søndag 4. november 2012

Jordan, ditt neste ferieland?

"Kamel i solnedgang"

Etter ei veke i Aqaba, Jordan, er det ikkje vanskeleg å tilrå andre å reisa dit. Sjølv hadde eg aldri tenkt på Jordan som aktuelt reisemål, om det ikkje var for ein god venn som tipsa meg om det. Dei fleste tenkjer vel som så om Jordan: Midt-Austen, krig på alle kantar, absolutt ikkje trygt. Men jordanarane er eit fredfylt folk som har balansert mellom krigande land i alle år etter siste verdskrig utan sjølv å bli innblanda. Dei har utvikla gode diplomatiske evner, noko som er avgjerande for å overleva. Med grense til Israel, Libanon, Syria, Irak og Saudi-Arabia veit Jordan alt om kva som skal til for å halda seg på godfot med hissige naboar.

Turisme og fosfat
Aqaba ligg i enden av Aqaba-bukta, som igjen er i enden av Raudehavet. Rett over bukta ligg den israelske byen Eilat, og litt lenger ute på Sinai-halvøya ligg Egypt. Reiselivet er viktig for Jordan og står for 10-12 % av inntektene til landet. Den viktigaste eksportvara er elles fosfat. Jordan er eit relativt fattig land, fattig på naturressursar og dyrkbart land, men rikt på kultur og kulturminne. Den grøderike halvmånen, som var utgangspunktet for starten av plantedyrking og husdyrhald for 11-12 000 år sidan, omfatta mellom anna Jordan (omtale av Jared Diamonds bok ”Guns, germs and steel”, der dette er sentralt, kjem i neste blogginnlegg). Seinare har overbeiting, avskoging og klimatiske endringar gjort mykje av det opprinneleg grøderike området om til ørken.

Varmt både i bassenga og i Raudehavet
360 soldagar i året
Turismen i Jordan er stort sett konsentrert til den smale kyststripa langs Aqaba-bukta. Her er det bygt opp ei omfattande turistnæring, og planar for endå meir omfattande utbyggingar er klare. Men det må store løft til på infrastruktur (flyplass, vegar, vatn ++) dersom dette skal realiserast og bli bra.
Det store fortrinnet til Aqaba er klimaet; det blir sagt at det er opp mot 360 soldagar i året og temperaturen i sjøen er behageleg året rundt. Du skal altså ha uflaks om du støyter på dårleg ver. Turistsesongen er frå september til mars, elles i året er det for varmt.

Petra - eit imponerande syn

Ørkenbyen Petra
Det viktigaste reisemålet, og mest kjende kulturminnet, er ørkenbyen Petra. Den er eitt av verdas 7 underverk og eit ”må” for alle som reiser til Jordan. Det er ein by frå ca 2 000 år f. Kr. og den er hoggen inn i sandsteinsfjella. Det var folkeslaget Nabatearane som bygde byen, og den var i drift fram til om lag 100 år e. Kr. Petra var sentralen for aust-vest-transporten av varer (”Kryddervegen” og ”Silkevegen”) og nabatearane levde godt på tenester for alle gjennomreisande og sikkert også ”beskyttelsesavgift”.
Dessverre er området svært utsett for erosjon, og mykje av byen er øydelagt. Øydeleggingane held fram, og dersom ikkje det blir sett inn tiltak (drenering m.m.), vil mykje av kulturminna bli øydelagde for alltid.

Ørkenområdet Wadi Rum
Det nest viktigaste reisemålet er ørkenområdet Wadi Rum. Også dette området var ein sentral gjennomfartsstad for handelen mellom aust og vest. Beduinane i området levde på same måte som nabatearane av å tilby kost og losji for dei reisande. Det spesielle med området er sandsteins-formasjonane som bryt ørkenlandskapet.
Kamelriding i Wadi Rum

Den arabiske revolusjonen
Wadi Rum er også viktig fordi det var her den arabiske revolusjonen starta i 1917. Jordan var ein del av det ottomanske riket og jordanarane var som mange andre leie av tyrkarane. Under første verds¬krig allierte arabarane seg med England og klarte å gjera slutt på det ottomanske styret. Ein sentral figur i den kampen var Lawrence of Arabia, ein engelskmann som hadde budd lenge i Syria og som kunne arabisk og kjende kulturen. Han vart bindeleddet mellom arabarane og engelskmennene og kjempa side om side med arabarane, noko som er dokumentert i David Leans film ”Lawrence of Arabia”. På arabisk side var Sharif Hussein den sentrale mannen. Han hadde fire søner som fekk ansvaret for å kjempa for kvar sin del av området. Abdullah kjempa i Jordan og vart etter frigjeringa konge der (Abdullah I). Det som ikkje låg i avtalen med England var at dei tok over etter tyrkarane. Jordan vart sjølvstendige i 1946.

Guiden Ali viser fram portrettet av Lawrence of Arabia

I seinare tid har kong Hussein vore den mest kjende og den som har hatt størst påverknad på utviklinga i Jordan i nyare tid. Han vart konge i 1953, berre 18 år gammal, då faren, kong Talal, måtte abdisera. Offisielt heitte det at kong Talal var sjuk, men sanninga var at han var for radikal for dei fleste. Han starta innføringa av parlamentarisme og ivra for større demokratiske rettar for folk. Men det vart for mykje, for fort. Kong Hussein døydde i 1999, berre 63 år gammal. Sonen Abdullah II er no konge i Jordan.

Vatn!
Det største problemet i Midt-Austen, og grunnlag for mykje av konfliktane, er mangel på vatn. Jordan har inntil nyleg hatt Jordan-elva som viktigaste vassforsyning, men sidan den er grenseelv mot Israel er forbruket av vatn eit problem. For ti år sidan fann dei store reservar med grunnvatn i Wadi Rum. Dette vatnet forsyner no Aqaba-området og skal etter planen også forsyna Amman. Det er vidare storstilte planar om vatning og dyrking av ørkenområda rundt Wadi Rum.

Jordan har ikkje funne olje, endå dei har lang grense til Saudi-Arabia. Men funn av store mengder drikkevatn er truleg ei større velsigning for Jordan enn funn av olje.

Aqaba og Tala Bay
Når du reiser til Aqaba (eg seier når, ikkje viss) har du i dag valet mellom å bu i Aqaba eller i turistområdet Tala Bay rundt 15 km lenger sør. Sjølv budde eg i Tala Bay og angra ikkje på det. Det er meir som eit omvendt reservat, avstengt for andre enn turistar, men samtidig er det veldig roleg og avslappande og lett å komma seg til og frå Aqaba by.

Og har du bruk for ein taxi-sjåfør, og det har du om du ikkje satsar på leigebil, er Abdulla den du bør kontakta. Han er ein stødig og god sjåfør som snakkar godt engelsk, men som ikkje er overivrig på nokon måte.

Ingen kommentarer: