onsdag 21. juli 2010

Smart innovasjon


Få ord er så misbrukte som innovasjon i våre dagar, men om Nicolas Hayek, som nyleg døydde, kan ordet trygt brukast. Han redda så å seia eigenhendig sveitsisk klokkeindustri med Swatch-klokka. Sveitsarane laga klokker som dei hadde gjort i over hundre år og vart tekne på senga av japanarane som masseproduserte kvarts-drivne ur. Hayeks svar var billege ur som i tillegg kunne personaliserast slik at dei passa dei fleste. Design og marknadsføring var dei viktigaste elementa i tillegg til forenkling og billeg produksjon.

Hayek tok Swatch-idéen over til bilindustrien, men møtte sjølvsagt motbør. Ideen om ein tosetars bil ca. 2,5 m lang og med hybrid-drift og kanskje også full-elektrisk etter kvart, var for radikal for bilindustrien midt på 1990-talet. Han gjekk mange rundar med fleire produsentar før han fekk til eit samarbeid med Mercedes og saman etablerte dei Micro Compact Car AG som resulterte i bilen Smart. Men Hayek vart pressa ut av mektige Mercedes og selde til slutt sin del av selskapet til Daimler-Chrysler i 1998.


Mercedes-ingeniørane var mildt sagt lite entusiastiske over å bli fortalt av ein klokkemakar korleis dei skulle laga bilar! Men Hayeks idé har vist seg å vera rett, han var berre litt for tidleg ute. Og sjølv om Mercedes så langt har tapt mykje pengar på Smart, må den likevel seiast å vera ein suksess. Og den er ein viktig plattform for vidare satsing på små bybilar, særleg med tanke på elektrifisering.

Denne innovasjonshistoria har alle dei kjende trekka: ein radikal idé introdusert av ein person utanfor den tradisjonelle sektoren, innovatøren blir til slutt pressa ut og etter nærmare 20 år ser ein teikna til suksess for den opprinnelege idéen.

[bileta er henta frå Wikipedia, Smart-bilen er fotografert av Elijah van der Giessen]

fredag 16. juli 2010

Ny mobil: Samsung Galaxy S


Kort oppsummert
+ Fantastisk skjerm!
+ Android (2.1)
+ Super Google-støtte (Gmail, Google Maps, Gtalk osv.)
+ Trass stor fysisk størrelse er den tynn og lett
+ Trass imponerande spesifikasjonar og ytelse, relativt god batterikapasitet
+ God på multimedia (suveren film-opplevelse)
+ Standard mikro-USB lading og 3,5 mm lydutgang

- Som dei fleste smarttlf. er den klønete på ein del basisting pga. manglande fysiske tastar
- kamera har ikkje fysisk utløysar, ikkje blits
- Talekvalitet berre såvidt ok
- Enkelte ting ikkje tilgjengeleg på norsk ("Swype", vegvisar til kartdelen)
- Saknar piltastar for å flytta markøren, tungvint og unøyaktig med fingrane

Samsung??
Endeleg har eg klart å bestemma meg for ny mobil, og det vart ein Samsung Galaxy S (GT-I9000 for å vera heilt presis). Det var gode omtalar på GSM Arena og Amobil som gjorde utslaget. Eg har aldri tenkt på Samsung som eit alternativ for mobiltlf., har i grunnen ikkje hatt den store trua på dei på dette området. Og kollega Guttorm sine erfaringar med sin Samsung bekrefta mistanken for min del. Men no sit eg altså med ein Samsung i hendene.

Vanskeleg val
Eg har hatt både iPhone 3GS ("iPhone for ein dag") og Sony Ericsson Xperia 10 Mini på prøve, men returnerte begge. Samsung-telefonen er eigentleg ein iPhone-klon, så nokre av grunnane til returen av den held ikkje sidan Samsung-en har akkurat dei same svakheitene (ikkje fysisk  tastatur, vanskeleg å bruka med ei hand..). I forhold til iPhone står eg att med Apple vs. Android og det er for meg eit viktig val. Eg vel heller ein litt dårlegare Android-tlf. enn Apples iPhone fordi eg ikkje ønskjer å støtta den lukka epleverda. Men eg er ikkje sikker på om den er særleg dårlegare enn iPhone, det er ei anna sak.

Suveren skjerm
Som iPhone er det skjermen som bokstaveleg talt lyser opp. Det er ein såkalla Super AMOLED skjerm som både er lyssterk og gjerrig på straum. Oppløysinga på 800 x 400 på 4 tommars skjerm gjer skrift og bilde sylskarpt. Det er rett og slett ein fornøyelse å sjå på denne skjermen, sjølv i fullt dagslys med sol.

Google-telefon
Med Googles Android i botnen er sjølvsagt Galaxy S tett integrert med Google-program. E-post via Gmail går som ein draum utan konfigurering av noko slag. Som grensesnitt over Android har Samsung laga TouchWiz, noko som etter mitt syn er eit vellykka arbeid. Også integrasjonen med pc gjennom programmet Kies fungerer veldig bra [men her må det leggjast til at det er veldig delte meiningar rundt om på ulike forum. Ser ut som mange har problem med å få det til å fungera, og sjølv opplever eg også at programmet/mobilen ikkje alltid klarer å kopla seg saman. Har også problem med tilgang til Samsung Apps der Kies påstår at "this mobile phone is not supported by Samsung Apps"].

Kven passar den for?
Dersom du kunne tenkt deg ein iPhone, men slit med Apples innlåsings- og sensurpolitikk, er dette telefonen for deg. Den gjer alt ein iPhone gjer, og den er attpåtil open.

onsdag 14. juli 2010

VM over for denne gang

Så var VM over for denne gang og det er fire års venting til neste. Det hjelper godt at det er EM om to år. Årets VM har jo vist at dei europeiske laga hevdar seg godt sidan dei tok dei tre første plassane. Det som såg ut til å bli Sør-Amerikas VM, vart til slutt Europas triumf.

Verdig vinnar
VM-finalen såg eg på danskebåten (!) på veg frå København. Teknisk og overføringsmessig var det ein nedtur; grovkorna bilde via videokanon, og med dansk TV2 som ikkje utmerka seg i positiv retning. Her har danskane ein del å læra av vårt eige TV2 som eg synest har hatt veldig bra sendingar under VM.

Heldigvis fekk Spania den forløysande skåringa og vart verdsmeistar på eit spelemål. Nederland skuffa stort og fekk ikkje mange nye tilhengjarar etter denne finalen. Eller kanskje dei ikkje skuffa, eg tykte ikkje Nederland imponerte i dette VM og var heldige som kom heilt til finalen. Under normale omstende hadde Brasil slått dei ut, men sidan dei kollapsa i andre omgang, gjekk det ikkje slik. Nederland vart avslørte på manglande fart og ferdigheiter, som Tyskland. Men i motsetnad til Tyskland svarte Nederland med grove taklingar og stygt spel. Både van Bommel og de Jong skulle vore utviste.

Tida overmoden for endringar
Under VM i 2006 skreiv eg at elektronisk dømming måtte innførast fordi det vart gjort for mange feil offside-avgjerder. Det har gått fire år og ikkje noko har skjedd. Også under dette VM vart det ein god del feil offside-dømming, og det fekk avgjerdande utfall for fleire kampar. Men grovast var sjølvsagt Frank Lampard sitt mål som aldri vart godkjent. Her vil det nok komma endringar, men eg håpar det ikkje blir fleire dommarar, men at fjerdedommar får i oppdrag å avgjera tvilstilfelle på bakgrunn av video. Når eit heilt stadion pluss hundrevis av millionar tv-sjåarar ser at ballen er inne, er det sjølvsagt spinnvilt at dei fire dommarane skal dømma motsett. Det går ikkje i lengda.

Badeball
Jabulani må seiast å vera ein stor skuffelse og må få skulda for langt færre spektakulære skåringar på langskot og frispark enn i tidlegare VM. Nei, finn fram att ballen frå 2006, den er sikkert meir enn god nok. Lag heller nye fargar slik at den kan seljast på nytt.

Pluss for Sør-Afrika
I tillegg til Spania står også Sør-Afrika att som vinnarar. Dei mange problem dei slit med, har dei framleis, men dei har fått vist heile verda ei anna og meir positiv side. Smil, glede, fest (og vuvuzela-bråk..) er det som sit att på netthinna etter denne månaden. Det vil truleg ha stor verdi for landet både som turistland, men også generelt ved at folk flest knyter meir positive ting til landet. Dei vil no bli hugsa som noko meir enn landet med apartheid og mykje aids.

lørdag 3. juli 2010

Don't Cry For You Argentina


Nei, eg feller ingen tårer over Argentinas exit (eller Brasils, for den saks skuld), trass i at eg har hatt dei som favorittar. Det overraska meg ikkje at Tyskland slo Argentina. Med den kontrings-styrken det laget har synt hittil, låg det i korta. Og Argentinas forsvar er heller ikkje egna til å skremma vatnet av motstandarane.

Det gjekk altså som eg tenkte, og halvt frykta. Ei tidleg skåring var sjølvsagt heilt perfekt for Tyskland. Og sjølv om kampen levde heilt til 2-0, var Tyskland likevel aldri direkte trua. Argentina hadde få store sjansar.

Dei gjorde som dei har for vane når dei møter gode lag, og ligg under; fører ballen altfor mykje og har for dårleg breidde i spelet. Det var få innlegg frå kantane, i alle fall med god vinkel, og det vart difor enkelt for Tyskland å forsvara seg. Det gjekk for seint i alle argentinske ledd. Kontrasten var stor til Tyskland, som var raske i angrep.

Om det hadde enda 1-0 eller 4-0 er sjølvsagt eitt feitt for Argentina, difor er det for dumt å høyra kommentatorane etterpå snakka om den overraskande store seieren. Størrelsen på seieren har ingen betydning, og fortel berre at Argentina til slutt ofra alt framover og blotta seg heilt bak. Og mot eit dyktig kontringslag som Tyskland betyr det sjølvsagt mange mål i mot.

I inngangen til sluttspelet har det vorte sagt mykje om Sør-Amerikansk suksess og dominans, men det er mykje som tyder på at det blir 3 europeiske og eitt Sør-Amerikansk lag i seminfinalane (Spania spelar mot Paraguay akkurat no).

Det er altså store sjansar for ein reprise av 1974: Tyskland mot Nederland. Ikkje dårleg det. 

torsdag 1. juli 2010

Italiensk bildesign i trøbbel


Det går ikkje an å skriva om Alfa Romeo utan også å komma inn på italiensk design - dei to tinga høyrer saman. Eg har tidlegare skrive om Italias design-hovudstad Torino, der dei kjende bildesignerane held hus. Men dei tidlegare så stolte design-husa Bertone, Pininfarina og Italdesign (Giugiaro) er i "deep shit". Dei slit alle med øknonomiske problem.

Nyleg kom meldinga at VW har kjøpt mesteparten av aksjane i Giorgetto Giugiaros Italdesign Giugiaro. Det er logisk nok for dei som kjenner bilhistoria si. Giorgetto Giugiaro fekk i oppdrag å utforma den nye Passaten (og Scirocco) tidleg på 70-talet, og desse modellane såg dagens lys i 1973. Dei representerte eit stilskifte som vart vidareført og "ikonifisert" gjennom den nye Golfen som kom i 1975. Den framstår i dag som tidlaus og klassisk. Men heldigvis fekk ikkje Giugiaro viljen sin med rektangulære lykter, fy og fy!

ItalDesign ser dermed ut til å vera redda, gjennom å bli innomhus designbyrå for VW. Dei får sikkert nok å hengja fingrane i der. Verre er det med Bertone og Pininfarina. Bertone har vore under konkursbehandling og Pininfarina slit også økonomisk. Problemet deira er at for å veksa, gjekk dei inn på karosseriproduksjon og nærma seg meir og meir ein tradisjonell bilfabrikk. Dei gjekk frå å konstruera prototypar til å bli karosserifabrikkar. Moralen er difor å halda seg til kjernekompetansen og ikkje falla for freistinga å bli størst muleg.


Tilbake til Alfa Romeo: Bertone har vore designhuset for Alfa. Men interessant nok var det Giorgetto Giugiaro som ga form til Alfa Romeo GT Veloce (GTV) medan han var i lære hos Giuseppe "Nuccio"  Bertone.

Giugiaro har også leika seg med traktorar og lastebilar og det er interessant å sjå kva resultat det kan bli når kvalitetsdesing blir overført til andre område der design tradisjonelt ikkje har hatt nokon stor plass. Traktorar hadde sett ut om lag som dei alltid hadde gjort heilt til Fiat kom med 680/780-serien sin på slutten av 1970-talet. Dei nye traktorane hadde hytte designa av Giugiaro og det skilde dei frå den store hopen [eg må leggja til at eg har prøvt å verifisera dette gjennom søk på nettet, utan hell]: