søndag 30. desember 2012

Boka

Toraen - frå Synagoge Glockengasse i Køln
Jul og bøker høyrer saman. I Dag og Tid frå 9. nov. i år har Andreas Skartveit ein interessant artikkel om boka og korleis formatet har utvikla seg frå oldtidas rullar og til dagens bok. Sidan artikkelen ikkje er å finna på nettet, skal eg prøva å gjengi innhaldet.

Bokrullar og volum
Framleis heng begrepet volum igjen, både for fleire bøker i serie og for tidsskrift, sjølv om det refererer til bokrullen. Volum kjem av det latinske verbet volvere, å rulla (slektskapen med Volvo er klar). Begrepet heng att sjølv om det er meir enn 1000 år sidan bokrullane dominerte. Dei var einerådande på Romarriket si tid (og før det) og var baserte på papyrus, som også har gitt namn til papiret sjølv om det er basert på anna råstoff.

Bokrullane kunne bli veldig lange, over 50 meter! Det seier seg sjølv at det var upraktisk å slå opp i noko slikt, utan sidenummererering, indeks eller noko slikt. Det førte til at sitering ofte vart gjort etter minnet, for å sleppa det tidkrevjande arbeidet med å sjekka originalrullen. Det er truleg den viktigaste forklaringa på dei mange unøyaktige siteringa i gamle verk. Homers Illiaden var på 36 rullar!

Pergamentet
Rundt 200 år f. Kr. innførde farao Ptolemaios eksportforbod for papyrus. Det førte til oppfinninga av pergamentet der geite- og saueskinn var råstoffet. På eit pergament kunne ein skriva på begge sider, og det førte til at pergamenta vart bundne saman og ikkje limte i ein rull. Dei bretta og innbundne pergamenta utgjorde ein codex. Codex er også latinsk og namnet på skriveboka til romarane, med to treplater hefta saman på ei side.

Oppfinninga av pergamentet og vidareføringa av skrivekunsten på denne måten er eit godt eksempel på innovasjon. Det er interessant å sjå korleis mangelen på papyrus tvinga fram ei oppfinning og innovasjon i form av forbetring av skrivekunsten.

Kodeks og indeks
Kodeksen løyste mange av problema med handtering av bokrullar. Med kodeksen kom etter kvart tittelside, innhaldsliste, sidenummerering og register (indeks). Det vart mykje lettare å slå opp i bøker for å kontrollera, og sitering vart meir nøyaktig.

Kodeksen vart sett på som kristen, i motsetnad til bokrullen som var jødisk og heiden. Misjonærane bar evangelia i kodeksen, jødane har framleis Toraen som ein rull.

Papiret
Pergamentet forma den moderne boka, og etter kvart kom også papiret. Det vart først laga av kinesarane og fanga opp av arabarane som starta å laga papir rundt år 800. Papiret vart framleis kalla papyrus, slik som i faraos tid.

Med Gutenbergs (gjen-)oppfinning av boktrykkjarkunsten kom også masseproduksjonen av bøker, og kunnskapen i bøkene vart ikkje lenger berre for eliten.

e-Boka
Med e-boka er på ein måte sirkelen slutta. Også for e-boka er sidenummerering på ein måte meiningslaust, for e-boka er ein samanhengjande tekst på same måte som bokrullen. Men det digitale formatet opnar for manipulering på ein heilt annan måte enn i den fysiske verda, og dermed kan den tradisjonelle boka simulerast.

Dag og Tid 50 år
Dag og Tid er elles 50 år i år og vel verdt å lesa. Vekeavisa har mange interessante bidragsytarar og er trass si ganske forvirrande redaksjonelle linje (er det noko anna enn nynorsk som bind denne avisa saman?) er det mykje interessant lesestoff.



Ingen kommentarer: