tirsdag 28. desember 2010

"Innsirkling"


Eg starta med å lesa "Freedom" av Jonathan Frantzen, boka som har fått mest omtale denne hausten. Men eg tykte den var treg å komma i gang med, og med tanke på at boka er på 562 sider (ja, me snakkar om amerikanske romanar..), var eg rett og slett usikker på om eg gadd å lesa alt.

Så kom eg over "Innsirkling" av Carl Frode Tiller. Også det ei mykje omtalt bok, om enn i eit heilt anna perspektiv enn den førstnemnde. I motsetnad til "Freedom" fengja den med ein gong. Og for å konkludera med det same: eg opplevde boka like bra som dei mange gode omtalane den har fått.

Historien i boka er David som har mista hukommelsen, og tre venner av han som ser eit avisoppslag med bilete der dei som kjenner han blir oppfordra om å skriva til han så mykje som muleg for å hjelpa han å rekonstruera historia/livet.

Det er ungdomsvennen Jon, stefaren Arvid og ungdomsvenn/-kjærast Silje som alle skriv om sitt forhold til David. Tittelen "Innsirkling" peikar naturleg nok mot ei innsirkling av personen David, men det er interessant å sjå at det helst er dei som skriv brev til David me blir mest kjende med.

I denne boka er alt som er skrive viktig, det er lite uvesentlege detaljar. Det er ganske dystre historiar dei tre kjem med, og dei kjempar alle sine kampar på ulike område. Konfliktsituasjonane, særleg familie-konfliktar, er skildra på ein nesten skremmande overbevisande måte. Det er så ein grip seg i å tenkja kva i all verda forfattaren har opplevd som gjer at han kan skriva så sterktom slike situasjonar.

Eg tykkjer historien om/frå Jon er den absolutt beste og sterkaste. Det er enkelte ganske treffsikre omtalar i denne delen, mellom anna då Jon besøkjer ein tidlegare kjærast og blir bydd på vin:

Ho tar ut to vinglas eg ikkje har sett før, raudoransje, slanke glas, dameglas, slike som kostar tre hundre korner stykket og er laga av ei middelaldrande kvinnfolk med ein øredobb.
Sitetet er ikkje typisk for boka, men eg tykkjer det er ein ganske presis beskrivelse..

1 kommentar:

Idun sa...

Kuriosa-opplysning: Visste du at han på omslaget (på einaren) bur og jobbar her i fylket? Tilfeldig "offer" for omslagsskaparar.