vidare til Oxford og så nordover i Midlands, til Manchester og Liverpool og nordover til Lake District og så Skotland heilt til nordaust-spissen med John O'Groat.

Enkel ytre handling
Ytre sett er "handlinga" veldig enkel: Bill Bryson reiser med tog eller buss til ein ny stad, leitar opp eit hotell eller B & B og vandrar så rundt i (lands-)byen og gjerne innom meir kjende stader/monumet. Så finn han ein restaurant der han et middag. Så vandrar han tilbake til hotellet, søv til neste morgon og pakkar sakene sine for å dra til neste stad - ofte tilfeldig og etter ein eller annan plutseleg innskytelse. Observasjonane av å reisa med offentleg transport er artige å lesa og stemmer veldig godt med eigne erfaringar, sjølv om det er 20 år mellom hendingane.

Britisk media på 1980-talet
Bryson jobba i The Times frå 1981 til 1986 og det var i dei ganske turbulente tidene då det vart "rydda" kraftig i diverse ukultur. Ryddinga må også sjåast i samanheng med Thatcher, Murdochs overtaking av britisk presse med meir. Bryson gir ei livleg skildring av eit av personalmøta der oppseiingar og omorganisering er på agendaen. Skotten Charlie Wilson, tøff skotsk redaktør og Murdochs mann, steig opp på ein krakk og ga følgjande beskjed:

We're sending ye tae Wapping, ye soft, English nancies, and if ye wairk very, very hard and if ye doonae git on ma tits, then mebbe I'll not cut off yer knackers and put them in ma Christmas pudding. D'ye have any problems with tha'?

Ingen kommentarer: