fredag 21. juni 2013

Sør-Tyrol med Messner og Ötzi

Omlandet til Bolzano, sett gjennom
borga Sigmundskron
Etter å ha delteke på e-forvaltningskonferansen ECEG '13 i Como og presentert artikkelen "Small is Beautiful or Bigger is Better? Size of Municipalities and Quality of Websites", gjekk turen til Sør-Tyrol for ferie. Sør-Tyrol er kanskje ikkje det vanlegaste reisemålet når ein er i Milano-området, men det var vel verdt eit besøk.

Sør-Tyrol ligg i regionen Alto Adige ("Øvre Adige") og er prega av tysk kultur. Området vart gitt til Italia etter oppgjeret i Versailles i 1919 som lova av Entente-maktene i 1915. Som med mange slike vilkårlege flytting av landegrenser, skaper det problem. "Italiaseringa" vart særleg forsterka under Mussolini sitt fascist-regime. Hitler og Mussolini inngjekk ein avtale i 1930-åra som innebar at alle tysktalande i området skulle tvangsflyttast til Tyskland. Mange vart flytta til Tyskland, men utbrotet av verdskrigen hindra full etnisk reinsing.

Etter siste verdskrig fekk tyskarane i Sør-Tyrol visse rettar for å halda på kultur og språk, men dei kjende seg likevel meir og meir overkøyrde av italienske styresmakter. Det kulminerte i slutten av 1950-åra og enda med at regionen fekk stor grad av sjølvstyre. Det offiesielle tyske namnet på regionen er Autonome Provinz Bozen — Südtirol. 
Eplehage nær Merano

Sør-Tyrol er kanskje mest kjend for fruktdyrkinga, og det er enorme areal med frukttre av ulike slag. Klimaet egnar seg svært godt til dyrking av frukt. Området er mellom dei fremste i verda dyrkingsmessig, og dyrkingsmetodane som blir tilrådde i norsk fruktdyrking no, stammar i stor grad frå her. Det finst også vingardar, men dei blir færre og færre til lenger nord ein kjem. Men også i Sør-Tyrol blir det laga vin.

Messner Mountain Museum
Ein av dei mest kjende personane frå Sør-Tyrol er klatraren Reinhold Messner. Han er den mest kjende klatraren i verda og førstemann til topps på alle dei 14 fjella over 8000 meter. Ikkje berre var han førstemann, han gjorde det også på alpint vis utan ein flokk sherpa-berarar og utan bruk av kunstig oksygen. Den alpine klatrestilen har vore veldig viktig for han og det botnar i djup respekt for fjellet. Etter at eg las boka "All 14 Eight-thousanders" har eg vore fascinert av denne mannen. Eit besøk på eit av dei fem (!) musea hans stod difor høgt på lista over ting å gjera i området.

Messner er ein omstridd kar så eg forventa at museet i Bolzano var meir som eit mausoleum for han. Stor var difor overraskinga då det viste seg at det ikkje handla om Messner, men om fjellet og respekten for det. Det var mange buddhistiske og hinduistiske innslag i form av figurar, bønneflagg ++ og det heile var utruleg flott presentert og integrert i den imponerande borga Sigmundskron. Borga er frå 900-talet og måten den var gjort om til museum var imponerande. Det gjorde at byggverket og museet i seg sjølv vart ein attraksjon, i tillegg til innhaldet.

Sør-Tyrol arkeologiske museum
I Bolzano ligg også museet der Ötzi til slutt vart plassert. Eg seier til slutt, for det var lenge uklart kven som hadde eigedomsretten til den over 5000 år gamle mannen som vart funnen på grensa mellom Italia og Østerrike. I Bolzano har dei bygt opp eit nytt museum for sensasjonsfunnet og kroppen blir oppbevart etter alle kunstens reglar (stabil temperatur på - 6 grader, 100 % luftfuktigheit og jamnleg dusjing slik at kroppen ikkje skal tørka ut).

Ötzi vart funnen 19. september 1991 av eit tysk ektepar på tur i grenseområdet Italia - Østerrike. Først trudde dei det var ein ganske nyleg død person dei hadde funne, men etter kvart vart det klart at liket var mykje eldre. Først etter nøyare gransking i Innsbruck skjønte dei at det var snakk om fleire tusen år. Karbon-dateringane viste seinare at mannen levde for 5100 - 5300 år sidan. Det er den eldste mumien funnen i Europa. Kroppen var perfekt mumifisert fordi den raskt havna under snø og vart dekka av isbre.

Det mest imponerande var detaljane i kleda og utstyret som vart funne på han. Skinndetaljane og måten det var sydd på, var ganske utruleg. Det har også ført til at historia ha måtta skrivast ganske mykje om. Frå før trudde ein ikkje at slik kvalitet på handarbeid m.m. var vanleg før for ca. 2000 år sidan. Det seier litt om kor lite me eigentleg veit, og kor mykje som berre er gjetningar utan handfaste bevis.

Ørnereiret Miramonti
Biletteksten stemmer - vanskeleg å finna,
vanskeleg å gløyma
Etter oppmoding frå kollega Ivar Petter overnatta me på hotellet Miramonti Boutique Hotel nær Merano. Det skulle visa seg at hotellet var eit reisemål i seg sjølv. Det ligg ute på kanten av ei bratt fjellside, 900 meter over Merano (1200 m høgde). Ein har bokstaveleg tala Merano for sine føter. I tillegg til den imponerande utsikten var både hotell og restaurant førsteklasses. Viss du har tenkt deg til dette området, må du ikkje nøla med å reisa til denne plassen. Hotellet vart mellom anna brukt i James Bond-filmen "For Your Eyes Only".

Schloss Trautmannsdorf
Dette slottet er endå ein attraksjon verdt å besøka. Det er ikkje slottet som er det store, men det praktfulle hageanlegget rundt slottet. Det vart først etablert av keiserinne Elisabeth av Østerrike-Ungarn i 1870-71. Seinare har hagen vorte utvida og modernisert og framstår i dag som eit praktanlegg. Det er ikkje ein engelsk hage, eller hage a la Versailles. I staden er det lagt vekt på ei imponerande samling blomster, busker og tre frå alle kantar av verda. Det er pedagogisk lagt opp med klare ruter ein kan gå og tydeleg merka planter (botanisk namn, ekstra informasjon ++). Inne i hageanlegget er det også restaurantar og plassar å kvila. Det blir ganske mykje vandring sjølv om ein berre får med seg ein liten del av hagen.
Utsikt frå inngangen til Miramonti Boutique Hotel


Ein Alfa Romeo Giulia helsa velkommen i inngangspartiet.
Den var ikkje berre til pynt, den kunne også leigast.

Ingen kommentarer: