onsdag 29. oktober 2008

Bruktbil på Island?

Island er i "deep shit" og må selja unna. Den eines død er ofte den andres brød, og bruktbilar i dyrare prisklassar er til sals i stort tal på Sagaøya. Eit søk på Bilasolur, Islands svar på Finn.no, viser f.eks. eit 20-tals Audi Q7 til sals - eit SUV-monster og børstraktor-ikon. På Finn.no er det om lag like mange, men Norge har 15 ganger så mange innbyggjarar som Island.

Å lesa islandske bilannonsar er kjekt for ein sogning. Her er eit eksempel på ein Audi R8 som du kan kjøpa:

4200cc slagrymi
8 strokkar
420 hestøfl
2 manna
2 dyra (???)
Beinskipting, 6 gira
Sidrif (?)
4 sumardekk

Heilt unødvendig i skulla oversetja dette til norsk, bortsett frå eit par ting, og det med to dyr skjønte ikkje heilt...

Best likte eg forresten ""hiti i sætum" - det er nesten kav sognamaol!

2 kommentarer:

Anonym sa...

2 dyra = 2 dører

Følge ordboka på nett. Kva vert då dørklokke på islandsk?

dyraballa - doorbell kilde
http://www.dicts.info/dictionary.php?l1=English&l2=Icelandic&word=door&rad=begin

is

Svein Ø sa...

Takk for den oppklaringa. Det burde eg jo tenkt meg. Det er forresten slik dei seier det i Vik..