fredag 6. juni 2014

Bitcoin Meetup

Stor interesse for det første Bitcoin Meetup i Oslo 05.06.14
Det første Bitcoin Meetup i Norge/Oslo vart arrangert i går (05.06.2014) på Mesh kafé. Justcoin-gründerane Andreas og Klaus var initiativtakarar og leia samlinga, og Anders frå Mesh stilte lokale gratis til disposisjon for arrangementet.

Stor interesse
Opp mot 100 personar møtte fram, og det berre på ei vekes varsel! Det er tydeleg at Bitcoin engasjerer. Claus opna samlinga og Anders fortalde først kort om huset med kafé, utviklarlokale m.m. Utleige av kontorlokale fungerer nærmast etter ein inkubator-modell, med fleksible og korte leigeavtalar, om eg forstod det rett.

Justcoin med betalingsløysing for Bitcoin
Andreas Brekken frå Justcoin fortalde kort om Meetup-initiativet og at det ikkje skulle vera noko sals-framstøyt for bedrifta deira. Storparten av dei frammøtte var truleg Justcoin-kundar frå før. Han fortalde at Justcoin arbeider med ei salsløysing for Bitcoin (Point of Sale). Då vil alle som som sel varer og tenester kunna ta betalt i Bitcoin på ein enkel måte. Justcoin ordnar veksling slik at seljaren ikkje treng å forholda seg til Bitcoin i det heile.

Dette er gode nyheiter og det er bra det kjem norske alternativ til aktørar som BitPay, som for all del gjer ein god jobb. Men det er litt dumt viss Norge som eit av dei mest moderne landa innan betalingsformidling, skal ta i bruk betalingsløysingar frå USA, eit u-land når det gjeld betaling (kontantar over alt, sjekk er framleis viktig, kredittkort utan chip..).

Bitcoin-status 2014
Eg orienterte så om "Bitcoin-status 2014" med utgangspunkt i konferansen Bitcoin 2014 i Amsterdam nyleg. Det viste seg at det var ein deltakar til som hadde vore i Amsterdam, fekk dessverre ikkje med meg kven det var. Hovudpoenget mitt var at Bitcoin no gjennomgår ein modnings- og kommersialiseringsprosess og at Bitcoin for Business no er hovudsporet Bitcoin Foundation jobbar i.



Ein artig kuriositet: Eg oppga Bitcoin-adressa mi på slutten av presentasjonen og jammen kom det ikkje inn 0,0025 BTC rett etterpå. Takk til den anonyme givaren :)

Hardware.no og bruk av Bitcoin
Amund Espelien frå Hardware.no (og amobil.no) fortalde om deira erfaringar med Bitcoin. Dei var ein av dei første, kanskje den første, til å ta i mot Bitcoin i løysinga for tilgang til artiklar på nettstaden (Tek Ekstra). Som Amund sa, viss det var nokon som måtte vera først med å tilby Bitcoin-betaling måtte det vera dei. Dei har den rette kundegruppa (teknologi-interesserte gutar og menn mellom 15 og 40 år) og alt skulle liggja til rette. Dei brukte først BitPay si løysing og det har fungert greitt. No samarbeider dei med Justcoin om innføring av deira nye løysing.

Det vil vera å ta for hardt i å seia at pågangen for å betala med Bitcoin har vore stor. Bitcoin-delen av salet deira ligg på rundt 2 %, resten er ganske likt fordelt på Visa og Mastercard. Implementeringa av Bitcoin-betaling har vore smertefri og enkel, dei tenkjer ikkje særleg over det for pengane kjem inn i form av norske kroner uansett.

Bruk av Bitcoin i BitTorrent
Bedeho Mender fortalde til slutt om eit oppstartsprosjekt han jobbar med der han vil kopla BitTorrent og Bitcoin. Hovudidéen er å innarbeida incentiv i BitTorrent ved hjelp av Bitcoin. I dag er det ingen incentiv for BitTorrent-brukarar å lasta ned og dela filer dei sjølve ikkje er særleg interesserte i. Bedeho meiner at å kopla inn Bitcoin vil kunna gjera BitTorrent-teknologien meir anvendbar og skapa større dynamikk.




Ingen kommentarer: