tirsdag 1. januar 2013

Codex

Linotype - foto av martineno
Codex var altså namnet på boka romarane laga av treplater stifta saman i eine enden. Det var forløparen til boka slik me kjenner den, og ei viktig utvikling frå bokrullane.

Tidsskriftet Codex
Codex er også namnet på eit nytt tidskrift om typografi. Det fulle namnet er Codex - The Journal of Typography. Det er John Boardley som står bak tidsskriftet. Han starta I Love Typography i 2007 og seier i første nummeret av tidsskriftet at det ikkje skal vera ei papirutgåve av nettsidene, men eit medium for å visa andre sider av typografi.

"Paper is dead is dead"
Paper is dead har me høyrt ei stund. Det nye er at papiret slett ikkje er daudt, kanskje med unnatak av aviser. For nisjeproduksjonar har papiret framleis ei strålande framtid, der er både John Boardley og eg einige :)

Nettbrettet overtek ikkje magasina
Mange trudde at iPad og andre nettbrett skulle bli redninga for både aviser og tidsskrift. Ikkje minst skulle iPad egna seg godt til lekre online tidsskrift. Slik har det ikkje gått, og slik kjem det ikkje til å gå. Det er berre å finna fram eit lekkert magasin og bla i det, så skjønnar du fort kvifor. Det har både med format og kvalitet å gjera. Skjermen blir for liten og opplevelsen for eindimensjonal. Ikkje allverdas fancy tillegg kan endra på det. Den fysiske boka derimot, vil i stor grad måtta gi tapt for den elektroniske.

Codex og Linotype
Tilbake til Codex. Første nummeret kom våren 2011 og inneheldt mellom anna ei interessant historie om oppfinninga av Linotype. Linotype var det største gjennombrotet innan trykkerikunsten etter Gutenbergs (gjen-)oppfinning. I over 400 år var trykkerikunsten nærmast uendra, og svært arbeidskrevjande, til Otto Mergenthal sette seg føre å gjera noko med det.

Oppfinnaren Otto Mergenthaler
Ottmar Mergenthaler var fødd i Stuttgart i Tyskland, men emigrerte til USA då han var 18 år. Då hadde han alt vore i lære hjå ein klokkemakar og var godt inne i finmekanikk. Han var fascinert av trykkeprosessen og begynte fort å arbeida med å effektivisera dei arbeidskrevjande prosessane. Han laga den første versjonen av Linotype i 1883, kalla "blower" pga. trykkluftassistert operasjon. Linotype fekk namnet etter ein demonstrasjon av "The blower" hjå New York Tribune. Forretningspartnaren Whitelaw Reid, som seinare skvisa Mergenthaler ut, utbraut: "Ottmar, you've done it! A line o' type!"

Seinare forbetra han stadig mekanikken og Linotype vart til slutt standardutstyret for dei fleste avisredaksjonar og ein kjempesuksess. Maskinene var i bruk i nærmare 100 år, og først med fotosetjing vart det overgang til ny teknologi.

Det åttande underverket
det var Thomas Edison som kalla Linotype dette. Men i motsetnad til Edison, Bell og andre store oppfinnarar, stod Mergenthaler ribba tilbake trass i den store suksessen. Han vart lurt av sleipe forretningsmenn og måtte til slutt gi frå seg alt.

Ingen kommentarer: