lørdag 25. august 2012

22. juli og innsyn

Themis - gudinne for lov og orden
Foto: ChvhLR10, Wikipedia.org
I går kom dommen som redda mykje av rettsaka etter 22. juli-katastrofen. Tingrettsdommar Wenche Arntzen viste seg oppgåva vaksen og innfridde der andre i maktapparatet har feila. Alt frå starten av markerte Oslo tingrett seg som det uavhengige organet dei skal vera. Trass i motstand frå makta ba dei om ein ny sakkunnig-rapport etter at den første hadde konkludert med at Breivik var utilrekneleg. Dommen er ein seier for fornuften.

Dei viktige lekkasjane
Men dommen kunne fort vorte ein annan hadde ikkje den første rapporten vorte lekka og publisert i VG. Då kunne folk sjølve vurdera observasjonane av Breivik og konklusjonane til dei to første psykiatrane. Og dei fleste såg fort at her var det mykje som umuleg kunne stemma. Med hjelp frå bistandsadvokatane vart det ein mediestorm mot rapporten og det var nok viktig for å få ei ny vurdering.

Det er i høgste grad grunn til ettertanke at denne dommen i stor grad  er eit resultat av ein lekkasje som ikkje skulle skje. Rapporten skulle ikkje lesast av andre enn dei innvidde.

Innsyn og openheit
Er det noko me må ta med av lærdom etter 22. juli, er det at innsyn og openheit er livsviktig for eit godt fungerande samfunn. Men dei som styrer er ikkje alltid interesserte i full openheit, og særleg media har difor eit stort ansvar i å trengja gjennom uheldig hemmeleghald. Pressa har fått ein god del kritikk etter 22. juli, og mange har spurt kvifor dei ikkje klart å avdekka meir når me såg kva 22. juli-kommisjonen la på bordet i sin rapport. Anders Waage Nilsen er ein av dei som har sett eit kritisk søkjelys på media; i blogginnlegget sitt, som også vart gjenngitt i Bergens Tidende, skriv han at "Pressen må gå ... i seg selv". Men for balansen sin skuld må me også ta med at media gjorde jobben i psykiatri-delen av saka.

Kvinner som stod fram
Der ei rekkje leiarar i staten har svikta, har særleg to kvinner stått fram: Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv og Tingrettsdommar Wenche Elisabeth Arntzen. Dei har sjølvsagt ikkje vore åleine om arbeidet, men hatt med seg dyktige medarbeidarar. Likevel er det dei som har leia arbeidet på kvar sin kant. Det har dei gjort på ein framifrå måte og på mange måtar gjenvunne tilliten til styresmaktene, ein tillit som var i ferd med å  smuldra bort.

Det er fleire likskapar i arbeidet til dei to: 22. juli-kommisjonen slo politiet på deira eiga heimebana og viste korleis god etterforsking skal drivast. Tingretten sette psykiatrien på plass, på deira eiga heimebane. Når ein les korleis dommen punkterer den første psykiatri-rapporten, er det uråd å ikkje tenkja tilbake på dei ansvarlege (påtalemakta særleg) som la ut om kor grundig og omfattande rapporten var. Som eg sjølv skreiv i eit anna blogginnlegg, inspirert av Johnny English: "Den er omfattande, den er grundig - - - den er heilt på jordet!".

For aktoratet og påtalemakta må det vera litt spesielt å sjå korleis dommarane har dissekert den første psykiatrirapporten medan dei sjølve har gått god for den. Dei kunne, og burde, gjort ein like grundig gjennomgang av rapporten som dommarane, men dei var truleg for hemma av den første tilnærminga si til rapporten der dei godtok den utan motførestillingar. Forsvarar Geir Lippestad var i grunnen den som best karakteriserte bristen i den første psykiatrirapporten med det retoriske spørsmålet til Husby og Sørheim i retten: "Det har ikke slått dere at dette kan være en terrorhandling?".

Såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar
Dei to første sakkunnige såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar. Dei vurderte Breivik heilt lausrive frå omgivnadane, såg berre på det som var inne i hovudet hans og kom ut av munnen. Det er positivisme i beste stil! Som psykiater Finn Skårderud framheva i NRK: Psykiatri handlar ikkje berre om det som er inne i hovudet, det handlar også om relasjonar og omgivnaden.

Trass all sin gru har 22. juli-hendinga også vore med å avsløra store svakheiter i samfunnet vårt. Desse har komme fram både ved lekkasjar og ved eit svært grundig kommisjonsarbeid. I begge tilfelle blir det vist at lukka kulturar skaper usunne forhold. Trollet sprekk i sollys..

Ingen kommentarer: