mandag 17. mai 2010

Kampen om nettlesaren


Opera fekk tvinga gjennom at Windows-brukarar aktivt må velja nettlesar, etter ein dom i EU. Det opnar for endå meir konkurranse for Internet Explorer. Etter lenge å ha dominert marknaden, fekk IE heldigvis konkurranse frå Mozilla (Firefox) for nokre år sidan.

Forakt for standardar slår tilbake
Det var bra og på høg tid; monopolsituasjonar er aldri bra. Det er vel ikkje tilfeldig at det var IE 6 som markerte slutten på Microsoft sitt nesten-monopol. IE 6 er full av problem mykje på grunn av manglande støtte til etablerte standardar. Ironisk nok har den vorte eit stort problem også for Microsoft som no må ri to hestar: både støtte av standardar og sikra bakover-kompatibilitet med IE 6.

Vertikal kontroll
Takka vera web-en sin suksess er nettlesaren etter kvart i ferd med å bli det universelle grensesnittet for interaksjon. For programvare-produsentane blir det viktig å ha kontroll med denne delen av informasjonskjeda. Både Microsoft, Apple og Google ser det og posisjonerer seg med høvesvis IE, Safari og Chrome. Mozilla og Opera er dei uavhengige i denne kampen.

På seg sjølv kjenner ein andre
I mangel på annan empiri får eg sjå på meg sjølv - det er jo det som er forskaren si naudløysing. Eg slutta å bruka IE for 5-6 år sidan, og gjekk då gradvis over til først Opera og sidan Firefox. Eg må medgi at eg har har stor sympati for Opera som eit norsk firma og med teknolog-førebilete som Håkon Wium-Lie m.fl.

Firefox har vore standardlesaren inntil for eit år sidan. Det siste året har Chrome overteke meir og meir og er no den nettlesaren eg brukar mest. Eg har likevel stort sett både Chrome, Firefox og Opera oppe, alle med 5-10 opne faner. Mykje av grunnen til denne vanen, eller uvanen (?), er at eg i mange år har delteke i kvalitetsevalueringane til Norge.no/Difi, og også kval.eval. i reiselivet, og då er det heilt nødvendig å bruka fleire nettlesarar samtidig.

Sterke og svake sider
IE kutta eg ut fordi eg ikkje likte måten IE 6 suverent oversåg standardar og prøvde å setja sine eigne også på etablerte område. Eg likte også betre måten Opera handterte faner på, og etter kvart Firefox på grunn av dei mange nyttige tillegga (extensions). Det siste året har Chrome som sagt vorte den eg brukar mest, mykje fordi Firefox 3.0 hadde mange feil. Opera utmerka seg heile tida negativt ved at nettsider ofte vart presenterte med ein del feil - det er godt muleg det er IE-tilpassing og ikkje Opera sin feil, men likevel eit irritasjonsmoment.

Med 10.5 tok Opera eit stort steg nærmare Chrome og Firefox. Den er lynrask og i tillegg er dei tidlegare problema med nettsider langt sjeldnare. Men framleis er det småting som fungerer betre i Chrome og Firefox enn i Opera. Søk i adressefeltet tek deg direkte til aktuell side i dei to førstnemnde (søk på t.d. 'wikipedia titanic' vil ta deg direkte til aktuell Wikipedia-side) medan Opera presenterer Google-resultatet og slik sett krev eitt klikk meir. Før ver. 10.5 ville den ikkje ein gong ha søk i adressefeltet, utan at ein måtte skriva 'g' først. Bagatellar? Nei, med så intens bruk av nettlesaren er funksjonaliteten veldig viktig, og alle små detaljar blir viktige når dei blir repeterte 100-vis av gonger dagleg.

Framtida
På same tida som nettlesaren blir det universelle grensesnittet og den universelle klienten på pc-en, ser me ein trend på mobil som går i retning av enkelt-applikasjonar (apps) og ikkje bruk av nettlesar. Eg meiner det er ei uheldig utvikling, men forståeleg fordi nettlesar på mobil er noko herk fordi skjermane stort sett blir for små. Eg trur det er rom for store forbetringar når det gjeld nettlesar for mobilmarknaden, og her har Opera eit forsprang. Berre så synd dei blir bundne på hender og føter av Apple når dei endeleg får sleppa til på iPhone-marknaden. Når vil Opera gå til sak mot Apple mot denne klare konkurransevridinga?

2 kommentarer:

Gunnar sa...

Eg meiner du skal kunne lage eit wikipediasøk, slik du nemner, dersom du legg det inn som custom search.

Slik var det i alle fall i tidlegare versjonar. (Har ikkje mogelegheit til å sjekke ut dette, då IT-avdelinga på jobben min meiner det er farleg for meg å ha andre nettlesarar enn IE.)

Svein Ø sa...

Du har sikkert rett, omtalen min av Opera (og dei andre nettlesarane) er frå heilt vanleg bruk utan tilpassing anna enn bruk av diverse tillegg.

Det siste du nemner er vel ganske typisk for større organisasjonar. Hadde det ikkje vore for paranoide it-avd. ville IE hadde mindre enn 50 % av nettlesar-marknaden for lenge sidan.

Når det er sagt, bør eg vel også leggja til at med IE 8 har Microsoft lagt seg i selen for å laga ein betre nettlesar som følgjer etablerte web-standardar.