torsdag 26. februar 2009

Nett-nøytralitet

Dette var eitt av tema som vart tekne opp på seminaret Internet Governance som eg har blogga om tidlegare. I paneldebatten om nettnøytralitet var det ikkje same, rørande einigheit som kan lesast om hjå Forbrukerrådet. Men det er uansett positivt at Post- og teletilsynet har gripe tak i dette og komme med retningslinjer som bransjen ser ut til å slutta seg til. (Biletet er henta frå www.bbc.co.uk)

Så får det heller vera at "alle pakkar er like, men nokre er likare enn andre" framleis ser ut til å gjelda.

Eg skreiv i bloggen om Internet Governance at eg skulle komma tilbake til begrepet Walled Garden, eit sentralt begrep i diskusjonen om nettnøytralitet. Walled Garden er som namnet seier ein innhegning. Dersom ein ISP let ein innhaldsleverandør plassera serveren sin hos seg og gir kundane sine spesielt god tilgang til denne, og andre liten eller ingen, er det ein walled garden. Men då er det etter definisjonen heller inga internett-teneste, berre ei ISP-teneste for spesielt utvalde. Også Apples iPhone må kunna karaktereriserast som Walled Garden, og berre ved "jail-breaking" er det muleg å fjerna inngjerdinga.

onsdag 25. februar 2009

(G)IKT

Dagens IT tek opp spørsmål om "IKT" bør døy. Svaret mitt er JA. Eg har aldri likt denne forkortinga, har mykje meir sans for IT og forstod aldri vitsen med å leggja til K-en. Det er på ein måte opplagt at IT også må romma kommunikasjon, det bør vera unødvendig å fortelja det i klartekst. Det blir omtrent som å innføra ordet "telefonkommunikasjon".

Eirik Solheim i NRKbeta meiner støvskya står av uttrykket, og har aldri høyrt ungdom ta det i sin munn. Torbjørg Breivik i Språkrådet meiner på den andre sida at uttrykket er presist, om enn noko teknisk.

IT avløyste det gamle, gode EDB. ADB blir også trekt fram som eit tidstypisk uttrykk av Torbjørg Breivik, men eg trur aldri det uttrykket festa seg. Det var eit byråkrat-forsøk som aldri fekk skikkeleg fotfeste.

Kva skal så barnet heita? Per Morten Hoff i IKT-Norge (!) vil gjerne gi bort god raudvin til den som kjem opp med eit betre uttrykk, sjølv om det indirekte også rammar bransjeorganisasjonen hans. Eg prøver å bruka IT så godt eg kan, det er i alle fall litt betre enn IKT.

fredag 20. februar 2009

Digital kulturformidling, dag 2

ABM-samlinga Digital kulturformidling i Førde held fram med dag 2.

Kulturminneåret 2009, Bjarnhild Samland, Fylkesarkivet
Det er 12 år sidan siste kulturminneår, og då var satsinga i Sogn og Fjordane Kulturhistorisk leksikon, eit arbeid som har fått mykje å seia i ettertid.

Det er Miljøverndep. og Kultur- og kyrkjedep. som styrer dette og har gitt ABM i oppdrag å setja arbeidet ut i praksis. Informasjon sentralt finst på www.kulturminneaaret2009.no.
Temaet er dagleglivets kulturminne, og Mosselukta er vel det som kanskje eksemplifiserer dette best. Det er eit forslag til kulturminne som har skapt ein del diskusjon.

Det er også eit uttrykk for at terskelen for kulturminne er låg, det er få avgrensingar og "alt" og "alle" er inkluderte. Også immatrielle kulturminne (dans, musikk osv.) er viktige.

Det er eit mål at kulturminna skal få varig verdi. Folk i fylket skal engasjerast til å delta i utveljing av kulturminne.

Digitalt fortalt er ei av satsingane i Kulturminneåret 2009. Det er ei teneste for å synleggjera spesielt interessante og relevante kulturformidlingar. Bjarnhild viser ei eigenprodusert video om Sognefjorden Challenge (fjordsymjing) kombinert med historia om strekking av straumkablar over Sognefjorden for mange tiår sidan. Artig video - sjekk den!

Folkets kulturminneløyper: Tilrettelagt for at folk flest skal kunna leggja inn kulturminne og kartfesta desse.

Sats på fotobevaring! Elin Østvik, Fylkesarkivet
Fylkesarkivet har arbeida systematisk med fotobevaring sidan 1986.
Den første søkbare fotbasen på nett kom i 1995.
I 2004 vart det teke i bruk nettbasert fotoregistrering.

Samla sett er 30 % av fotomaterialet til Fylkesarkivet digitalisert. Men negativsamlingar etter porofesjonelle fotografar ligg lagra på magasina og er ikkje digitaliserte. Ein stor del av samlinga (ca. 30 %) er utan informasjon, eller berre med eit minimum av informasjon.

Offentleg tilgang til fotomaterialet er sterkt avgrensa sidan digitaliseringsgraden er så låg.
Innlånt materiale er digitalisert i langt større grad enn deponert materiale.

Rapporten "Eksponert - Kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane" tek opp alt dette og kan tilrådast. Sjølvsagt mange flotte foto.

Spørsmål: Korleis kan arbeidet med fotobevaring og særleg digitalisering prioriterast høgre?
Det er utfordringar knytt til institusjonar utanfor fylket ("me er framleis eit lydrike under Bergen")
Teknisk kvalitet på ein del av det digitaliserte materialet er for dårleg og arbeidet må gjerast på nytt.
Mange spørsmål og stor interesse for dette temaet - tydeleg at dette er eit område som opptek mange. Det er også det området som publikum viser størst interesse for.

Kulturhistorisk leksikon og Digitalt fortalt i Møre og Romsdal, Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal
Byggjer på Kulturhistorisk leksikon frå Sogn og Fjordane og har som målsetjing å bli like bra! Hadde ein trang start, men fekk etter kvart arbeidet i gang og med Digitalt fortalt frå ABM-utvikling vart det skikkeleg fart. Har hatt ei rekkje kurs med ABM-institusjonane og seinare ulike sogelag og det har skapt engasjement og artiklane har komme.

Grunnen til at arbeidet skaut fart etter Digitalt fortalt er den desentrale modellen med ein ansvarleg ved kvar institusjon rundt om. Det er enkelt å leggja inn informasjon. Informasjonen blir søkbar på tvers av alle fylke og det er enkelt å knyta informasjonen opp mot eigne nettstader.

Problemstillingar: Skal dei halda fram med å bruka DF eller skal dei bruka Kulturhistorisk leksikon? Kva med trafikk til eigne nettstader når dei brukar DF? Den går sjølvsagt ned. Trafikktal viser elles at det er kommunane og avisene som er dei viktigaste inngangane. Sjølv er Jan Aakvik klar på at trafikktal på eigne nettsider ikkje er viktig, men å gi publikum lett tilgang til informasjon uansett kor den er.

Creative Commons, Heather Broomfield, Innovasjon Norge
Heather er IP-rådgivar i Innovasjon Norge (Intellectual Property), og ho er eks-kollega sidan ho jobba ved Vestlandsforsking før Innovasjon Norge.

Gjenbruk av offentleg informasjon er viktig:
- utdanning
- tilgang for folk flest
- stimulering til innovasjon og nyskaping

Tradisjonell opphavsrett (copyright) gir eksklusive rettar og lisensiering er dermed vanskeleg. Det er ein slags "all or nothing at all". Lisensar blir dermed ofte lange, kronglete og nokså uforståelege.

Med web 2.0 og dagens utvikling på nettet passar ikkje det tradisjonelle opphavsrettsregimet. Larry Lessig var inspirert av GNU Public License og såg at det var behov for noko midt mellom tradisjonell opphavsrett og GPL.

Creative Commons er eit sett med 6 ulike lisenstypar. Norsk utgåve av CC ver. 3.0 vart klar sommaren 2008.

Det er framleis ein del vanskelege spørsmål: Kva med informasjon som ein ikkje har full eigarskap til? Det vil jo ofte vera tilfelle for Fylkesarkivet o.l. institusjonar.

Heather legg til etterpå:
Maybe put in something that because CC is easy to use and people can understand the licences. When new content is contributed to libraries, archives, museums etc. contributers should be encouraged to use CC licences. This is beneficial for all parties - first the contributer knows what rights they are in fact giving the receiver and the receiver knows exactly what they can do with their work. A content management system!

Levande kulturformidling på nett og mobil, Rune Vindenes, Gaia Studio
Formidlar kultur og opplevingar med levande bilete.
Med TV Askøy prøver dei å laga ein eigen tv-kanal i eit lokalsamfunn. Dei brukar verktøy som er fritt tilgjengelege på nettet, m.a. Flash-basert avspelar.

Har også laga fleire videoinnslag med basis frå Sogn og Fjordane.
Er i gang med utprøving av video for mobiltlf.-marknaden i samarbeid med Netcom.
Leverer også videoløysing med GPS-styring for automatisk guiding på turistbussar (minner veldig om "På veg", men er ikkje like mykje sanntid som den løysinga).

ABM-søknader for 2009
Presentasjon av ulike prosjektsøknader til ABM-utvikling.
Av spesiell interesse er Sogn folkemuseum/Reiselivsmuseet sitt prosjekt med reiselivshistorie digitalt fortalt. Det er eit prosjekt som skal gjera ABM-informasjon om reiselivet tilgjengeleg for reiselivssektoren. Idemessig ligg det tett opp til filosofien i EuropeanaLocal.

Planar for Kulturnett Sogn og Fjordane, Øystein Åsnes, ABM Sogn og Fjordane
Teknisk sett er nytt samsøk og nytt publiseringsverktøy planlagt. Verktøy er ikkje bestemt, men det må ha støtte for sosiale teknologiar, rss, web services og tilgjengelegheit (WAI).

Samsøk 3:
. søkemotorvennlege URL-ar
- skal bli enklare å djuplenka
- meir fleksibel skalering
- erstatta enkelt søk i kvar database
- muleg å kommentera innhaldet

Nytt og aktuelt - skal det vera like synleg og ta like stor plass?
"Kultur"-nett eller "ABM"-nett?
Meir fokus på tenester?

Spørsmål:
Er det samsøk når ikkje alt er søkbart? Får t.d. ikkje informasjon frå folkebiblioteka.
Korleis møta dei stigande forventningane blant folk flest? Det blir vanskeleg å gøyma seg bak forklaringar om manglande ressursar og høge krav til kvalitet før ting blir lagt ut på nettet. I stadig større grad vil tradisjonelle autoritetar, som ABM-sektoren, bli utfordra.

Musea ligg litt etter A-en og B-en i ABM. Trur det er musea sjølve som må ta ansvaret for det, fordi det digitale arbeidet har vorte nedprioritert til fordel for tradisjonelt museumsarbeid.

torsdag 19. februar 2009

ABM-samling Sogn og Fjordane

ABM er ei noko kryptisk forkorting for Arkiv, Bibliotek og Museum - det me kanskje kan kalla den offentlege kultursektoren. ABM Sogn og Fjordane er samla i Førde i dag (19.2) og i morgon. Eg er invitert til å snakka om web 2.0. Presentasjonen min finn du her på SlideShare.

Elles vil eg prøva å formidla undervegs frå samlinga.

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, opna samlinga med å referera til den enorme utviklinga på nettet og dei utfordringar det skaper for ein sektor som ABM. Dei mange tenestene skaper store forventningar hjå brukarane og dei forventar det same av tenester som bli levert av t.d. ABM-sektoren.

ABM-koordinator for Sogn og Fjordane, Øystein Åsnes, ynskte velkommen som initiativtakar til samlinga. Han viste eksempel på ein del av dei nye tenestene som er under utvikling og som gjer bruk av det digitale kulturgrunnlaget i fylket. Mange av tenestene gjer bruk av nye web 2.0-tankar og -metodar og involverer brukarane på ein langt meir aktiv måte enn tidlegare.

Eit viktig poeng er at ein og same kulturartikkel kan presenterast på mange måtar og i mange ulike tenester, både tenester frå ABM og andre. Korleis ivareta kontrollen over informasjonen? Korleis handtera opphavsrett i ei ny, digital verd? Dette er berre eit par av dei mange spørsmåla som dukkar opp i arbeidet med nye tenester.

Biblioteket som digital læringsarena (Fylkesbiblioteksjef Gunhild Aalstad, Oppland)
Korleis kan biblioteka bidra til å styrka den digitale kompetansen og minka skilnaden mellom dei mange som er utanfor nettsamfunnet og dei som er ein del av dette. Biblioteka kan vera ein ressurs på dette området.

Har bygt ein bibliotekinngang - Bibliotekportalen Oppland - til alle bibliotek i fylket. Fleire prosjekt, både tidlegare og noverande, som tek opp biblioteket som læringsarena. Har samarbeida mykje med VOX.

I opplæringa samarbeider dei m.a. med bankane for å læra brukarane nettbank i tillegg til tradisjonelle informasjonskjelder for ABM.

Her er ei av tilbakemeldingane frå fornøyde kursdeltakarar:
"Jeg fant meg selv på internett! På ei resultatliste fra et billøp jeg deltok på i 1964!"

Knappe 1 000 personar har delteke sidan oktober 2007. Har fått vist at det er eit stort behov og at biblioteka passar godt til å ta denne rolla. Dette har dei gjort utan ekstra ressursar.

Har vidareført erfaringane inn i eit EU-prosjekt gjennom SIU (Senter for internasjonalisering av høyere utdanning). Gode erfaringar med bruk av SIU. Har vore klare på at slik deltaking skal gi ein meirverdi til noko dei alt arbeider med.

Framover vil dei prøva å nå andre brukargrupper, særleg personar med annan kulturbakgrunn. Dei har også nye EU-søknader på gang.

Biblioteket som kulturelle møteplassar, Agust Magnusson, fylkesbibliotekar i Sogn og Fj. Erfaringar frå eit folkebibliotek i Kvinnherad, der han arbeida tidlegare. Då han starta å arbeida i folkebiblioteket, hadde kommunen 26 skular og 13 bibliotek! Store avstandar og grisgrendt folkesetjing gjorde at det vart innført ein biblioteksbuss, noko som saman med utvida opningstider auka utlånsprosenten med over 100.

Har etablert Kvinnherad folkebibliotek på Facebook og har m.a. bilete frå ei utstilling om islandsk kunst.

Europeana roadmap and satellite projects, Lizzy Komen, EDL Foundation
Europeana.eu lansert i desember 08 og den tryna umiddelbart! Etter ein månads restrukturering og oppretting, vart den forsiktig relansert og utstyrt med ein "beta"-merkelapp.

Europeana.eu er den synlege delen av European Digital Library, og den er ein paraply over mange prosjekt som samla bidreg til å byggja innhaldet i vevtenesta. I løpet av 2010 skal Europeana gi tilgang til minst 10 mill. digitale objekt, samla frå alle EU-land (inkl. EØS). Den skal mellom anna støtta fleirspråklege søk.

Det er mange interessante ting ved Europeana.eu, m.a. er tidslinja (timeline) interessant visuelt. Tenk om denne basen kunna vore løfta semantisk i tillegg, og kopla med andre kjelder utanfor ABM-sektoren! Me arbeider med Fylkesarkivet for å få til dette i SeSam4-prosjektet.

EuropeanaLocal og nasjonale utviklingstrekk, Gunnar Urtegaard, avd.dir. for Digitalt ABM, ABM-utvikling
Sjeldan har det vore slikt fokus på sektoren, det kan gå lenge til sektoren dei opplever tilsvarande interesse (dei har fått sine 15 min. i spotlight'en). Det kjem ikkje mindre enn 3 stortingsmeldingar på området i løpet av 2009.

Sleppa data fri!
Sleppa brukarane til!
Samla gir det meirverdi.

Infrastruktur er gitt høg prioritet. Institusjonane må få betre verktøy, data må samlast i nasjonale fellesløysingar.
Digitalt fortalt er eit innhaldsprosjekt som har fått mykje merksemd og der det er sett av ein del midlar.

Brukarane har tenkt ABM samla sett heile tida, det er berre interne hindringar som har gjort at det ikkje er muleg å presentera det slik. Men det må vera målet.

EuropeanaLocal blir eit viktig verktøy for å realisera dette. Sogn og Fjordane er den lokale norske partnaren i prosjektet og skal visa veg for andre fylke etter kvart. Mykje av strategien for ABM-utvikling vil vera basert på utviklinga i Europeana sentralt. Kanskje må ein opp på europeisk nivå for å klara å samla kjeldene på nasjonalt nivå? I alle fall har ein ikkje klart dette nasjonalt sjølv om ambisjonane har vore der heile tida.

Det handlar om innhald, innhald og atter innhald.

EuropeanaLocal, Elin Østvik, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Potensielt kan Fylkesarkivet levera inntil 20 mill. digitale objekt til Europeana.
Prosjektet går frå juni 2008 til mai 2011. Totalbudsjett 4,3 mill. euro og det er 32 partnarar frå 27 land. Fylkesarkivet i Sogn og Fj. har ei sentral rolle i prosjektet og er økonomisk koordinator. Avinet er teknisk hovudpartnar.

Hovudoppgåver i prosjektet:
1. Etablera ein Europeana-vennleg infrastruktur (data skal kunna haustast av Open Archives Initiatives Protocol for Metadata Harvesting (OAI-PMH))

2. Jobba for fornuftige oppsamlingsnivå for metadata

3. Oppfordra til digitalisering

4. Eit ABM-perspektiv på prosjektarbeidet

Det ser ut som ein må gå vegen om Haag (europeana.eu) for å klara å samla kultur-Norge digitalt!

Spørsmål: Kan EuropeanaLocal tilby eit enkelt grensesnitt for registrering frå andre enn dei "godkjende" databasane?
Digitalisering er ei av hovudoppgåvene, men det er tenkt lagt til ein sentral institusjon og ikkje distribuert.
Fridtjof Urdahl: Er det nødvendigvis slik at til meir digitalisert tilgjengeleg til betre? Er det ting som bør fredast for digitalisering?
Må kunna tora å visa fram ting på nettet som ikkje nødvendigvis er ferdig, samtidig som det må gjerast på ein attraktiv måte.
Det ligg store utfordringar på det juridiske og opphavsrettslege området.

Regionale kulturnett som formidlarar av digital kulturhistorie, Kristin Bolgård, ABM-utvikling
Kven kjenner til Kulturnett og kor mange brukar det? Mange kjenner det, men ikkje så mange brukar det.
Kulturnett i 13 fylke til no. Samarbeid med andre informasjonsleverandørar (Phonofile, KIK, andre).
Kulturnett er basert på emnekart-teknologi som gjer det muleg å knyta saman informasjon på ein måte som gir brukaren ekstra opplysningar.

Digitalt fortalt er ABM-utvikling sitt bidrag til kulturminneåret. Tenesta vart opna av Trond Giske i Trondheim for 14 dagar sidan. Mykje av innhaldet er henta frå eksisterande databasar, men det er opna for kommentarar og bidrag frå publikum.

Viser historia "Bobby is in town" (video) som kan finnast på Digitalt fortalt.
Kartet som viser kor historiane stammar frå, er som ei haglskur plassert i Sogn og Fjordane. Nesten alle data er frå fylket vårt. Men no kjem dei andre fylka etter.

Eigen kommentar til Kulturnett: Det er ei teneste som sårt treng oppdatering. Den er også eit godt eksempel på at det er utfordrande å vera tidleg ute. Kulturnett var ei av dei første tenestene basert på emnekart, og tilbodet av verktøy som støtta teknologien var avgrensa. Det har gjort arbeidet med portalen tungt og med mykje ad hoc-preg.

Frå vikinggrav til verdsveven, Marit Anita Skrede, Fylkesarkivet i Sogn og Fj.
Portalen www.sfj.no/arkeologi viser arbeidet som er gjort med dokumentasjon av gammal busetnad. Arbeidet er gjort i samarbeid med Årdal kommune og viser eldre busetnad frå steinalderen i eit område kalla Ytre Moa.

Digital kulturformidling til - og samarbeid med skuleverket, Bjarnhild Samland, ABM Sogn og Fj.
Samarbeid med skuleverket gjennom den kulturelle skulesekken og gjennom det knyta opp arkiv, bibliotek og museum. Skulestova.no er samlingstenesta på nettet; den er ein syntese av Kulturnettet og den kulturelle skulesekken.
Geoatlas er eit viktig verktøy for elevane å knyta opp ressursar til eit kartbasert grensesnitt. (Men som eg har kommentert på VF-bloggen: Brukargrensesnittet er håplaust gammaldags. Google Maps har køyrt over slike løysingar på ein brutal måte!).

onsdag 18. februar 2009

Solberg og Mills i Nordfjord

Underteikna, som Solberg, og kartlesaren min, Nils Arne Hove, som Mills, var på tur i Nordfjord i går. Me skulle til ei samling med Nordfjord-kommunane i Hornindal. Då me såg eit skilt med "Volda 8 km" ana me uråd, og ein tlf. til Jarle Tvinnereim stadfesta mistanken: Me var på feil kurs og det var berre å snu.

Me kom fram 45 min. etter møtet starta, og sidan dette kjem ut uansett, kan me like godt fortelja det sjølve. Som gode kollegaer skulda me på kvarandre då me kom fram..

Men møtet vart bra, det.

mandag 9. februar 2009

Web-statistikk

Har skrive på Vestforsk-bloggen om web-statistikk og bruken av vestforsk.no i 2008.

torsdag 5. februar 2009

Bloggens makt

Dagbladet har ein interessant historie om det famøse forslaget til innstramming av straffelova for religiøse ytringar, som kompensasjon for bortfallet av blasfemiparagrafen. Her trakka Senterpartiet skikkeleg uti, eg må ope innrømma at eg skjemmest over å ha stått på kommunelista til partiet. Forslaget var ikkje berre hårreisande dårleg, det var direkte farleg og eit stygt angrep på ytringsfridommen.

I følgje DB var det bloggarane som tok saka og skapte debatt, ikkje avisene og det tradisjonelle media. Eg trur distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane har heilt rett: Han sa på web 2.0-seminar for to dagar sidan at aldri har tida vore betre for nye media (web 2.0++) å utfordra det gamle. Han sikta til lokale forhold, men eg trur dette gjeld i endå større grad på nasjonalt plan. Det er vel berre å sjå på opplagstala for avisene..