fredag 26. mars 2010

San Francisco - dag 2: Google Wifi, Apple, Stanford University


Google Wifi, Mountain View
Google held til i den vesle byen Mountain View, ein halvtime sør for San Francisco. Dessverre fekk me ikkje besøka hovudkvarteret til Google, men måtte nøya oss med å møta ein Google-representant i kommune-senteret for Mountain View.

I eit storskala forsøk har Google plassert over 500 trådlause punkt på lysstolpar rundt om i byen. Det dekkjer 80-90 % av byen. Systemet er ope og konstruert som mesh nettverk og det gjer det enkelte å halda på sambandet sjølv om ein bevegar seg frå plass til plass. Farten på nettveket er opp til 3 Mbit/s.

Det er ikkje noko fast brukarstøtte for systemet og det har vore veldig viktig frå starten av. Det er ei nettside ein kan melda problem og i tillegg er det brukarforum der brukarane hjelper kvarandre. Difor kostar det heller ikkje mykje for Google å vedlikehalda dette, det går stort sett i å erstatta trådlauspunkt.

Frå Google si side var det eit ønskje om å eksperimentera med allmenn breibandstilgang og sjå korleis det påverkar folk sine vanar. ”Digital lifeline” – utvida bruksområde utanfor folk sine hus. Difor er ikkje hastigheit heller så viktig, det er først og fremst for å utføra basisoppgåver.

Bruken har auka stadig i dei 4-5 åra nettet har vore tilgjengeleg. I løpet av dei siste 30 dagane har dei knapt 20 000 unike brukarar. Rundt halvparten av husstandane brukar Google Wifi i løpet av ein månad. Har begynt å kopla vassmålarar til det trådlause nettet for å kunna lesa av vassforbruket i husstandar. Skal også utstyra politibilar og brannbilar med trådlaus-tilgang. Også fleire andre kommunale oppgåver der tilsette er rundt om i byen, blir enklare og meir effektive med breibandtilgang.

På spørsmål om det hadde vore ei meir omfattande evaluering av dette forsøket, vikla Google-karen seg inn i personvern-problemstillingar og svarte eigentleg på noko heilt anna. Verka som dei er litt paranoide og ser truslar i alle spørsmål. Spørsmålet mitt var heller omvendt; dette må jo vera eit glimrande storskala-ekseperiment å kunna studera.

Apple, 1 Infinite Loop
Ikkje lov til å ta foto, ikkje lov til å blogga om/frå møtet. Treng vel ikkje seia så mykje meir...
Men for dei frelste var dette himmelen. Nybø-en og Grøtte gjekk rundt med stjerner i augene. Hadde Steve Jobs openbara seg, ville dei falle saman og snakka i tunger!


Stanford University
Ikkje nokon annan institusjon viser betre haldningane og drivet i Silicon Valley enn Stanford. Universitetet er uløyseleg knytt til all IT-utviklinga i området.

Me hadde først eit møte med dr. Andy DiPaolo som fortalde ein del om universitetet og særleg om satsingar på e-læring.

Universitetet er som tidlegare nemnt, kalla opp etter sonen til Leland Stanford, bygt til ære for han av faren ettersom han (sonen) døydde svært ung (14-15 år). Eigedommen er på rundt 8 000 acres, noko som tilsvarer over 30 000 daa (mål).

Ein viktig grunn til at Stanford er mellom dei 5 beste universiteta i USA og verda, er at dei kan velja mellom svært mange godt kvalifiserte søkjarar. Berre ein av 12 søkjarar blir tekne opp.

Universitetet har 6 760 undergraduates og 8 200 grad., til saman ca. 15 000 studentar. Det er lite, både i USA-målestokk og europeisk. Til desse studentaner er det 1 700 fagleg tilsette (faculties). Med andre ord er det relativt få studentar pr. tilsett. Også fordelinga mellom graduates og undergraduates er uvanleg, rundt 1,3:1. Det vanlege er det omvendte, og kanskje endå fleire undergrad. pr. grad.

Dei tilsette blir oppmuntra til å engasjera seg i oppstart av bedrifter og rundt 80 % av dei tilsette har eit slikt engasjement. Det er eit uvanleg høgt tal, sjølv i USA.

Universitet er privat og mottek ikkje ingen offentleg støtte, men alle laboratorium blir eigde og drifta av National Science Foundation så dei slepp å bruka ressursar på det. Dei kan bruka ressursar på å stilla dei viktige spørsmåla, som DiPaolo formulerer det.

Skulepengar (tuition fee) er den viktigaste inntekta, i tillegg til leasing-inntekter frå eigedommen, inntekter frå patentar og anna. Stanford eig t.d. patentar knytt til Googles søkemotor, så kvar gong nokon gjer eit søk med Google, tikkar det inn litt pengar. Så hald fram med å søkja på Google, oppfordra DiPaolo :-)


DiPaolo gjekk gjennom både suksessar og fiaskoar innan e-læring. Det største universitetet på e-læring i USA er Phoenix Univ. Det er eit privat universitet som har satsa aggressivt på e-læring. Men det er også mange nye aktørar utanfor akademia som har satsa på e-læring. DiPaolo meinte at dei tradisjonelle akademiske institusjonane måtte vakna opp og forstå dei nye behova, elles vil dei bli forbigått.

Han meinte elles at e-læring no er vorte mainstream og at det ikkje er noko poeng å gi støtte til etablering av slike kurs.

Også Stanford satsar på e-læring, men sjølv med kurs online er dei fleste studentane lokale.
Stanford har 7 "schools" og fem av dei er mellom dei fem beste i USA.
The School of Engineering represents 1/3 av studentane og om lag 12 % av faga innan engineering på masternivå er tilgjengeleg online.

Stanford hadde tidlegare 5 tv-kanaler der dei sende undervisning på. Dette er erstatta av nettbasert formidling. Men erfaringane med tv-produksjon har vore viktige for å ta det neste steget til nettbasert undervisning.

På see.stanford.edu finn ein 10 gratis kurs i computer science. Så det er berre å klikka seg fram og setja i gang å læra..

Rett utanfor universitetet finn ein Sandhill Road, ei gate fylt med VC-ar (venture capitalist). Hit er det du må dra for å få merksemd og pengar til den glupe ideen din.

Dr. Martha Russel avslutta dagen med å fortelja om Media X ved Stanford og om innovasjon. Martha var ein glimrande formidlar, svært verbal, og det var difor vanskeleg å referera frå denne delen. Ho kjem truleg til Norge i løpet av året og då må alle som er interesserte i innovasjon, og særleg open innovasjon, kjenna si besøkelsestid. Meir info om dette når det blir aktuelt.

Ingen kommentarer: