onsdag 18. februar 2009

Solberg og Mills i Nordfjord

Underteikna, som Solberg, og kartlesaren min, Nils Arne Hove, som Mills, var på tur i Nordfjord i går. Me skulle til ei samling med Nordfjord-kommunane i Hornindal. Då me såg eit skilt med "Volda 8 km" ana me uråd, og ein tlf. til Jarle Tvinnereim stadfesta mistanken: Me var på feil kurs og det var berre å snu.

Me kom fram 45 min. etter møtet starta, og sidan dette kjem ut uansett, kan me like godt fortelja det sjølve. Som gode kollegaer skulda me på kvarandre då me kom fram..

Men møtet vart bra, det.

2 kommentarer:

agnes sa...

neiogneiognei, her må det interopplæring i heimkunnskap til...

Svein Ø sa...

Ja, flaut er ordet. Men sanninga, og posten, må fram. Reknar med at dette ville komme fram likevel, og då kan me bruka NRKbeta-doktrinen: "Ver den beste tilbydaren av eigen informasjon" - det er einaste måten å ha kontroll i den nye medie-verda.