fredag 7. november 2008

Riksteateret og Olav H. Hauge

Riksteateret synte onsdag framsyninga Kom ikkje med heile sanningi, basert på Olav H. Hauge. Det kunne dei gjerne spart seg for, etter mitt syn. For meg vart teaterstykket heilbom. Eg fekk ei kjensle av "Bør Børson møter Olav H. Hauge" - til tider ein lettbeint musikal-liknande sak så langt frå Hauge som det vel er muleg å komma.

Det var mange problem med oppsetjinga, det verka for meg som regissøren ikkje kan ha kjendt særleg til Olav H. Hauge og livet hans, heller ikkje skodespelarane. Personen som hadde rolla som Hauge sjølv for med svære fakter og brautande stemme - diametralt motsett av den lågmælte Hauge. Og bipersonen, ei lita lerke som kvitra og song. Hjelpe meg! Og felles for dei to var den ekstreme teater-nynorsken, noko som blir heilt feil for ein diktar som heldt seg nær (Ulvik-)dialekten.

Det er synd at ikkje Riksteateret kan komma med noko betre. På Vossajazz 2006 las Hildegunn Riise dikt av Olav H. Hauge og bitar av dagbøkene hans i oppsetjinga Under stjernone. Det gjorde ho til tonar av Per Jørgensen (trompet) og medmusikarar. Det var ei fantastisk oppleving, i det minste for meg. Kvifor kunne ikkje Riksteateret teke denne førestillinga rundt om i landet?

(biletet er henta frå www.ht08.no - ei samleside for 100-årsjubileet til Hauge og Geirr Tveitt)

2 kommentarer:

Guttorm Flatabø sa...

Eg var på same framføringa, og sat at med mykje det same inntrykket.

Nedturen var kanskje endå større for meg sidan eg før i haust såg Henrik Mestad og Trygve Seim med "Ein tanke slo meg her om dagen" på Ulvik Poesifestival - Olav H. Hauge-dagane.

Også Mestad si framføring brukar dagboka og dikta til Hauge aktivt, og Seim bidreg med musikk, ja Mestad er også austlending.

Trass likskap, var opplevinga motsett av det Riksteateret etterlet. Henrik Mestad imponerte med god dialektuttale (han har visst aner frå Hardanger) og eg tykte eg sat att med mykje betre innsikt i Hauge sitt liv og bakgrunnen for diktinga. Mestad var nok til tider litt for voldsom og intens, men dette bidrog truleg til å halda meg vaken (eg søv som regel godt føre sena).

Saman med dokumentarfilmen om Hauge og Jan O. Fretland sitt føredrag vart festivalbesøket svært vellukka.

Svein Ø sa...

Der skulle eg gjerne ha vore...